26.12: Rakettsalg i klubbhuset

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Des 2010

Selje IL har også i år rakett-salg i klubbhuset v/stadion. Åpningstider: mandag/tysdag/onsdag/torsdag kl.12-18, fredag 10-14. Kjempeutvalg! Lave prisar! Støtt klubben sitt gode arbeid!


22.12: RIBBETRIM 2.juledag kl.14.00

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2010

Selje IL v/Mosjonsgruppa arrangerer også i år Ribbetrim: 2.juledag kl.14, start ved klubbhuset. Trekking av premiar på startnummer. Servering av saft og pepparkaker. Startpengar: voksne kr.20, barn kr.10, familie kr.50. Få med deg familie og venner og kom! Vel møtt! 



29.11 / 14.12: JULETRE Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Nov 2010

SALG OG HENTING AV BESTILTE TRE: TORS.16.12 frå kl.18.00, FRE.17.12 kl.18.00, LØR.18.12 kl.11.00, FRÅ SØNDAG - JUL: RING tlf.90764398/90762928.

Selje IL sel juletre også i år. Flotte norske juletre: vanleg norsk gran, Omorika (smal og fin gran), Nordmannsgran (edelgran). Bestilling: Geir-Johnny tlf. 90764398 eller Per Jarle tlf. 90762928.



17.11: ÅRSFEST tysdag 23.november aldersf.lag og minilag

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Nov 2010

Årsfesten for aldersfastlagde lag og allidrett/minilag vert tysdag 23.november i gym.salen. Kl.17.00-18.30 for 2.-5.klasse og kl.19.00-20.30 for 6.-10.klasse. Vi håpar at også mange foreldre blir med, velkommen til alle.......! Meir info., sjå under..............


17.11: Invitasjon til julebord/årsfest 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Nov 2010

Selje Idrettslag inviterer alle medlemmer, tillitsvalde, trenarar, oppmenn og aktive til julebord/årsfest lørdag 4.desember på Selje Hotel. Velkommen! Sjå invitasjon og info./påmelding under..........


08.11: KLUBBEN I MITT HJERTE - stem på Selje IL!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Nov 2010

Klikk her for å stemme på Selje IL!

Fram til 19.november kan du stemme på din klubb! I fjor fekk Selje IL maaange stemmer..... greier vi å slå dette i år? Du kan stemme 1 gong pr dag....STEM! STEM! 

 

 




26.10: Småguttelaget vart avdelingsmeister

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Okt 2010

Selje vann 5-1 på bortebane mot Hornindal i går kveld. Målscorarar var Øystein Ødegård (2), Martin Grøttå og Simon Høstland. Dermed er det no klart at Selje sitt 11-ar lag i klasse G13/14 er avdelingsmeister. Vi gratulerer med ein flott haustsesong!!  


24.10: J15/16 tapte KM-finalen

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Okt 2010

Etter 1-1 i fyrste KM-kampen forrige søndag, var det returkamp i dag i Dale.  Selje sitt jentelag tapte dagens kamp 3-0, og det er det berre å gratulere Dale med KM-tittel. Men uansett har jentelaget hatt ein flott sesong, der dei m.a. spelte seg fram til sluttspel KM-innandørs i vinter, vann Seljecup og no avdelingsmester i serien. 


Selje-Syril 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Okt 2010

Etter 1-1 og poengdeling i siste kamp enda Selje på nest siste plass i årets 4.div. med 19 poeng. Haustsesongen har vore bra med 13 poeng.


20.10: Selje med mange spelarar på sonelag

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Okt 2010

Etter fleire uttaksrundar for gutar/jenter -96/97, er sonelagstroppane klare. Selje har fått med heile 5 (av 22) gutar: Martin Grøttå, Isak Gangeskar, Are Berstad, Magnus Rye, Johannes Osmundsvåg. I jenteklassa var det berre Mariell Halsebakk som vart utteken. Vi gratulerer alle spelarane med uttaket!


20.10: KM-finale for J15/16

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Okt 2010

Selje sitt J15/16 lag vann si avdeling og spelar KM-finalar mot Dale. Fyrste kampen vart spelt sist søndag og enda 1-1. Det er såleis heilt åpent når returkampen spelast på komande søndag i Dale. Vi gratulerer laget med ein flott prestasjon så langt, og ynskjer lukke til i kampen om KM-tittel.


21.10: Klubbkveld Selje IL 3.november

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Okt 2010

I samarbeid med SFFK arrangerer Selje IL,Fotball klubbkveld onsdag 3.november kl.18.00-ca.20.00 på klubbhuset. Per Are Verlo er kursleiar. Møtet er åpent for alle, men vi oppmodar særleg trenarar, oppmenn, dommarar og tillitsvalde å stille på denne framtidskvelden for Seljefotballen. 


03.10: Gaular-Selje 3-5

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Okt 2010

Selje vann 5-3 mot Gaular på bortebane, etter å ha leia 2-1 ved pause. Dermed vann Selje for andre helg på rad, og rykka opp ein plass på tabellen forbi Skavøypoll. Selje hadde tilsynelatande full kontroll på 4-1, men det vart svært dramatisk på slutten........     

Gaular gjekk hardt ut og pressa Selje fyrste del av kampen. Gaular gjekk opp til 1-0 etter 12minutt. Selje kom seg etter kvart meir inni kampen, og utlikna etter 34minutt ved Gaute Otnes. Berre eit minutt seinare tok Selje leiinga med scoring av Viktor Front. Dermed var Selje i føringa ved pause med 1-2.

"Vi var ikkje på høgde i deler av 1.omgang, men leia likevel. Vi var einige i pausen at vi skulle gå ut og vere positive, jobbe hardt og stå i lag. Vi heva oss i 2.omgang og spelte ein god omgang som vi styrte. Fleire fine angrep og kombinasjonar, som resulterte både i store sjansar og mål", fortel Idar Taklo. 

Joachim Refvik auka leiinga til 1-3 etter 53minutt og det såg ut til at Selje skulle gå mot seier. Men etter 60 minutts spel spelte Gaular gjennom forsvaret som stod høgt i bana. Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim rykka ut og skulle klarere utanfor 16meteren. Men før keeper nådde ballen vart den skoten rett i handa hans. Dette tolka dommaren som at keeper forhindra scoring, og at han redda ballen med handa med vilje utanfor målfeltet. Dermed raudt kort og Selje måtte fullføre med 10 mann. Svært strengt idømt då Selje sin keeper ikkje kunne forhindre å bli treft av ballen som vart skoten frå kort hald.

Utespelar Joachim Refvik tok på seg keeperhanskane den siste halvtimen. Med ein spelar mindre auka likevel Selje til 1-4 etter scoring av Alexander Bickel. Då trudde dei fleste at kampen var avgjort, men slik gjekk det ikkje. Selje produserte fleire gedigne sjansar, men scora ikkje. I staden for var det Gaular som reduserte til 2-4 etter  89 minutt og 3-4 etter 92minutt.

Fleire frykta nok for ein reprise på fyrste seriekampen mot Askvoll/Holmedal då 3-0 leiing glapp på slutten, keeperutvising og 3-3. Men denne gongen greidde Selje å ro det heile i land. Gaute Otnes sette punktum med scoring etter 95 minutt, og Selje kunne juble for 3 velfortente poeng.

"Det vart frykteleg spennande på slutten. Men vi greidde å hale sigeren i land heldigvis. All ros til spelarane for at dei greidde å stå imot og hente heim ein velfortent seier", sa ein glad Seljetrenar.   

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Aleksander Kvernevik, Espen Nøstdal, Martin Hove, Andreas Teigen, Kristoffer Nøstdal, Alexander Bickel, Severin Rokne, Viktor H. Front, Joachim Refvik, Gaute Otnes.



30.09: Risnakken-løypa off. åpna

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Sep 2010

Flott markering då Selje IL arr. offisiell åpning av Risnakken-løypa sist lørdag. Etter tog frå klubbhuset med korps og flagg, var det program ved trappefoten. Taler, gåver og helsingar frå Gjensidige-stiftelsen, Sparebanken Vest, Selje Sanitetsforening, Selje kommune m.m. Etter snorklippinga var det rebusløp opp trappa, inn skogen og tilbake til klubbhuset. Der venta kaffi og kaker....og utsikta den er fantastisk...  

Selje IL rettar ei stor takk til alle som har bidrege til realisering av den flotte løypa:

* Økonomisk støtte til prosjektet: Gjensidige-stiftelsen, Sparebanken Vest, Selje Sanitetsforening, kjøp av trappetrinn

* Dugnadsfolk og andre bidragsytarar

Prosjektgruppe Risnakken-løypa: Atle Solheim, Gunnar Silden, Harald Myklebust

 



29.09: Uttakssamling sonelag Nordfjord 96/97

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Sep 2010

På lørdag er det uttakssamling sonelag, for gutar og jenter -96/-97 på Skavøypoll stadion. Selje har fått med mange på samlinga: f.-96: Isak Gangeskar (førehandsutteken), Martin Grøttå, Jeanett Taklo, Emilie Silden.     f-97: Are Berstad, Johannes Osmundsvåg, Magnus Rye, Mariell Halsebakk. Vi gratulerer alle med uttaket og ynskjer lukke til!


27.09: Lillegutane spelte pausekamp i Sogndal

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Sep 2010

Selje sine G11 og G12 lag spelte pausekamp på Fosshaugane søndag. Ein stor dag for gutane med omvisning, innmarsj, ballgutar, pausekamp m.m. Stemninga stod i taket, og Sogndal vann 2-1 mot Alta. Stor takk til vår hovudsponsor Sparebanken Vest som ordna den flotte turen! Foto:Leif Lesto



26.09: Selje med storseier over Førde 2

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Sep 2010

Etter stortap to helgar på rad, slo Selje tilbake i dag med heile 6-1 mot Førde 2. Stillinga ved pause var 2-1, men i andre omgang losna det skikkeleg. Dermed ei flott Seljehelg med offisiell åpning av Risnakken-løypa lørdag, tre poeng i dag, og lillegutlaga som spela pausekamp i Sogndal...... Gaute Otnes var banas beste og scora fire mål i dag......

Selje opna bra og gjekk opp til 1-0 alt etter 9 minutt. Joachim Refvik sette inn returen etter at Gaute Otnes hadde skote rett på keeper. Etter 20min var det Gaute som auka leiinga til 2-0. Etter scoringa var Selje inne i ein dårleg periode og Førde 2 tok over kampen. Redusering til 2-1 etter 30min ved Kristoffer Angedal. Førde 2 fekk også ei scoring annulert for offside.

Pausen hadde tydelegvis gjort godt for Selje, som starta mykje betre i 2.omgang. Etter 56min spelte Joachim Refvik fram Viktor H.Front som avslutta frå 13-14 meter med skot rett i hjørnet. Dermed 3-1 til heimelaget. Herifrå og ut vart det meir og meir Selje, og sjansar i fleng. Selje fekk annulert mål i det 60min, då Viktor vart avblåst for offside.

Var nokon i tvil om seieren vart det iallefall avgjort etter 77min då Gaute scora sitt andre for dagen, då han lobba elegant over ein utrusande keeper, og 4-1. Berre tre minutt seinare var same mann gjennom igjen, men denne gongen fanga keeper lobben. Eit minutt seinare var Alexander Bickel gjennom, med skot rett på keeper.

Førde 2 hadde to store sjansar i omgangen, men begge vart redda av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim. Etter 85min var det klart for 5-1. Igjen var det Gaute som vart spelt gjennom, og han sette ballen sikkert lavt til side for keeper. To minutt seinare vann Gaute ballen og sette fart rett mot mål, dribla av forsvaret og sette ballen i hjørnet. Dermed storseier 6-1 til heimelaget. Glade målscorarar....

