Info. og program Seljecup 2019

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Jun 2019

Innsjekking ved blått klubbhus/klatrepark ved stadion. Laga henvender seg i innsjekkinga ved ankomst og får utlevert div. info. og programhefte. Overnattande lag med C-kort blir tilvist/vert følgde til overnattingsstad.

Nedanfor er utdrag frå Seljecup 2019 programhefte:

Cup-program 

 Fredag 14.juni

frå kl. 16.00                Mottaking/registrering av lag

kl.18.00-20.30            Klasse: J15/16/17. Premieutdeling

kl. 20.00-ca.22.30       Kveldsmat i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

 Laurdag 15. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

frå kl. 8.00                  Mottaking/registrering av lag

kl. 8.00-20.30             Klasse: G10, G11, G12, G13/14, J10, J11, J12,  J13/14 

Frå ca. 12.00               Trikseshow v/Adrian Krog og sal av trikseballar laurdag og søndag

kl.12.00-15.00            Lunch i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

kl. 16.00-ca.20.00       Grillselskap. Servering av ulike typar grillmat. Middag for overnattande lag med C-kort. 

frå ca. kl.16.00            ”Scenen er din”. Spelarar og andre kan opptre med song/karoke.  

kl.20.00-21.30            Gratis konsert i parken med mange artistar. Arr: Stad2020 i samarbeid med Seljecup. 

ca.20.30-23.30            Cup-diskotek og karoke m/DJ i Selje Samfunnshus og i kafeteltet. 

                                   Aldersgrense 10-16 år. Gratis for alle cupdeltakarar med C-kort. Billett andre: kr. 50,-    

Søndag 16. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort. Adgang til å smørje                                                     lunchpakke.

kl. 8.00-14.00             Klasse: G10, G11, G12, G13/14, J10, J11, J12, J13/14. Premieutdeling. 

kl. 13.00-ca.17.00       Grillselskap. Servering av ulike typar grillmat. 


”Kongleriket” miniputt-turnering frå kl.14.00-18.10:

frå kl. 13.00                Mottaking/registrering av lag i miniklasser.

kl.14.00-18.10            ”Kongleriket” miniputt-turnering på 14 baner. Klasse: G6, G7, G8, G9, J6, J7, J8, J9. 

                                   Fokus på frukt/grønt/sunn idrettsmat. 

           

Aktivitetar/program på Seljecup 2019:  Trikseshow v/Adrian Krog og sal av trikseballar. Hoppeslott. Klatrepark v/stadion. Grillselskap laurdag og søndag ettermiddag. Trekning av gåvepremiar.  ”Scenen er din”. Cupdiskotek/karoke. Jubileumskonsert i parken laurdag kveld kl.20.00.

Serveringstilbod på Seljecup: Kiosk v/tribuna – Kafetelt - Pommes-frites telt - Frukttelt -Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag 

Sal av sport- og fritidsutstyr alle dagane: 

Selje Sport&Fritid: Saucony-sal på cupområdet



Kampoppsett Seljecup 2019, 14.-16.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Jun 2019

Velkommen til Seljecup 2019 og 25-årsjubileum!

Det har vore rekordstor påmelding i år, og det er dessverre mange lag som ikkje har fått plass pga. sprengt overnattingskapasitet og/eller kampavvikling. Det deltek nær 160 lag på årets cup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 14.-16.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er svært mange omsyn å ta, og eit tettpakka kampprogram både laurdag og søndag. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2019, trykk på linken under:

10-14år: Kampoppsett for laurdag kl.8.00-20.30 og søndag kl.8.00-14.00.  Revidert pr. 13.06/ Utlagt 02.06.

15-17år: Kampoppsett for fredag 18.00-20.30. Utlagt 02.06.

6-9år: Kampoppsett "Kongleriket" for søndag 14.00/14.30-17.40/18.10. Utlagt 08.06.


https://www.profixio.com/matches/seljecup-2019


10-17år:  Kampoppsett er utlagt pr. 02.06, trykk på linken ovanfor.

G10, G11, G12, J10, J11, J12: spelar laurdag og søndag (minus klasse J12). Lokale lag spelar berre laurdag.  

G13/14:  spelar serie på laurdag, A-/B-sluttspel søndag.

J13/14: spelar serie på laurdag og søndag, avslutning med finale/bronsefinale søndag.

J15/16/17: spelar serie på fredag kveld med start kl.18.00.


Miniklasser 6-9 år: Kampoppsett er utlagt pr. 08.06, trykk på linken ovanfor.

Kongleriket-turnering søndag 16.juni. 77 lag er påmeldt. Kampane blir spelt i tida frå kl.14.00-17.40 for 6-7år, 14.30-18.10 for 8-9år.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane 1-6 (kunstgras skulen). Kamptid 2x7min. Ny kamp startar kvart 20.min.

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Bane 7-14 (kunstgras stadion). Kamptid 2x10min. Ny kamp startar kvart 25.min.

mvh 

Seljecup 2019

Atle Solheim

mail: seljeil@online.no 

(tlf. 992 47 687)



Elite Selje: 7.trening SØNDAG 23.juni kl 12.00-14.00. Invitasjon jenter/gutar (f.2003-2006) vår -19

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Apr 2019

Det er framleis råd å melde seg på Elite vår-19, også etter oppstart lørdag 04.05.                               

Marko er klar for Elite i 2019 for gutar/jenter f.2003-2006. Info. trykk på linken under. 

Oppstart 4.mai. Påmelding innan 2.mai.


INVITASJON TIL ELITE SELJE vår-19.pdf



16.mai kl.19.00: 5.div. Selje-Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Apr 2019

Selje IL ynskjer alle velkommen til lokaloppgjør 16.mai kl.19.00 når Selje og Skavøypoll møtest til kamp i 5.div. Ta turen og bli med og skap god stemning. Kiosk, kamplotteri m.m. Vel møtt!




Umbro-klubbkveld Selje IL onsdag 13.mars, kl.17-20

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Mar 2019

Det blir klubbkveld onsdag 13.mars kl.17.00-20.00 på klubbhuset. Då vil det bli presentasjon, prøving, bestilling frå den nye Umbro-kolleksjonen gjennom vår forhandlar Nabben Pryd&Mote. Velkommen!   



Levert av IdrettenOnline