 

Det var ein fornøgd trenar vi snakka med etter kampen. "Vi opna bra, men så skjedde det noko midtveis i fyrste omgang. Då mista vi fokus på det vi skulle gjere. Heldigvis løfta vi oss etter pause, og gjorde det vi var einige om i garderoben. Utover 2.omgang spelte vi til tider festfotball og skapte sjansar i massevis. Det var utruleg kjekt å lukkast slik på heimebane igjen", avsluttar Idar Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Kristoffer Nøstdal, Anders D. Rekdal (Rikard Rekdal frå 42min), Martin Hove, Espen Nøstdal, Alexander Bichel, Kristoffer Hove, Viktor H. Front, Joachim Refvik, Gaute Otnes.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Gaute Otnes 



20.09: Veitastrond-Selje 8-3

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Sep 2010

Selje tapte igjen på bortebane då Veitastrond vann heile 8-3. Selje hang godt med i fyrste omgang og gjekk til pause på stillinga 2-2. Men nokre katastrofalt dårlege minutt i andre omgang øydela kampen for Selje...... 


15.09: Bøsseberarar for Redningsselskapet

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Sep 2010

Norges Redningsselskap gjennomfører bøsseaksjon i veke 37. Selje IL vil bidra som bøsseberarar for Redningsselskapet.....

Selje IL vil frå 13.-19.september hjelpe Redningsselskapet som bøsseberarar i Selje og sørover. Redningsselskapet gjer ein viktig jobb langs Norges lange kyst, så ta godt i mot bøsseberarane.



12.09: Årdal 2-Selje 6-1

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2010

Det vart eit av sesongens største tap då Årdal 2 vann 6-1 mot Selje. Stillinga ved pause var 3-0 til heimelaget. Men tapet var i største laget.....

Etter flott 3-0 seier mot Eikefjord forrige helg, var det håp om ny poengfangst i Årdal. Men slik gjekk det ikkje då Selje møtte Årdal sine nest beste. Einaste Seljeseier i vårsesongen, kom nettopp mot Årdal 2. Men på heimebane har Årdal 2 gjort sine saker bra og har fleire seiarar.

Selje hadde fyrste store sjansen i kampen då Joachim Refvik var åleine gjennom etter 1 minutt, men skotet gjekk på keeper. Selje hadde også nokre andre gode sjansar men fekk ikkje mål før kvilen. Det gjorde derimot Årdal 2 som kunne gå til pause med 3-0 leiing.

Trenar Idar Taklo meinte at tapet var i største laget etter spel og sjansar, men at Årdal 2 vann fortent. "Vi hadde nokre store sjansar til å score men vi sleit igjen med utteljinga. Vi sleit også med å få til spelet på ei våt og glatt grasmatte. Vi bestemte oss i pausen for å gå hardt ut og få redusering for å få spenning i kampen igjen. Det lukkast vi med og vi reduserte til 1-3 etter 54min spel. Espen Nøstdal slo eit hardt frispark mot mål som gjekk inn via ein forsvarar. 

Etter ein god Seljeperiode med mykje bra spel, vart det Årdal 2 som auka til 4-1. Då gjekk "lufta litt ut av ballongen" og når så både Martin Hove og Andreas Teigen måtte ut, hadde vi lite å stille opp med. I dag laga vi to sjølvmål og sette ikkje eigne sjansar. Så det vart til slutt ein klar Årdal-seier", seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen (Alexander Hove frå 80min), Martin Hove (Anders Rekdal frå 76min), Espen Nøstdal, Alexander Corneliussen, Kristoffer Hove, Severin Rokne, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik, Alexander Bickel.

 



12.09: Invitasjon til offisiell åpning av Risnakken-løypa 25.september

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2010

Det vert offisiell åpning av Risnakken-løypa lørdag 25.september. Selje IL inviterer med dette alle til åpninga! Program m.m.... les meir under...

Risnakken-trappa har blitt svært populær, og er utruleg mykje i bruk heile året. Arbeidet med løypa har pågått nærare to år. I desember i fjor var det ei flott markering, då lys i løypa og juletre på toppen vart tent.

Selje IL har bestemt at den offisielle åpninga av Risnakken-løypa blir lørdag
25.september. Det er nesten på dagen 7 år sidan siste store anleggsåpning i Selje, då kunstgrasbane med flomlys, trimløype med lys, rehab. fridrettsanlegg m.m. vart off. åpna.

Alle er hjarteleg velkomne til å ta del på åpninga av Risnakken-løypa. Ein særleg invitasjon til  sponsorar, dugnadsfolk og andre bidragsytarar som har vore med i realiseringa av trappa.
Program:

Oppmøte/registrering ved klubbhuset frå kl.14.00 for alle som skal gå rebusløp, kr.50,- inkl. Risnakken t-skjorta.

 
kl.14.45: Alle går "tog" frå klubbhuset til løypa.

kl.15.00: Off. åpning/samling ved trappefoten

Etterpå: Rebussti/naturløype opp trappa - ned skogen - tilbake til klubbhuset


kl.16.00: Kaffi og kaker i klubbhuset







 



05.09: Ny suksess for Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2010

I strålande sommarver vart årets Tine-fotballskule avvikla fredags kveld og lørdag. I overkant av 120 spelarar deltok. Alt gjekk som planlagt og fotballskulen vart nok ein gong svært vellukka. Populært var besøket frå Sogndal med Freddy Butler og Anders Stadheim. Stor takk til instruktørar og alle andre medhjelparar! Bilder frå fotballskulen kjem seinare.......    


05.09: Selje-Eikefjord 3-0

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2010

Det var topp mot botn i dagens kamp.....men i dag var Selje best og vann fullt fortent 3-0 i ein god kamp av heimelaget. Stillinga til pause var 1-0. Dagens spelar på Selje Idrettspark var Joachim Refvik som laga hattrick.... Bildet: Stig Høynes var på kampen, sjå www.haugenfotball.no mange flotte bilder frå kampen...

Selje som forrige helg måtte stille med eit redusert lag, stilte mykje sterkare i dag då fire spelarar var tilbake. Heimelaget var innstilte på å gå for ein ny heimeseier.

Selje opna forrykande og Gaute Otnes var åleine gjennom før eit minutt var spelt, men skotet gjekk på keeper. Men mål vart det to minutt seinare. Joachim Refvik kom seg fri innanfor sekstenmeteren og skaut forbi keeper. 1-0 og heimelaget hadde fått opninga dei ynskte seg.

Gaute og Joachim herja med Eikefjordforsvaret i ein periode. 10min: Joachim vann duell og fekk frispark på kanten av sekstenmeteren. Gaute fekk nesten foten på frisparklegget, men keeper snappa ballen. To minutt seinare vann Gaute ballen i god posisjon og la inn, nesten igjen på innlegget....19min: Joachim skyt på halvspretten, men traff ikkje skikkeleg.

Stor Seljesjanse i det 43min då Alexander Bickel spelte Gaute gjennom, som nesten nådde ballen før keeper. Rikard Rekdal sende avgarde eit bra skot frå 20meter eit minutt seinare, men keeper redda.

Selje gjekk i garderoben med 1-0 leiing som kunne vore større. God omgang der heimelaget periodevis dominerte.

Eikefjord var meir med det fyrste kvarteret i 2.omgang og kampen jamna seg ut, utan at det resulterte i dei store målsjansane. Joachim kom seg fri på hjørnet av sekstenmeteren i det 62min, men skotet gjekk over. To minutt seinare bommar keeper på utspel og ballen går rett i beina på Joachim. Skotet går like til side for mål, stor sjanse. I det 65min lukkast det for heimelaget. Igjen var det Joachim som fekk ballen og skaut kontrollert i hjørnet frå 16-17 meter. 2-0 til Selje.

To minutt seinare heldt same mann på å score igjen, då keeper mista ballen etter skot frå 20 meter. Eikefjord hadde ein bra sjanse etter 70min, med skot over etter corner. I det 77min kom Joachim gjennom forsvaret og skaut. Ballen gjekk i foten på keeper og ut til corner. Ny stor målsjanse.

Eikefjord hadde ein bra målsjanse i det 85min, då ein spelar i trengt posisjon kom fri på straffemerket. Men skotet gjekk utanfor. I det 88min kom Gaute seg gjennom forsvaret, runda keeper og fri bane mot ope mål. Han trilla ballen til Joachim som spaserte ballen i mål. Hattrick og 3-0 til Selje.

Seljetrenar Idar Taklo var svært fornøgd etter kampen. "I dag spelar vi ein god kamp, der alle mann bidreg til seieren. Vi viser igjen at når vi stiller bra fulltallige kan vi gje dei fleste laga kamp om poenga. Det var veldig kjekt å lukkast på heimebane igjen og vi tok tre fortente poeng", seier Taklo.

 Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Severin Rokne, Alexander Bickel, Rikard Rekdal (Anders Rekdal frå 85min), Viktor Front (Aleksander Kvernevik frå 80min), Gaute Otnes (Idar Taklo frå 90min), Joachim Refvik.  

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik



01.09: DELTAKARINFO. Selje Tine-Fotballskule 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Sep 2010

Velkommen som deltakar på Tine-Fotballskule fredag og laurdag. Innsjekking/registrering på fredag frå kl.17.00-17.30....Tidsplan og div. info. om gjennomføringa av fotballskulen, les under.......................... NB! Instruktørane møter fredag seinast kl.17.15, på laurdag seinast kl.10.30.

Tidsplan og info. Tine-Fotballskule 2010:

Fredag 3.sept.

Lørdag 4.sept.

 

7 -

10

år

17.30-18.00: Velkomst – registrering

18.00-19.00: Tekn. trening på stasjonar

19.00-19.15: Pause

19.15-20.00: Spel på små baner

20.00-20.30: Mat - avslutning

11.00-11.15:

Velkomst – info.

11.15-12.30: Oppvarming

Tekn. trening på stasjonar

12.30-13.00: Mat

13.05-14.30: Turnering

14.30-15.00: Premieutdeling - avslutning

Fredag 3.sept.

Lørdag 4.sept.

 

11-

15

år

17.30-18.00: Velkomst – registrering

18.00-19.00: Tekn. trening på stasjonar

19.00-19.15: Pause

19.15-20.10: Spel på små baner

20.10-20.30: Mat - avslutning

11.00-11.20:

Velkomst – info.

11.20-12.45:

Oppvarming

Tekn. trening på stasjonar

12.45-13.15: Matpause

13.15-14.45: Turnering

14.45-15.00: Premieutdeling

Hugs: Treningskle (kle deg etter veret!), leggskinn og fotballsko. Drikkeflaske med vatn er bra å ha med.

Deltakinsavgifta kr. 300,- pr.  spelar betalast ved innsjekking. Innsjekkinga startar frå kl.17.00.......

Matservering på skulen begge dagar.

Premiar:  * 1 stk. fotball til kvar deltakar vert utdelt og namna ved innsjekking. Ballane vert brukt under fotballskulen begge dagar.

* Tine-ryggsekk, diplom og t-skjorte vert utdelt ved avslutninga laurdag.

Åpen kiosk ved tribuna begge dagar.

Vi ynskjer foreldre og andre velkomne til stadion og kose seg i lag med barna på fotballskulen!

Instruktørar på fotballskulen: I tillegg til våre eigne trenarar, spelarar og andre får vi besøk frå Sogndal Fotball (spelarutvviklar Freddy Butler, Anders Stadheim +++)

Sjå www.seljefotball.nofor meir info., deltakarliste osv......

 

 

 



31.08: Kamp- og dommaroppsett aldersf.lag hausten 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Aug 2010

Nedanfor er info. og liste med oversikt alle heimekampar HAUSTEN 2010 i aldersf. klasser med oppsett dommar. Vi prøver så langt råd å oppdatere lista... ved evt. endringar vert kampane utheva med raud skrift....

KAMP OG DOMMAROPPSETT HAUSTEN 2010

V

E

K

E

K

L

A

S

S

E

T

Y

P

E

D

A

G

D

A

T

O

M

Å

N

A

D

T
I

D

K

A

M

P

D

O

M

M

A

R

33

J 12

7ar

torsdag

19

aug

18

Selje- Stryn

Susanne Aa

33

G12

7ar

torsdag

19

aug

18

Selje - Skavøypoll

Geir Jensen

34

G11

7ar

mandag

23

aug

17.30

Selje -Stadlandet

Trond Grøttå

34

G13/14

11ar

mandag

23

aug

19

Selje - Hyen

Joachim R

34

J 13/14

7ar

fredag

27

aug

19

Selje - Hyen

Ole Johnny

35

J15/16

7ar

 torsdag

16 

aug 

18

Selje - Loen

Anders Rekdal

35

J12

7ar

torsdag

02

sept

18.30

Selje -Skavøypoll

Sofie Hove

35

G12

7ar

torsdag

02

sept

18.30

Selje-Bremanger

Emile Silden

35

G15/16

7ar

søndag

05

sept

15

Selje- Jotun

Trond Grøttå

36

G15/16

7ar

lørdag

11

sept

15

Selje-Sogndal

Helge Hamre

37

J15/16

7ar

mandag

13

sept

17.30

Selje-Tmfk

Maj-Britt

37

G13/14

11ar

mandag

13

sept

19

Selje-Hornindal

Geir Jensen

37

G11

7ar

tirsdag

14

sept

18

Selje -Tmfk2

Susanne Aa

37

G12

7ar

torsdag

16

sept

17.30

Selje - Leirg./Davik

Gaute Otnes 

37

J13/14

7ar

fredag

17

sept

18

Selje - Breimsbygda

Susanne
Aa

38

G13/14

11ar

mandag

20

sept

19.15

Selje - Bremanger

Joachim R.

38

J12

7ar

torsdag

23

sept

18

Selje - Eid

Susanne Aa

39

G11

7ar

mandag

27

sept

18

Selje - Haugen

Sofie

39

G12

7ar

torsdag

30

sept

18

Selje - Flatraket

Martin Grøttå

39

J13/14

7ar

fredag

01

okt

17.30

Selje-Stadlandet

Martin Hove

40

G13/14

11ar

mandag

4

okt

17.30

Selje - Stryn

Johnny Træet

40 J11/12 7ar torsdag 7 okt 18.00 Selje-Vikane Emilie Silden
40 G12 7ar torsdag 7 okt 17.30 Selje-Leirg/Davik Martin Grøttå

42

G13/14

11ar

mandag

18

okt

18.30

Selje – Eid 2

Johnny Træet

MELD ENDRINGAR TIL ANNE BRITT 95844684 ELLER ATLE 99247687.

Endringar i oppsettet vil verte merka med raudt!

 OPPMENN:                                                                           DOMMARAR:
J 12 HEIDI PETTERSEN 95177356                                   SUSANNE AARSHEIM 97982010
J 13/14 MERETE VENØY OTNEIM 41506137                 JOACHIM REFVIK 98898446
J 15/16 MERETHE KJØDE ÅARSHEIM 90755459          HELGE HAMRE 95203093
G 11 ANNICHEN A. GRØTTÅ 47648058                           SOFIE HOVE 94053606
G 12 FRODE GRYTTING 90976543                                    EMILIE SILDEN 90283953
G 13/14 EVY ANN HATLENES 99028048                         JOHNNY TRÆET 90976067
G 15/16 RUNE SKÅR 91833805                                        MAJ BRITT AAM HAMRE 99295974
                (GEIR JENSEN 90994809)                                  OLE KRISTIAN HAMRE 99348841
                                                                                                   ELIAS SKÅR



31.08/02.09: DELTAKARLISTE Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Aug 2010

Selje IL arrangerer Tine-Fotballskule i helga, fredag 3.sept. kl.17.30-20.30 og lørdag 4.sept. kl.11.00-15.00. Nedanfor er liste med påmelde deltakarar pr.31.08....NB! Sjekk at du er registrert og at opplysingar er rette! Ta kontakt ved evt. feil.....

DELTAKARLISTE  

Selje TINE-fotballskule 2010

fredag 3. og lørdag 4.september  

FØDS.

ÅR

G

J

NAMN

U

T

E

S

P.

K

E

E

P

E

R

KLUBB

1995

J

Benedicte Flataker

x

Skavøypoll

1995

J

Sandra L. Rye

x

Selje

1995

J

Sofie Hove

x

Selje

1995

J

Tone Helen Røyset

K

Selje

1995

G

Aleksander Beitveit

x

Selje

1995

G

Jørgen Wik Ødegård

K

Skavøypoll

1995

G

Stig Lunde

x

Selje

1996

J

Emilie Silden

x

Selje

1996

J

Iselin Sneide

x

Selje

1996

J

Jeanett Taklo

x

Selje

1996

J

Madelen K. Aarsheim

x

Selje

1996

J

Reidun Andrea Leivdal

x

Flatraket

1996

G

Andreas Sjåstad

x

Stadlandet

1996

G

Gustav Aarsheim

x

Stadlandet

1996

G

Isak Gangeskar

K

Selje

1996

G

Kristoffer Honningsvåg

x

Stadlandet

1996 G Martin Grøttå

x

Selje

1996

G

Sondre Elde

x

Selje

1996

G

Steffen Hoddevik

x

 

Selje

1996

G

Øystein Ødegård

x

Selje

1997

J

Amalie H. Listou

x

Selje

1997

J

Anna G. Paris

x

Skavøypoll

1997

J

Ann-Lovise Moldestad

x

Selje

1997

J

Aurora Austring

x

Selje

1997

J

Birgitte Rekdal

x

Selje

1997

J

Karoline H. Ellingsen

K

Skavøypoll

1997

J

Lovise G. Paris

x

Skavøypoll

1997

J

Mariell Halsebakk

x

Selje

1997

J

Merete Flataker

x

Flatraket

1997

J

Rakel Sætren

x

Selje

1997

J

Åshild K. Amdam

x

Selje

1997

G

Andreas Hoddevik

x

Selje

1997

G

Are Berstad

x

Selje

1997

G

Håvard Otneim

x

Stadlandet

1997

G

Johannes Osmundsvåg

x

Selje

1997

G

Jonas Beitveit

x

Selje

1997

G

Kim-Andre Eltvik

x

Selje

1997

G

Kristoffer Aam Hamre

x

Selje

1997

G

Magnus L. Rye

x

Selje

1997

G

Simon Høstland

x

Selje

1997

G

Sondre Pileberg Åhjem

x

Selje

1998

J

Amanda Nordpoll

x

Flatraket

1998

J

Anna F. Kvamme

x

Selje

1998

J

Anne Kari S. Haug

K

Selje

1998

J

Johanne Dragseth

x

Selje

1998

J

Linnea Husevåg

x

Selje

1998

J

Madelene Hammerseth

x

Selje

1998

J

Ragnhild P. Hamre

x

Selje

1998

J

Tone Mette Jørgensen

x

Selje

1998

G

Bjørn Tore Osdal

x

Flatraket

1998

G

Daniel Kvernevik

x

Flatraket

1998

G

Daniel O. Austring

x

Selje

1998

G

Emil Giljanovic

x

Selje

1998

G

Håkon Wik Ødegård

x

Flatraket

1998

G

Ingo da Silva

x

Selje

1998

G

Kenneth Nordpoll

x

Flatraket

1998

G

Kevin Sjøberg

x

Selje

1998

G

Kristoffer Haugen

x

Selje

1998

G

Marcus Aardal

x

Selje

1998

G

Robin Andre Hoddevik

K

Selje

1999

J

Alette N. Gangeskar

x

Flatraket

1999 J Andrea Blålid Vederhus

x

Flatraket

1999

J

Anna Malene Sætren

x

Selje

1999

J

Silje Halsebakk

x

Selje

1999

J

Susann Taklo

x

Selje

1999

G

Eivind Rune Flataker

X

 

Flatraket

1999

G

Elias Høstdal

K

Flatraket

1999

G

Håvard Berge

K

Selje

1999

G

Kristoffer Rundereim

x

Selje

1999

G

Lars Martin Berge

x

Selje

1999

G

Matias L. Larsen

x

Selje

1999

G

Odin O. Austring

x

Selje

1999

G

Sebastian A. Grøttå

x

Selje

1999

G

Simon E. Hamre

x

Selje

1999

G

Sindre Aa. Skårbø

x

Selje

2000

J

Amalie Bakkebø

x

Selje

2000

J

Benedicte Sjøberg

x

Selje

2000

J

Birgitte Seljen

x

Selje

2000

J

Emma W. Ødegård

x

Flatraket

2000

J

Felicia Nordpoll

x

Flatraket

2000

J

Josefine H. Listou

K

Selje

2000

J

Mette Liland

x

Selje

2000

J

Victoria Hatlenes

x

Selje

2000

G

Anders Osdal

K

Flatraket

2000

G

Christoffer Myklebust

x

Flatraket

2000

G

Henrik Hoddevik

x

Selje

2000

G

Kenneth L. Rye

x

Selje

2000

G

Kim-Frode Moldestad

x

Selje

2000

G

Kristoffer Hansen

x

Selje

2000 G Mathias Skår

x

Selje

2001

J

Elise Krakereid

x

Selje

2001

J

Kristina Berge

x

Selje

2001

J

Maren S. Pileberg

x

K

Selje

2001

J

Martine R. Nøstdal

x

Selje

2001

J

Mathilde H. Listou

x

Selje

2001

J

Sara Hove

x

Selje

2001

J

Terese Lunde

K

Selje

2001

G

Marius Aam Hamre

x

Selje

2001

G

Markus Årvik

x

Selje

2001

G

Mikal Osmundsvåg

x

Selje

2001

G

Nicholas Andre Grytting

x

Selje

2001

G

Tomas L. Larsen

K

Selje

2002

J

Anette Lunde

x

Selje

2002

J

Elisabeth V. Liseth

x

Selje

2002

J

Kathrine Mari Rundereim

x

Selje

2002

J

Katrine Lunde

 

K

Selje

2002

J

Thea Marie Berge

x

Selje

2002

G

Aleksander Bortne

x

Selje

2002

G

Christoffer Sneide

x

Selje

2002

G

Einar Hoddevik

x

Selje

2002

G

Josef Husevåg

x

Selje

2003

J

Annette Bakkebø

K

Selje

2003

J

Elisabeth Aarsheim

x

Selje

2003 J Inger Katrine S. Kvamme

x

Selje

2003

J

June Haugen

x

Selje

2003

J

Marita Bortne

x

Selje

2003

J

Mathilda Nøstdal

x

Selje

2003

J

Otelie Flataker

x

Flatraket

2003 J Signe Gangeskar

x

Flatraket

2003

G

Andre Kvernevik

x

Flatraket

2003

G

Ivan Aasen Skårbø

x

Selje

2003

G

Johannes Grytting

x

Selje

2003

G

Martin S. Reksnes

x

Stadlandet

2003

G

Robert Sætren

x

Selje

2003

G

Robin Ervik

x

Selje



29.08: Seljetap mot Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Aug 2010

Selje tapte 3-4 på bortebane mot Skavøypoll laurdag. Selje hadde leiinga 2-1 ved pause, og leia kampen 3-2 til det gjenstod under 10minutt. Men to scoringar på slutten av kampen, gjorde at eit redusert Seljelag tapte den spennande kampen.....

Forrige runde stilte Selje med ein av dei sterkaste troppane i år og kvitterte med årsbeste og 3 poeng. Til den viktige kampen mot Skavøypoll var det ein sterkt redusert Seljetropp som stilte til kamp. Borte frå forrige kamp var Tom-Øyvind Solheim, Alexander Bickel, Viktor Front, Kristoffer Hove, Saron Osmundsvåg........

Skavøypoll gjekk opp til 1-0 etter 15min, på straffe ved Stian Åmelfot. Fem minutt seinare hadde Selje ein kjempesjanse som enda med heading i stolpen av Joachim Refvik. Neste Seljesjanse kom etter 44min. Alexander Hove vann ballen inne i feltet og sentra til Gaute Otnes som scora. Berre eit minutt seinare gjekk Severin Rokne over ende og dommaren peikte på straffemerket. Gaute Otnes sette straffa sikkert i mål, og Selje kunne med sine to raske scoringar gå i garderoben med 2-1 leiing.

2.omgangen starta med Skavøypoll-frispark etter 1 minutt, retur frå keeper og Andre Høydal sette ballen i mål frå to meter. Det var Skavøypoll som hadde dei fleste sjansane utover omgangen og var nær scoring både i det 8min med skot like utanfor, og i det 24min men keeper Martin Hove rykka ut og fekk blokkert skotet då ein Skavøypollspelar var åleine gjennom. All honnør til utespelar Martin Hove som måtte ta på seg keeperhanskane i dagens kamp. Forrige gong var i 3.div 2008 på bortebane mot Årdal!

Det var mot spelets gang då Selje i det 70min igjen fekk straffe. Aleksander Kvernevik vart dytta i ryggen innanfor sekstenmeteren. Straffa sette Gaute Otnes sikkert i mål igjen, og dermed hat-trick for banas beste spelar i dag.

I det 74min la Snorre Kvalheim inn frå venstre, Joachim Refvik heada like utanfor bakerste stolpe. Skavøypoll fortsette å trykke på framover og hadde nesten scoring i det 80min. To minutt seinare kom utlikninga etter klabb og babb og to redningar på strek, fekk Kristoffer Djuvik ballen over streken. I det 83min sette Kristoffer Djuvik inn vinnarmålet på eit laust skot mot mål. Dermed heimeseier 4-3.

Seljetrenar Idar Taklo (den eine av to reservar, som også i dag måtte innpå) var veldig fornøgd med jobben laget gjorde i dag. "Vi mønstra eit sterkt svekka lag, og vi visste på førehand at dette ville bli veldig vanskeleg. Men gutane skal ha all honnør for innsatsen, dei gjorde sitt ytterste og bidrog til ein spennande kamp. Med litt meir tur kunne vi faktisk teke poenga med oss heim i dag" sa Taklo. Vi får berre sjå framover mot neste kamp.......

Seljes lag: Martin Hove, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Christian V. Sneide (debut), Severin Rokne, Alexander Hove (Idar Taklo frå 67min), Joachim Refvik (Vegard Elde (debut) frå 90min), Aleksander Kvernevik, Gaute Otnes, Snorre Kvalheim. 

 



22.08: Endeleg Seljeseier!

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Aug 2010

Selje tok sin andre seier for sesongen i dag, med 3-2 på heimebane mot Askvoll/Holmdal. Stillinga ved pause var 1-1. Selje tok tre svært fortente poeng i dagens kamp, men den avgjerande scoringa kom heilt på slutten.....

Forrige Seljeseier kom på heimebane mot Årdal2 29.mai.....I dag lukkast det endeleg....

Alt etter 1 min hadde Selje sin fyrste sjanse, då Gaute Otnes skaut rett utanfor frå litt skrått hald. Viktor H.Front skaut over frå 8-10 meter etter 3min. Askvoll/Holmedal hadde ein god sjanse etter frisparklegg, og skot like utanfor etter 9min.

Etter 14min var det klart for 1-0. Viktor sette ballen i mål, etter pasning frå Gaute. To minutt seinare sende Joachim Refvik avgarde eit godt frispark frå 25meter, men keeper redda. Ny stor Seljesjanse etter 25min på eit langt framspel som gjekk via spelarar i feltet, men keeper fekk avverga. Joachim hadde eit nytt godt skotforsøk i det 29min, men keeper redda igjen.

Askvoll/Holmedal fekk corner i det 35min. Etter klabb og babb, redningar på strek, fekk bortelaget ved Leif-Helge Rivedal til slutt ballen over målstreken, og 1-1. Snorre Kvalheim hadde siste sjanse i omgangen, med eit godt skot frå spiss vinkel som keeper slo til innkast.

Selje starta friskt også i 2.omgang. Alt etter to minutts spel, fint angrep der Gaute vart spelt fri og scora sikkert. Men målet såg frå vår posisjon ut til å bli feilaktig annulert for offside. Eit minutt seinare knallskot frå Joachim i nettveggen. Askvoll/Holmedal fekk også eit mål tvilsomt annulert for offside etter 52min. Neste sjanse for bortelaget kom etter 62min, då Benny Rivedal drog til frå 16meteren og ballen gjekk inni hjørnet. Bortelaget opp til 1-2, ufortent etter spel og sjansar.....

Selje fortsette å spele og skape sjansar. Etter 70min var Gaute åleine gjennom, men skotet frå 10-12meter gjekk rett på keeper. Tre minutt seinare lukkast det endeleg. Gaute igjen fri, trilla ballen kontrollert forbi keeper, og 2-2. Gaute hadde fleire farlege avslutningar dei neste minutta. Skot på keeper etter 74min og skot på direkten frå 6-7meter rett på keeper etter 81min. Selje trykte på for scoring og etter 88min lukkast det. Snorre spelte inn til Gaute som skaut på keeper, ballen fri på to meter der Joachim sette inn sigersmålet. Joachim hadde også eit godt skot eit minutt på overtid som gjekk over. Selje spelte ein god kamp i dag og vann fullt fortent. Bortelaget kan takke ein god keeper for at det ikkje vart fleire baklengs.

Seljetrenar Idar Taklo var svært fornøgd etter kampen. "Vi presterer nok årsbeste spelemessig og skapar veldig mange sjansar. Einaste å sette fingeren på er utteljinga. Hadde vi greidd å omsette sjansane i mål kunne vi vunne klart", seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Snorre Kvalheim, Alexander Bickel, Viktor H. Front (Saron Osmundsvåg frå 76min), Severin Rokne, Joachim Refvik, Gaute Otnes.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Gaute Otnes



17.08: Invitasjon Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Aug 2010

Selje IL arrangerer Tine-Fotballskule for 6.gong i år. Dato for årets fotballskule er fredag 3. og lørdag 4.september. Påmeldingsfrist fredag 27.august. Sjå info. og påmelding under.....

 

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 75.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 6.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 3. september kl. 17.30-20.30

lørdag 4. september kl. 11.00-15.00 <!--[if !vml]--><!--[endif]-->

 

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2003) til og med 15 år (10.klasse, f.1995)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Umbro-fotball + mat begge dagar.

Innhald:Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

I tillegg til våre eigne instruktørar, har vi gjennom vår hovudsponsor Sparebanken Vest også fått med Freddie Butler (spelarutviklar) og spelarar frå Sogndal Fotball.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Påmeldingsfrist innan fredag 27.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til: e-mail: ninarefvik@hotmail.com

eller tlf./SMS til: 47 86 18 92

 

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………..

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2010

Påmeldingsfrist: fredag 27.august! 

Namn

 

Fødselsår

 

Klubb

 

Spelar- eller keepergruppe

 

Mobiltlf.

 



08.08: Selje-Kaupanger 1-2

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2010

Så var det "kick-off" for haustsesongen.....Selje spelte ein bra kamp laurdag, men som ofte før denne sesongen vil det seg ikkje. Selje gjekk på eit knepent 1-2 tap i strålande sommarver på heimebane.........
Det var jamnt dei fyrste minuttane utan at noko skjedde framfor måla. Kaupanger scora på sin fyrste sjanse etter 9 min spel. Kaupanger hadde eit lite overtak utover omgangen, utan dei store sjansane til nokon av laga. I det 30 minutt var det nesten reprise av Kaupangerscoringa, men denne gongen gjekk skotet frå skrått hald i treverket og ut. I det 34min utlikna Selje til 1-1 ved Viktor H. Front med eit skot frå 10-11meter, etter assist frå Gaute Otnes.

I 2.omgang var det Selje som i periodar hadde overtaket og skapte dei fleste sjansane. Joachim Refvik sende avgarde eit godt frispark som gjekk i muren og ut til corner etter 74min. Men det vart Kaupanger som scora på frispark frå ca 25meter etter 85min. Medan Selje enno stilte opp mur, vart ballen løfta over muren og i hjørnet. Selje var veldig nær utlikning i sluttminutta. Gaute Otnes vart spelt igjennom av Runar Aarsheim i det 87min, men skotet gjekk på keeper. Selje hadde eit par farlege sjansar til, men som så ofte før denne sesongen så vil det seg ikkje framfor mål. Dermed eit nytt knepent tap på heimebane. 

Seljetrenar Idar Taklo synest laget hadde fortent poeng i dag. "Det er synd det vart eit nytt tap, marginane er imot oss også i dag. Men eg er veldig fornøgd med jobben som spelarane legg ned i dag. Vi spelte ein god kamp, og vi må fortsette å ha det kjekt ute på bana og ta kamp for kamp utover så vil det forhåpentlegvis snart resultere i poeng også," seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Joachim Refvik, Severin Rokne, Kristoffer Nøstdal, Alexander Hove (Aleksander Kvernevik frå 64min), Gaute Otnes, Viktor H. Front (Runar T. Aarsheim frå 80min)

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Severin Rokne


 




20.06: Uavgjort 0-0 mot Gaular

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Jun 2010

Det vart poengdeling 0-0 mellom Selje og Gaular i botnkampen i 4.divisjon.....

Dei to laga som ligg sist på tabellen delte poenga i dagens kamp, noko heimelaget hadde mest grunn til å vere fornøgde med slik kampen utvikla seg. Godt keeperspel av Tom-Øyvind Solheim redda Selje frå å ligge under ved pause.

Gaular hadde eit lite spelemessig overtak i 1.omgang og skapte dei fleste sjansane, medan Selje hadde vanskar med å komme seg opp i bana. Selje hadde ein kjempesjanse då Severin Rokne sende avgarde eit kanonskot frå 30m som small i stolpen og ut i feltet. Joachim Refvik skaut returen i ein forsvarsspelar på strek og ut til corner.  Gaular hadde ein stor sjanse i det 20min etter corner, men Tom-Øyvind Solheim blokkerte skotet frå kort hald. I det 26min kom Gaular åleine igjennom etter ein forsvarsglipp, men igjen var Tom-Øyvind ute i feltet og fekk avverga.

2.omgangen vart litt betre av Selje, men utan at det førte til dei store målsjansane. Største sjansen kom etter 71min då Aleksander Kvernevik skaut over frå skrått hald. Gaular hadde også i denne omgangen dei største sjansane, men lukkast ikkje i å få nettkjenning. Dermed poengdeling 0-0. Ein av banas beste aktørarar i dag var dommar Jarle Andersen.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Alexander Corneliussen, Espen Nøstdal (Joachim L. Træet frå 40min), Martin Hove, Trond Grøttå (Svein Kåre Aarsheim frå 60min), Joachim Refvik, Aleksander Kvernevik (Alexander Hove frå 77min), Snorre Kvalheim, Kristoffer Nøstdal, Idar Taklo (Phillip Hamman frå 88min), Severin Rokne.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Tom-Øyvind Solheim

 



18.06: Selje-Gaular søndag kl.13.00

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Jun 2010

4.div.kampen Selje-Gaular søndag 20.juni er flytta fram til kl.13.00 (ikkje 14.00 som tidl. annonsert). Selje burde fått med seg poeng mot Førde2 sist helg, men lukkast ikkje framfor mål. Søndag møtest dei to laga som ligg sist på tabellen. Vi håpar på sesongens andre siger...heia Selje! 


18.06: UTEDANS på Nabben laurdag 26.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Jun 2010

Det er igjen klart for årets populære utedans på Nabben, laurdag 26.juni kl.20.00-02.00. Musikk: PK&Dansefolket og Vassverkgutane. Billett før kl.22.00 kr.250/etter kl.22.00 kr.300. 18års aldersgrense. Serveringstelt med sal av mat og drikke.  Arr: Selje Røde Kors/Selje Idrettslag.

 



14.06: NY SUKSESS FOR SELJECUP!

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Jun 2010

Søndag kl.19.05 vart den siste av nesten 270 kampar avslutta i årets Seljecup. Det vart scora 1344 mål i årets turnering. Arrangementet vart ein ny kjempesuksess og lovorda har hagla i løpet av helga. Det er stort at Seljebygda i fellesskap, gong etter gong, greier å gjennomføre Seljecup på ein så flott måte. Over 200 personar har vore i sving i løpet av helga for å få arrangementet i hamn. Ei stor takk går til alle for den fantastiske dugnadsinnsatsen som er lagt ned. Seljecup er verkeleg noko vi alle kan vere stolte over. Vi seier takk for no og velkommen tilbake om eit år........ 

Meir om cupen, resultat m.m. sjå www.seljecup.no 



07.06: Program for Seljecup 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Jun 2010

Program for Seljecup 2010, med tider for måltid, aktivitetar osv., sjå cupens heimeside www.seljecup.no


06.06: Selje-Veitastrond 1-3

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Jun 2010

Bortsett frå forrige helg har Selje ikkje lukkast på heimebane i år. I dag vart det 1-3 tap mot Veitastrond, etter 0-1 ved pause.....   

Lite skjedde framfor måla dei fyrste 25 minutta, men Veitastrond hadde eit lite ovrtak. Etter 27 min scora Åsmund Øgar på eit skot inni 5meteren etter "klabb og babb" framfor mål. Neste store sjanse etter 40 min då ein Veitastrond-angripar sende avgarde eit skot frå ca. 20m som traff tverrliggaren. Seljes einaste store sjanse i 1.omgang kom etter 44min. Aleksander Kvernevik kom åleine gjennom, men skotet gjekk rett på keeper og ut til corner.

Selje starta betre i 2.omgang, etter at Veitastrond hadde vore best før pause, men klarte sjeldan å skape dei store målsjansane. Bortelaget heldt på å auke leiinga etter 59min etter skot frå kort hald. Berre minuttet seinare vart et 0-2, rett etter at Selje hadde hatt eit godt angrep. Kurt Heggestad kom gjennom og skaut sikkert i hjørnet frå 11-12 meters hald.

Selje prøvde å trykke på framover og lukkast betre i ein periode. Det var difor ikkje ufortent då heimelaget reduserte til 1-2 etter 80min. Det var trenar Idar Taklo som putta retur frå keeper i mål, etter skot frå Severin Rokne. Selje fekk trua på poeng og trykte på framover. Kjempesjanse etter 84min då Aleksander Kvernevik nesten fekk avslutta nesten på målstreken. Men mål vart det ikkje og Veitastrond scora i staden på ei kontring etter 92min. Her lukta det offside på oppspelet, men mål vart det ved Frode Kvam.

"Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve, når vi kjem under i dag igjen. Dårleg 1.omgang, men vi er betre i 2.omgang. Vi brenner dei sjansane vi fekk. Det har skjedd i fleire kampar i år at vi scorar for lite, og vi får svi for det. Vi må berre sjå framover og håpe på at vi tek til å plukke poeng", sa Seljetrenar Idar Taklo etter kampen.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Frode Nøstdal, Kristoffer Nøstdal, Philipp Hamman (Andreas Teigen frå 45min), Aleksander Kvernevik, Victor H. Front (Idar Taklo frå 65min), Severin Rokne.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Frode Nøstdal



01.06: KAMPOPPSETT Seljecup 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jun 2010

Kampoppsett m.m. for Seljecup 2010, 11.-13. juni er lagt ut på cupens heimeside: www.seljecup.no


29.05: Årets fyrste Seljeseier!

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Mai 2010

Endeleg, i 7.serierunde, kom seieren........då Selje i dag vann fortent 5-3 på heimebane mot Årdal2, etter å ha leia 2-1 ved pause...................

I fjor gjekk Selje på sitt fyrste tap i 7.serierunde (1-0 tap mot Askv/Holmedal). I år vart det motsett, då Selje tok sin fyrste seier for året mot Årdal 2. Det var glede og stor stemning då Selje i dag endeleg tok sin fyrste 3-poengar. Så då passa det godt med feiande korpsmusikk i pausen av Selje skulekorps og Hyllestad skulekorps.......

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fyrste kvarteret skjedde det ikkje så mykje framfor måla, før Årdal2 scora i det 17.min på eit skot i hjørnet frå 11-12meter etter ein corner. Selje utlikna til 1-1 etter 23min. Alexander Corneliussen slo eit frispark høgt inni feltet frå midtstreken. Rikard Rekdal nådde den med hovudet og stussa ballen i mål. Selje hadde også ein stor sjanse nokre minutt seinare, då Frode Nøstdal skaut like utanfor stanga etter eit indirekte frispark innanfor 16meteren.

Selje gjekk opp til 2-1 etter 32min. Kristoffer Nøstdal fekk godt treff frå ca.25meter og ballen gjekk inni hjørnet. Nokre minutt seinare hadde Selje to kjempesjansar til å auke leiinga. Fyrst eit raid frå Gaute Otnes inni 16meteren der han avslutta og ballen trilla forbi keeper og på utsida av stanga. Severin Rokne dunka til eit framspel på volley frå 6-7meter, men ballen gjekk over. 

Severin Rokne hadde tre gode sjansar i løpet av dei fyrste 10 minutta i 2.omgang. Fyrst nestentreff frå 6-7meter på eit innlegg, så duell med keeper der skotet gjekk rett utanfor stanga, og til slutt då keeper skaut i kroppen på Severin så ballen gjekk rett til side for det tomme målet. 

Det var difor fortent då Selje auka leiinga etter 60minutt. Gaute Otnes følgde eit framspel og heada over ein utrusande keeper og i mål. På sutten av kampen "tok det heilt av" med mål. Etter 84min vart det 4-1, då Gaute Otnes skaut på keeper, og Severin putta returen i mål. Eitt minutt seinare auka Selje til 5-1. Gaute Otnes vart kreditert scoringa igjen i duell med keeper. To minutt seinare kunne Selje scora igjen, etter dobbelsjanse ved Joachim L. Træet og Severin Rokne. I staden "skrudde Selje litt av" siste minutta, og Årdal2 reduserte to gonger. Fyrst etter 88min og så etter 91 minutt. Bortelaget hadde faktisk eit par gode sjansar til på tampen av kampen, men det enda 5-3 til Selje.

Seljetrenar Idar Taklo var strålande fornøgd etter kampen. "Vi vann fortent. I dag stod gutane fram slik vi var einige om. Det var ein kollektiv lagseier der alle bidrog 100%. Vi fekk også i dag eit tidleg mål i mot, men vi kom heldigvis raskt tilbake. Derfrå og inn skapte vi sjansar og fekk utteljing. Eg synest vi gjorde ein god kamp. Synd vi fekk eit par mål imot på slutten, men i dag er vi berre glad for 3 poeng."

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Frode Nøstdal, Kristoffer Nøstdal, Snorre Kvalheim (Joachim L. Træet frå 54min), Rikard Rekdal (Alexander Hove frå 79min), Severin Rokne, Gaute Otnes (Victor H. Front, heimedebut, etter 86min).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove



27.05: Klubb-dommarkurs i Selje tysdag 1.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Mai 2010

Det blir klubb-dommarkurs i Selje tysdag 1.juni frå kl.17.00. Gutar og jenter frå 8.-10.klasse og eldre vert inviterte. Alle som tek kurset vil få tilbod om å dømme på miniputt-turneringa på Seljecup. Kurshaldar er: Johnny Træet. Påmelding til tlf.99247687 innan mandag 31.mai.    


24.05: Eikefjord-Selje 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Mai 2010

Selje tapte 2-0 mot Eikefjord, etter 0-0 ved pause.......   

Selje gjekk på eit nytt tap på bortebane mot Eikefjord i dag. Selje hadde eit par store sjansar i fyrste omgang, men laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Tidleg i andre omgang fekk Eikefjord straffe, som dei brende. Men like etter kom det to kjappe mål av Eikefjord. Fleire scoringar vart det ikkje i kampen, og dermed heimesiger med 2-0.

Seljetrenar Idar Taklo konstanterer at Selje ikkje får det til å stemme. "Vi var bra på 2/3 av bana i dag, men vi skaper for lite offensivt og greier ikkje å putte når vi endeleg får sjansen. Eg synest vi jobba hardt, vi gav ikkje opp på 2-0 og prøvde heile vegen. Men det vil seg ikkje for oss, og dermed blir det dessverre eit nytt tap", seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Saron Osmundsvåg, Martin Hove, Espen Nøstdal, Alexander Corneliussen, Anders D. Rekdal (Idar Taklo frå 75min), Frode Nøstdal, Joachim Refvik, Kristoffer Nøstdal (Rikard Rekdal frå 80min), Aleksander Kvernevik (Viktor H. Front frå 45min), Severin Rokne.



Selje-Skavøypoll 1-2

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mai 2010

Det vart eit nytt tap på heimebane, då Selje tapte 1-2 mot Skavøypoll. Stillinga ved pause var 0-2....

 

Selje gjekk på sitt tredje heimetap for sesongen i lokaloppgjeret mot Skavøypoll. Kampen var viktig for begge laga trengde poeng, men det vart Skavøypoll som kunne juble for siger.

Seljetrenar Idar Taklo var naturleg nok skuffa etter eit nytt heimetap. "Vi låg under 2-0 ved pause, etter to scoringar imot der vi ikkje er med. I andre omgang ville vi verkeleg. Vi scora tidleg og reduserte til 1-2. Vi prøvde å trykke på, men greidde ikkje å skape all verden med sjansar. Det vart litt oppjaga utover omgangen når vi ikkje klarte å score. Nei, det ville seg ikkje for oss. Men vi lyt berre legge tapet bak oss og sjå framover, avsluttar Taklo.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Severin Rokne

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Severin Rokne, Runar T. Aarsheim (Saron Osmundsvåg), Gaute Otnes, Snorre Kvalheim (Kristoffer Nøstdal), Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik.

 



02.05: Selje-Saga 0-4

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mai 2010

Det vart tap heile 4-0 mot Saga i dag, etter 0-2 ved pause. Selje leverte ein skuffande kamp og Saga vann klart....

Selje stilte med 16manns tropp for fyrste gong i år, og var innstilt på å revansjere tapet i forrige heimekamp. To heimedebutantar starta kampen: Alexander Corneliussen og Snorre Kvalheim. Saga som er tippa som ein av førehandsfavorittane i 4.div, mangla på si side fleire spelarar til denne kampen.

Lite skjedde dei fyrste 20 minutta i kampen. Etter 24min hadde Saga fyrste sjanse då eit skot frå skrått hald sneia utsida av stolpen. Berre to minutt seinare vart eit innlegg slått inn i 5-meteren, og Odd Anders Vie fekk breisida ballen i mål. I det 29min fekk bortelaget ei svært billeg straffe, då ein Sagaspelar vart takla på hjørnet av 16meteren. Straffa sette Kenneth Leirvåg sikkert i mål.

Heimepublikummet håpa på at Selje skulle reise seg i 2.omgang. Det såg betre ut det fyrste kvarteret og Selje kom til eit par sjansar, m.a heading frå Martin Hove rett utanfor etter 53min. Men Saga punkterte i realiteten kampen i det 61min. Selje klarte ikkje å få ballen ut av målfeltet, og Odd Anders Vie skaut frå 6-7meter og dermed 0-3.

Etter eit godt Seljeangrep eit minutt seinare kom Gaute Otnes ned på venstrekanten og la inn i feltet, men Severin Rokne si avslutning frå kort hald gjekk rett på keeper. Saga hadde fleire store sjansar i siste del av kampen. Etter 84min vart Selje redusert til 10 mann då Frode Nøstdal vart utvist. Siste scoring i kampen kom i det 90minutt ved Stig Hårklau.

Seljetrenar Idar Taklo var svært skuffa etter kampen: "Vi sviktar kollektivt i dag. Vi taper alt av duellar, spring for lite og er slurvete i avklaringane defensivt. Framover skaper vi også lite. Nei, dette var skuffande, og det er bekymringsfullt at vi igjen sviktar på heimebane," seier Taklo. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Runar T.Aarsheim, Kristoffer Hove, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Frode Nøstdal, Severin Rokne, Snorre Kvalheim, Kristoffer Nøstdal (Aleksander Kvernevik frå 45min), Joachim Refvik, Gaute Otnes.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Gaute Otnes

Publikum: 92



01.05: Selje-Saga søndag kl.13.00

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Mai 2010

Velkommen til årets andre heimekamp, Selje-Saga søndag kl.13.00. Selje tok eit sterkt bortepoeng med 0-0 mot Kaupanger i forrige runde, Saga spelte 3-3 mot Årdal2. Heia Selje!


25.04: Kaupanger-Selje 0-0

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Apr 2010

Det vart 0-0 og poengdeling for Selje mot Kaupanger i dag. Selje viste heilt andre takter enn forrige kamp, og fekk med seg eit sterkt bortepoeng....

Selje hadde fleire spelarar tilgjengelege denne helga, og mønstra ein større tropp og eit sterkare lag enn sist helg. To spelarar debuterte for Selje i dagens kamp: Snorre Kvalheim og Alexander Corneliussen. Begge kvitterte med flott innsats og ein godt gjennomført kamp.

Vi snakka med trenar Idar Taklo etter kampen:

"Vi er strålande fornøgde med kampen. Dette var som ein liten seier og det er godt å ta med eit poeng heim igjen. Vi løfta oss kraftig frå sist helg. I dag var det ein skikkeleg lagseier. Vi står i lag, jobbar og legg ned ein veldig bra innsats "over heile fjøla". Forsvarsrekka er solide, og det er trygt å ha Tom-Øyvind bakerst. Midtbana vår jobba knallhardt, og vi greier også å etablere spel oppe i bana", seier Taklo.

"Kaupanger var eit godt og aggresivt lag, men vi greidde å stresse dei. Dei hadde sine sjansar, og var særleg farlege på dødballar. Men vi hadde også våre sjansar, så slik sett meiner eg det er greitt med poengdeling. Dette var ein vanskeleg bortekamp, og det er sjeldan vi har reist frå Kaupanger med poeng", avsluttar ein fornøgd Seljetrenar.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Kennet Honningsvåg, Severin Rokne, Kristoffer Nøstdal, Snorre Kvalheim (Philip Hamann frå 75min), Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik.

Dette var Kennet sin siste kamp i Seljedrakta i denne omgang. Vi takkar  for innsatsen, og ynskjer han velkommen tilbake! Lukke til på Stadlandet! 



Kamp- og dommaroppsett våren 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Apr 2010

Nedanfor er info. og liste med oversikt alle heimekampar våren 2010 i aldersf. klasser med oppsett dommar. Vi prøver så langt råd å oppdatere lista ved evt. endringar som kjem, desse kampane vert utheva med raud skrift....

 

KAMP - OG DOMMAROPPSETT VÅREN 2010

V

E

K

E

K

L

A

S

S

E

T

Y

P

E

D

A

G

D

A

T

O

M

Å

N

A

D

T
I

D

K

A

M

P

D

O

M

M

A

R



15

G13/14

11ar

Torsdag

12

april

18.00

Selje - Tmfk

Ø.Forthun

15

J 12

7 ar

Mandag

15

April

18.00

Selje - Loen

Susanne Aarsh.

16

G 12

7 ar

Torsdag

22

April

18.00

Selje – Bremanger

Joachim Refvik

17

G 11

7 ar

Mandag

26

April

18.00

Selje – TMFK

Susanne Aarsheim

17

J 12

7 ar

Torsdag

29

April

18.00

Selje – TMFK

Martin Hove

17

J13/14

7 ar

Fredag

30

April

19.00

Selje – Skavøypoll

Susanne Aarsh.

18

J15/16

7 ar

Tysdag

4

Mai

19.00

Selje – Breimsbygda

Helge Hamre

18

G13/14

11ar

Mandag

3

Mai

19.00

Selje – Sandane

 Jon Arve Trandal

18

G 12

7 ar

Torsdag

6

Mai

18.00

Selje – Leirgulen/Davik

Joachim Refvik

19

G 11

7 ar

Mandag

10

Mai

18.00

Selje – Skavøypoll

 

20

J 12

7 ar

Torsdag

20

Mai

18.00

Selje – Sandane

Martin Hove

20

G15/16

7 ar

Lørdag

22

Mai

15.00

Selje – Sogndal

Helge Hamre

21

G 12

7 ar

onsdag

26

Mai

18.00

Selje – Flatraket

 

21

J13/14

7 ar

Fredag

28

Mai

19.00

Selje – Eid

Johnny Træet

22

G1314

11ar

Tirsdag

1

juni

18.00

Selje - Hyen

Johnny Træet

22

J15/16

7 ar

Mandag

31

Mai

19.00

Selje -Eikefjord

Maj Britt Hamre

 

 

 

 

 

 

 

 

23

G13/14

11ar

Mandag

7

Juni

19.00

Selje - Eid 1

Joachim Refvik

23

J 12

7 ar

Tysdag

8

Juni

18.00

Selje - Hornindal

Susanne Aarsh.

23

G 12

7 ar

Onsdag

9

Juni

18.00

Selje - TMFK

 Elias Skår

23

J13/14

7 ar

 

 

Juni

19.00

Selje - Vikane

 

24

J15/16

7 ar

Mandag

14

Juni

18.00

Selje - Florø

 

24

G 11

7 ar

Tirsdag

15

Juni

18.00

Selje – Eid 1

Susanne Aarsh.

G15/16 7-ar Tysdag 15 Juni 19.00 Selje-Breimsbygda Joachim Refvik
J13/14 7-ar Torsdag 17 Juni 19.00 Selje-Vikane Ole Kristian Hamre

25

G13/14

11ar

Mandag

21

Juni

19.00

Selje - Bremanger

 

















Der kampane er merka med grønt, MÅ flyttast pga. den eine er 11-ar kamp.

MELD ENDRINGAR TIL ANNE BRITT 95844684 ELLER ATLE 99247687. Endringar i oppsettet vil verte merka med raudt.

Dei ”blå” kampane BØR/MÅ flyttast til tidlegare i veke pga. Seljecup........

OPPMENN:                                                                            DOMMARAR:

J 12             HEIDI PETTERSEN 95177356                          SUSANNE AARSHEIM 97982010

J 13/14     MERETE VENØY OTNEIM 41506137                JOACHIM REFVIK 98898446

J 15/16     MERETHE KJØDE ÅARSHEIM 90755459         HELGE HAMRE 95203093

G 11          ANNICHEN A. GRØTTÅ 47648058                     CHRISTIAN SNEIDE 41396769

G 12         FRODE GRYTTING 90976543                              JOACHIM L.TRÆET 41101475

G 13/14  EVY ANN HATLENES 99028048                          JOHNNY TRÆET 90976067

G 15/16  GEIR JENSEN 90994809                                       MAY BRITT HAMRE 99295974



18.04: Selje-Lærdal 2-4

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Apr 2010

Selje tapte 2-4 mot Lærdal i dag, etter 0-1 ved pause. Som sist helg vart det spenning heilt til siste slutt.....Selje heldt på å utlikne på overtid....les meir under. Referat og bilder, sjå også www.haugenfotball.no......

Dagens Seljespelar, Severin Rokne i duell med Lærdal sin kaptein. Foto:©Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Snø i Selje i natt og utover dagen.... men etter snørydding var banedekket strøkent til kampstart. Selje mangla Gaute Otnes, Kristoffer Hove og Tom-Øyvind Solheim frå forrige kamp - medan Runar T. Aarsheim og Martin Hove var klare igjen.

Selje hadde jobba med fleire alternativ denne veka, for å erstatte suspenderte Tom-Øyvind Solheim. Då dette ikkje lukkast vart det utespelar Joachim Refvik som stilte som keeper i dagens kamp. All ære til Joachim for god innsats mellom stengene. 

Lærdal hadde eit lite overtak den fyrste halvtimen, men Selje var farleg frampå på to gjennomløp frå midtbana og kom åleine med keeper: Severin Rokne fekk ballen litt for langt framfor seg så keeper snappa etter 22min. Runar T. Aarsheim avslutta med skot på keeper og ut til corner fire minutt seinare. Lærdal hadde også eit par store sjansar i denne perioden og var nær scoring. Etter 40min scora Lærdal ved Simen Skjerping Øren, og gjekk til pause med 1-0 leiing.

Selje hadde to sjansar etter ca. 50minutt ved Runar T. Aarsheim. Men det vart Lærdal som i staden auka leiinga med to kjappe scoringar. Etter 55min ved Brede Tokvam, og 58min ved Ingebrigt Bøe. Selje reduserte til 1-3 etter 62min. Severin Rokne kom laus på 13-14 meter og skaut i mål. Selje hadde no ein god periode. Severin sende avgarde ei kanon frå ca.20meter som gjekk rett på keeper og ut til corner.

Det såg ut til at Lærdal skulle ro i land sigeren. Men på slutten av kampen vart det igjen spennande. Severin reduserte til 2-3 med eit skot frå 16-meteren som small i undersida av tverrliggaren og i mål etter 88min. To minutt seinare kunne Selje utlikna, men skotet frå Aleksander Kvernevik frå 4-5meter strauk oversida av tverrliggaren. I staden vart det Lærdal som gjekk opp til    2-4 to minutt på overtid ved Øystein Lindesteg Rinde.

Lærdal vann alt i alt ein fortent siger i dag, men med litt tur kunne Selje fått med seg eit poeng på slutten.

Trenar Idar Taklo var ikkje fornøgd med kampen. "Vi var for lite aggresive i ballførar og på bana generelt, og slapp dei altfor lett til i eiga sone. Positivt med den fantastiske debuten som Severin Rokne hadde på heimebane. Eg er skuffa, men det er berre å legge tapet bak seg og sjå framover", seier Taklo.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Severin Rokne

Publikumstal: 114

Seljes lag: Joachim Refvik, Kristoffer Nøstdal, Martin Hove, Espen Nøstdal, Phillip Hamman (Idar Taklo frå 90min), Kennet Honningsvåg (Rikard Rekdal frå 55min), Severin Rokne, Joachim L. Træet (Alexander Hove frå 45min), Runar T. Aarsheim, Aleksander Kvernevik



17.04: 1.heimekamp 4.div: Selje-Lærdal søndag kl.14.00

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Apr 2010

Selje ynskjer velkommen til årets fyrste heimekamp, søndag kl.14.00 mot Lærdal. Selje serieopna med 3-3 på bortebane forrige helg, medan Lærdal har sin fyrste kamp. Det ligg til rette for ein open kamp på Selje Idrettspark....... 

Selje mista sigeren på overtid mot Askvoll/Holmedal forrige helg, og reiste heim med eit poeng. Selje sin tropp er framleis noko usikker, men nokre spelarar frå sist helg kan ikkje bli med.......Martin Hove og Runar T. Aarsheim kjem inn....

Det som skapar størst vanskar for trenar Idar Taklo er at keeper Tom-Øyvind Solheim må sone etter to gule og utvisning forrige helg. Dette er "uvant kost" for Seljes solide sisteskanse, som har spelt nesten samtlege kampar for Selje i fleire sesongar. Kven som blir keeper på søndag gjenstår å sjå....... 

Vi ynskjer Lærdal og publikum vel møtt til årets fyrste heimekamp! Heia Selje!

     



11.04: Tidleg seriestart for aldersfastlagde lag

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Apr 2010

Serien startar alt denne veka for to av våre lag, begge kampane på heimebane....G13/14 har kamp mandag mot TMFK, J11/12 på torsdag mot Loen...Det vil etter kvart bli lagt ut oversikt på alle heimekampar med oppsett dommar her på sida. Sjå terminliste alle lag/kampar på kretsens heimeside...www.sffk.no.....


11.04: MINIPUTT-turneringar 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Apr 2010

Det blir som tidlegare år arrangert 4 miniputt-turneringar, 2 på våren og 2 på hausten. Fyrste turnering er mandag (2.pinsedag) i Bremanger, neste er Seljecup 13.juni….Selje har påmeldt 6 lag, les meir under….

Selje har meldt på 6 miniputt-lag (like mange som i fjor) til SFFK: G7, G8, G9, G10, J7/8 og J9/10. Klubben betaler for desse cupane ved påmelding, og dei er difor gratis for spelarane. Det er som tidlegare år obligatorisk deltaking for påmelde lag på alle turneringane. Turneringane i desse årsklassane er i staden for seriespel.

Miniputt-turneringane er ein familiedag med god stemning og masse glade barn i aktivitet. Her er det viktigaste å delta og ha det gøy!

Meir info. om miniputt-turneringane, sjå fotballkretsen si heimeside: www.sffk.no

Datoar/arr. for minputt-turneringar 2010

(dette er også lagt inn på aktivitetskalender, sjå venstremeny vår heimeside)

Mandag 24.mai Bremanger

Søndag 13.juni Seljecup

Søndag 29.august Skavøypoll

Søndag 19.september TornadoMåløy



10.04: Askv/Holmedal-Selje 3-3

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Apr 2010

Det enda med 3-3 og poengdeling då Selje møtte Askv/Holmedal i fyrste serierunde. Stillinga til pause var 2-0 til Selje. Men mot slutten av kampen vart det dramatisk.......

Selje fekk ein del forfall inn mot kampen, og reiste med berre 12 spelarar. På pluss-sida kom Kennet Honningsvåg inn, då han vart speleklar i går. Han skal spele for Selje dei tre fyrste seriekampane, før han går til Stadlandet. 

Selje kom godt i gong, og kunne gå til pause med 2-0 leiing. Selje auka til 3-0 i det 48min. Uheldigvis måtte Severin Rokne byttast ut pga ankelskade i det 60min. Stillinga heldt seg til det gjenstod ca. eit kvarter av kampen, og då trudde nok dei fleste at dette skulle bli bortesiger. Men den gong ei....i fotball kan alt skje....

Askv/Holmedal reduserte til 1-3 i det 76min. I minutta etter hadde Selje to kjempesjansar til å punktere kampen, men det vart ikkje mål. I staden fekk Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim sjå sitt andre gule kort for dagen etter 82min, og dermed raudt. Spiss Joachim Refvik måtte ta på seg keeperhanskane, og Selje måtte fullføre med 10mann.

Askv/Holmedal scora rett etterpå, dermed 2-3 og nerve i kampen igjen. Det røynde på for slitne Seljespelarar mot slutten av kampen, og trenar Idar Taklo gjorde comeback dei siste 7-8minutta som spelar. Det heldt nesten, men to minutt på overtid utlikna heimelaget til 3-3.

Vi snakka med trenar Idar Taklo etter kampen: "Klart det var bittert der og då å miste sigeren i sluttminutta. Men vi kan ikkje vere misførnøgde med poengdeling på bortebane, og når det vart som det vart. Askv/Homedal var godt med i heile kampen og hadde også sine sjansar, så det var vel ikkje ufortent at det enda med poengdeling."

"Vi hadde eit vanskeleg utgangspunkt før kampen med berre 12 mann disponibelt. Eg synest gutane stod skikkeleg fram i dag og kjempa heilhjerta. Hadde vi hatt fleire friske bein utovor kampen, kunne dette gått vegen," seier Idar Taklo.  

Scoringar:

0-1    10min    Gaute Otnes med skot frå 16-17m, etter at han hadde ført framover i stor fart.

0-2    30min    Aleksander Kvernevik med skot på halv volley, frå 5-6 meter.

0-3    48min    Gaute Otnes på straffe.

1-3    76min 

2-3    82min

3-3    92min 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Nøstdal, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Phillip Hamman, Severin Rokne (Alexander Hove frå 60min), Kennet Honningsvåg, Gaute Otnes, Joachim L. Træet (Idar Taklo frå 85min), Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik.



08.04: Seriestart 4.div. på laurdag

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Apr 2010

Selje sitt 4.div.lag har serieopning på laurdag kl.14.00, på bortebane mot Askvoll/Holmedal. Sjå kva trenar Idar Taklo seier før seriepremieren.....Vi ynskjer Selje lukke til!   

Kampen på laurdag er flytta fram frå 4.serierunde. Dette var noko klubbane vart einige om på terminlistemøtet i januar, og som kretsen godkjende.

Vi har snakka med trenar Idar Taklo før seriestarten.......

"Vi har hatt ein vanskeleg treningsvinter. Vi har mange spelarar som bur eller jobbar vekke. Difor vert det periodevis få på trening, og det er det vanskeleg å få samla laget. Dette er ikkje ideelt, men lite vi kan gjere med", seier Taklo.

"Vi har spelt 3 treningskampar: seier 4-1 mot Åheim, tap 1-4 mot Gursken/Larsnes og seier 2-0 mot Eid2. Sjølv om vi ikkje har fått trent så mykje i lag, har vi likevel prestert bra i desse kampane", meiner Taklo.

Selje har mista fleire sentrale spelarar frå i fjor. Av nye spelarar sidan i fjor har særleg Severin Rokne gjort eit godt inntrykk.

"Framfor seriepremieren manglar vi nokre, bl.a Martin Hove som braut nasebeinet i kampen mot Eid2 i påska. Bortekamp mot Askvoll/Holmedal er alltid vanskelege kampar. Sjølv om sesongførebuingane ikkje har vore slik vi skulle ynskje, reiser vi likevel til kampen med håp om seier", seier Seljetrenaren.

 

 

 

 



07.04: Aktivitetskalender Selje IL-Fotball

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Apr 2010

I venstremenyen er det lagt ut akt.kalender med bl.a. A-lagskampar, div.møter og aktivitetar for Selje IL-Fotball. Denne vert oppdatert etter kvart......


07.04: Barnefotballkveld i Selje tysdag 13.april

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Apr 2010

I samarbeid med SFFK arrangerer Selje IL barnefotballkveld tysdag 13.april, kl.18.00-20.00. Alle trenarar/leiarar vert inviterte. Instruktør er Johann Sigurdsson....les meir under....

Barnefotballkveld Selje tysdag 13. april

I samarbeid med SFFK og NFF arrangerar Selje IL- Fotball:

Barnefotballkveld tysdag 13.april, kl.18.00-20.00

 

Invitasjonen går til alle trenarar/lagleiarar i klubben, men spesielt fokus på klassane 6 - 12 år. Flatraket IL og Stadlandet IL vert også inviterte.

SFFK og NFF skal gjennomføre eit ”løft” for barnefotballen i 2010. I den samanheng vil Sogn og Fjordane Fotballkrets ut i alle kommunar i fylket og gjennomføre ein barnefotballkveld der m.a.: organisering, innhald, treningsmengde i barnefotballen står i fokus.

SFFK legg opp til eit opplegg med over 20 barnefotballkveldar rundt om i kretsen. Det vil seie at alle klubbar skal få høve til å delta på dette opplegget.

Det vert ein kveld med både teori og praksis. Ein startar med teoridelen før ein går på bana og køyrer ei praksisøkt med lille-gut/jente spelarar som objekt. SFFK stiller med instruktørar og arrangørklubbane stiller med teorirom og bane til praksisen.

Program:

Teori: kl 18.00-18.15

Trening/praksis: kl 18.15-19.30

Oppsummering/avslutning: kl 19.30-20.00

Instruktør: Johann Sigurdsson, Stryn T&IL

Påmelding til seljeil@online.noeller tlf. 99247687 innan 11. april

Hjarteleg velkommen!



23.03: Fjelltrim 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Mar 2010

Fjelltrim for 2010 er utlagt, sjå i venstremenyen.....der finn du info. om årets fjelltrim og dei 16 trimpostane......God fjelltrim!


Aktivitetskalender 2014

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Mar 2010

AKTIVITETSKALENDER SELJE IL,FOTBALL 2014

Aktvitetskalenderen inneheld viktige datoar i 2014. Kalenderen vert oppdatert undervegs etter kvart som nye datoar/aktivitetar er klare.

 

Mnd/dag    Dato   Aktivitet

JANUAR

tysdag 07.      Terminlistemøte 5.div, Skei

fre-søn 17-19. SparebankenVest Cup, Nordfjordhallen

søn. 19          2.runde vinterserien junior, Florø

mandag 20.    Frist påmelding KM-innandørs aldersf.klasser

fredag 31.     Frist idrettsregistrering 2013

 

FEBRUAR

fredag 01. Frist påmelding aldersfastlagde lag

lør-søn 1-2. Kvalifisering KM-innandørs, aldf.lag, Sandane

mandag 10. Lagleiarmøte aldersf. lag, Eid

torsdag 27. ÅRSMØTE Selje IL, klubbhuset kl.19.00

MARS

lørdag 01. Frist påmelding mini-lag + seriespel J9/10 og G9/10

lør-søn 1-2. Sluttspel KM-innandørs aldf.klasser, Sandane

fre-søn 7.-9.  NFF forbundsting, Lillestrøm

fre-søn 21.-23.  Olinvincup, Åheim

ons. 26.   Kick-off Kvalitetsklubbprosjektet v/SFFK-NFF, Skei 

man.31. Sonemøtev/SFFK, miniputt-sesongen 2014, Eid

APRIL

søn. 06  FairPlay Kick-off v/SFFK, Fosshaugane Campus Sogndal

lør. 12.  "Klubbens dag" Selje IL m/ bl.a. 

            - off.opning ny kunstgrasbane og utdeling FairPlay-prisen 2013

lør-søn 26.-27.  Eid-cup, Eid

søndag 27. Seriestart 5.div: Selje - Bremanger 

MAI

søndag 11. "Kongleriket" Miniputt-turnering, Skavøypoll  

søndag 04. 5.div: Eid 2 - Selje

søndag 11. 5.div: Selje - Stryn 2

søndag 18??. 5.div: Anga - Selje

lør-søn 24.-25  Kiwi-cup, Volda/Ørsta

søndag 25. 5.div: Selje - Breimsbygda

JUNI

søndag 01. 5.div: Selje - TornadoMåløy 2

søndag 08. 5.div: Hornindal - Selje

fre-søn 13-15. Seljecup 2014, hovudturnering. 20-årsjubileum.

søn 15. Seljecup 2014, "Kongleriket" miniputt-turnering  

søn.15.06 ??    5.div: Selje - Florø 3

søndag 22. 5.div: Jølster - Selje

 

JULI

lør. 26.   Supporterkamp Man.United - Liverpool, Selje Idrettspark

 

AUGUST

søndag 03. 5.div: Bremanger - Selje

søndag 10. 5.div: Selje - Eid 2

søndag 17. 5.div: Stryn 2 - Selje

lørdag 24. 5.div: Selje - Anga

søndag 31. 5.div: Breimsbygda - Selje

søndag 31. "Kongleriket" Miniputt-turnering, Stadlandet

 

SEPTEMBER

søndag 07. 5.div: TornadoMåløy 2 - Selje

fre-lør 05.-06.    Selje Tine-fotballskule, 10-årsjubileum

tors-man 11.-15: SFFK Toppleiarsamling

søndag 14. 5.div:  Selje - Hornindal

søndag 21. 5.div: Florø 3 - Selje

søndag 21. "Kongleriket" Miniputt-turnering, TornadoMåløy 

søndag 28. 5.div: Selje - Jølster

 

OKTOBER


 

NOVEMBER

fre 14           Leiarmøte SFFK, Førde

lør-søn 15-16 Miljøhelg SFFK, Førde

 

DESEMBER

 

 



14.03: 10 deltakarar på Barneidrettskurset

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Mar 2010

I samarbeid med Sogn og Fjordane Idrettskrets arrangerte Selje IL Barneidrettskurs denne helga, med desse 10 deltakarane..........

På fredag frå kl.18.30-21.30 og laurdag frå kl.09.30-16.00 var det Barneidrettskurs leia av Oddvar Flataker. Kurset er ei blanding av teori og praksis, og gjev eit godt grunnlag for å leie grupper med allidrett. På laurdag hadde trenarane ansvar for gjennomføring av opplegg i gym.salen, der 3. og 4.klassingar var med.

Deltakarar frå Selje IL: Vibeke Eilertsen Grytting, Sandra Rye, Sofie Hove, Tone Helen Røyset, Madelen Aarsheim, Elise Solvåg, Frida Krakereid.

Deltakarar frå Flatraket IL: Ida Etterdal, Iselin Paris, Benedicte Flataker.

 



13.03: Treningskamp Selje-Åheim 4-0

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mar 2010

Selje vann i dag 4-0 (1-0 ved pause) mot Åheim i sin fyrste treningskamp i år. Stor takk til banemannskapet som greidde å få bana klar til kamp. På Selje debuterte Severin Rokne med ein god kamp.....

Få hadde trudd at det var mogeleg å få bana klar til kamp.... men etter stor innsats siste dagane med snø- og isrydding vart det kamp. Når snøbygene så stoppa ved kampstart vart det gode speleforhold under kampen.

Selje leia 1-0 ved pause etter skot frå hjørnet av 5-meteren ved Joachim Refvik.

I 2.omgang fekk Selje tre mål: Fyrst heading av Alexander Hove, så skot frå Joachim Refvik frå ca. 25 meter og til slutt skot frå ca. 20 meter av Runar T. Aarsheim.

Kampen var nok jamnare enn resultatet tilseier, men det var Selje som scora måla. Begge lag mangla ein del spelarar i dag, men uansett nyttig kamptrening. 

I tillegg til Severin Rokne, debuterte også Natalie Vik for Selje i dag.   

Seljes tropp: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Nøstdal, Espen Nøstdal, Alexander Wik, Saron Osmundsvåg, Runar T. Aarsheim, Severin Rokne, Joachim L. Træet, Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik, Anders D. Rekdal, Alexander Hove, Natalie Vik, Rikard Rekdal.  



06.03: Resultat G13/14 og J15/16 innandørs-KM

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Mar 2010

Selje sine to lag på innandørs-KM i Nordfjordhallen i dag gjorde det bra. J15/16 spelte seg heilt fram til bronsefinale, der det vart 2-1 tap mot Florø. G13/14 kom ikkje vidare frå innleiande runde, men gjorde også ein god figur mot sterke lag.....meir under..... 

Alle resultat og meir frå dagens KM: sjå www.haugenfotball.no eller www.tmfkfotball.no

Resutat J15/16:

Tambarskjelvar-Selje        0-4               Selje-Florø    1-2

Selje-Balestrand              2-2                    

Semifinale: Førde-Selje     3-1                Bronsefinale: Florø-Selje 2-1

 

Resultat G13/14:

Eid 1-Selje                 2-1                     Førde-Selje    1-1           

Sogndal-Selje             4-2                     Selje-Florø 2    0-5         



23.02: Invitasjon og påmelding til Seljecup 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Feb 2010

Invitasjon med info. og påmelding til Seljecup 2010 er no lagt ut på cupens heimeside: www.seljecup.no

 



19.02: Puljeoppsett KM-sluttspel 6.-7.mars

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Feb 2010

To av Selje sine lag er kvalifisert til KM-sluttspelet: G13/14 og J15/16. Puljeoppsett, sjå under..... Puljeoppsett KM-sluttspel Nordfjordhallen 6. og 7. mars 

Småjenteklassa (J13/14):
Pulje 1
Sogndal
Førde
Høyang
Sandane

Pulje 2 
Bjørn
Askvoll/Holmedal
Balestrand
Stryn

Smågutteklassa (G13/14):
Pulje 1
Eid 1
Sogndal
Førde
Florø 2
Selje

Pulje 2 
Vik
Balestrand
Florø 1
Bjørn
Eid 2

Jenteklassa (J15/16):
Pulje 1 

Jotun
Balestrand
Tambarskjelvar
Selje

Pulje 2
Vik
Høyang
Førde
Eid

Gutteklassa (G15/16):
Pulje 1 

Lærdal
Høyang
Florø 1
Florø 3
Sandane

Pulje 2 
Sogndal
Dale
Florø 2
Florø 4
Bremanger

Klasse junior damer:
Pulje 1

Askvoll/Holmedal
Førde
Kaupanger 2
Jølster
Sogndal

Pulje 2
Kaupanger 1
Høyang
Gaular
Eid
Bremanger

Klasse junior herrer:
Pulje 1

Dale
Florø
Eid
TMFK

Pulje 2
Førde
Tambarskjelvar
Sandane
Jølster



19.02: Barneidrettskurs i Selje 12.-13.mars

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Feb 2010

I samarbeid med Sogn og Fj. Idrettkrets arrangerer Selje IL: aktivitetsleiarkurs i barneidrett fredag 12. og lørdag 13.mars. Info. om kurset og påmelding, les under....Påmeldingsfrist snarast og seinast innan 5.mars.......

 

I N V I T A S J O N

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer i samarbeid med Selje il til

Aktivitetsleiarkurs i barneidrett

Selje 12.-13. mars 2010

Mål: Etter gjennomført kurs skal ein kunne leggje til rette og leie aktivitet for barn, slik at barna opplever glede, tryggleik og meistring i idrettsaktiviteten.


Målgruppe: Instruktørar, foreldre/føresette, ungdom, leiarar i barneidrett/ idrettsskular, personell i barnehagar/ SFO, og andre som legg til rette fysisk aktivitet for barn.

Innhald: Grunnlaget for barneidretten – lage gode lærings- og aktivitetsmiljø, tilrettelegging av aktivitetar, trenarrollen,

teori –praksis

Ingen spesielle krav til førkunnskapar.

Timetal: 16 timar

Dato: Fredag 12. kl.18.00-21.30 og

laurdag 13. mars kl. 09.30 – ca.16.00

Stad: Selje Skule

Kurslærar: Oddvar Flataker

Kursavgift: Kr. 675,- . pr. delt. + materiell NB! Redusert pris for ungdom 19 år og yngre; kr. 500,- pr. delt + materiell

Kontaktperson: Ingar Breilid, Sogn og Fjordane Idrettskrins

Lokal kontaktperson: Atle Solheim, Selje IL, 99247687. NB! Trenarar og andre i Selje IL kan melde på pr.tlf/SMS eller til seljeil@online.no. Selje IL dekker utgifter for våre trenarar/leiarar som deltek!

Påmeldingsfrist: Fredag 5. mars 2010

Påmelding til: Sogn og Fjordane Idrettskrins,
postboks 221, 6801 Førde.
Tlf. 57 76 12 12. Fax 57 76 12 19.
E-post: ingar.breilid@nif.idrett.no

NB! Gi opp namn på deltakarar og e-post på kontaktperson i laget/org.


 



ÅRSMØTE SELJE IL

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Feb 2010

Selje Idrettslag held årsmøte: onsdag 17.02, kl.19.00, på Selje skule. Vi oppfordrar tillitsvalde og andre medlemmar til å stille på årsmøtet. Agenda for årsmøtet, les under...

AGENDA ÅRSMØTE SELJE IDRETTSLAG

Onsdag 17.02.2010, kl.19.00, Selje skule

 

Godkjenning av innkalling

Valg av ordstyrer

Valg av referent

Valg av 2 personer for underskriving av protokoll

Godkjenning av agenda

Årsmeldingar:   * Hovedstyre

                            * Fotballgruppa – Barne/Ungdomsgruppa

                            * Mosjonsgruppa

Regnskap 2009

Kontingentar 2010

Budsjett 2010

Innkomne saker: * Opptak av lån

Valg



07.02: KM-kvalifisering: Jentene vann og gjekk vidare.......

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Feb 2010

Selje J15/16 vann alle sine kampar i kvalifiseringa, og går vidare til KM-sluttspel 6.-7.mars. I finalen mot Eid vann jentene 3-2......... Vi gratulerer med flott innsats! Les meir under, og sjå www.haugenfotball.no

 

Selje J15/16, resultat kvalifisering KM:

Innleiande: Selje-Bremanger 4-1, Jølster-Selje 1-2, Selje-TMFK 4-0

Semifinale: Selje-Sandane 5-3 (3-3 etter ordinær tid, forlenga speletid 3min) 

Finale: Eid-Selje 2-3



06.02: KM-kvalifisering: Smågutar vidare, småjenter nesten.....

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Feb 2010

Selje sitt G13/14 lag gjekk vidare til KM-sluttspelet. I semifinalen vann laget 1-0 mot TMFK2, men i finalen måtte dei gje tapt 1-6 mot Eid1. Småjentelaget tapte på myntkast (som på Sp.Vest Cup for fjorten dagar sidan), i dag mot Stryn1 i semifinalen, etter at det stod uavgjort 2-2 også etter forlenga speletid.... Vi gratulerer begge laga med flott innsats! Meir om dagens KM, sjå www.haugenfotball.no......


ÅRSMØTE SELJE IL

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Feb 2010

Selje IL held årsmøte onsdag 17.februar kl.19.00, på Selje skule. Vi oppmodar tillitsvalde og medlemmer om å stille på årsmøtet.


Sparebanken Vest Cup 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Jan 2010

Selje deltok med 11 lag på Sparebanken Vest Cup 2010 i Nordfjordhallen 22.-24.januar. I sluttspelklassane gjorde fleire av laga det svært bra.....J15/16 vann A-finalen...G13/14 tapte A-finalen på myntkast....J13/14 (bildet) tapte B-finalen på myntkast..... 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Stig Høines

Foto: Magnar O.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Stig Høines



31.01: 3 lag til innandørs-KM

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Jan 2010

Selje har meldt på 3 lag til kvalifisering innandørs-KM i Nordfjordhallen neste helg: J15/16, G13/14 og J13/14. Sluttspel innandørs-KM går 6.-7.mars, også dette i Nordfjordhallen. Sjå www.sffk.no for meir info. om turneringa.....


20.01: To nye kan bli Selje-spelarar

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Jan 2010

To nye på vei til å bli Selje-spelarar.......begge frå Sverige....

I helga signerte to nye spelarar for Selje. Begge spelarane har jobba i Selje ei tid og kjem frå Sverige: Alexsander Bickel og Viktor Hansson Front.

Det er ein føresetnad at det framleis ordnar seg med jobb osv. for spelarane, men intensjonen er at dei spelar for Selje i årets sesong.

Situasjonen for A-laget ser utvilsomt lysare ut no, enn for eit par veker sidan. Styre og trenarteam held i fellesskap fram arbeidet med å stå best mogeleg rusta til seriestart.......



17.01: Severin Rokne blir Seljespelar

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Jan 2010

                

 Severin Rokne blir Seljespelar......han underteikna overgangspapira sist veke, les meir under....

Severin har dei siste åra spelt for Kaupanger, der han har vore ein sentral spelar. Han går på skule i Sogndal. Severin er fødd i 1987, har ”aner” i Selje (søskenbarnet til Andreas Teigen). Han har spelt for Selje nokre år tilbake, to gonger på Norwaycup. Han er ein anvendeleg og offensiv spelar. 

Vi ynskjer Severin hjarteleg velkommen til Selje!



17.01: Trenarteamet for A-laget på plass

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Jan 2010

Selje sitt 4.div.lag har lagt ein tung periode bak seg. Men no ser det lysare ut......ikkje minst er trenarteamet med Idar Taklo på plass (bildet er frå 2006, då Idar spelte sin obl. kamp nr.300), les meir under.......

Det lysnar for A-laget......trenarteamet med Idar Taklo er på plass!

Selje sitt 4.div.lag har lagt ein tung og vanskeleg periode bak seg. Uventa mange spelarar har dessverre forsvunne i løpet av dei siste par månadane. Selje er dei siste åra blitt vel vande med at mange av spelarane våre er attraktive for andre klubbar. Det viser at klubben jobbar godt, så slik sett er det positivt, sjølv om det aldri er kjekt å miste spelarar som vi treng og hadde rekna med.

Den usikre spelarsituasjonen som oppstod, gjorde også at trenarteamet har stått på ”vent” ei tid. Det har naturleg nok også blitt spekulert i om Selje i det heile kunne greie å stille lag i årets sesong.

Det har vore lagt ned ein stor innsats, der styret og trenarteamet har jobba i lag for å få ting på plass. Det er difor svært gledeleg at vi no kan meddele at situasjonen ser lysare ut med tanke på årets sesong. Det har vore gått nye rundar med spelarstallen, og her er blitt fleire som er villege å bidra for å få dette til. Vi er ikkje i mål, men det lysnar......

Veldig positivt at eit svært solid trenarteam kom på plass for ei god veke sidan: Idar Taklo tek eit nytt år som hovudtrenar. Trond Sætren og Ola Hove blir assistenttrenarar. I teamet rundt laget blir også Rikard Rekdal, John Helge Andersen og Geir-Johnny Årdal.

I prosessen som har pågått rundt A-laget i vinter, konstanterer vi igjen med glede at her er mange i Seljebygda som verkeleg ”brenn” for og bryr seg om klubben sin. I fellesskap ser vi no alle framover og jobbar vidare, slik at laget skal stå best mogeleg rusta til seriestart.........



08.01: Skileik i Djupedalen laurdag 9.januar kl.12-14

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Jan 2010

Selje IL inviterer til skileik i Djupedalen laurdag 9.januar kl.12.00-14.00. Meir info. sjå under.....

Selje I L v/Mosjonsgr./B.U. gr.

inviterer alle små og store til

SKILEIK

i Djupedalen (Golfbana aust for Anders Listou)

laurdag 9. januar frå kl. 1200 til 1400.

Vi trakkar løyper, lagar hopp, smørjer ski (om nødvendig)

og

serverer VARM drikke.

(Det er lite høve til parkering og vi vil be dei som kan om

om å gå til Djupedalen.)

Vi har bestilt sol og fint ver desse to timane. Det vert sikkert kaldt og alle må kle seg godt.

BLI MED PÅ SKILEIK LAURDAG!



Levert av IdrettenOnline