29.12: Årsfest og utmerkingar A-lag

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Des 2011

I romjula vart det arrangert årsfest for A-laget. Her vart spelarar og støtteapparat heidra for innsatsen i 2011. Det vart kåra årets spelar (Martin Hove), årets FairPlay-spelar (Rikard Rekdal), årets toppscorar (Joachim Refvik), 100 obl. kampar (Gaute Otnes), 300 obl. kampar (Espen Nøstdal), sjå bilde m.m. under......Vi gratulerer!

Trenarane Rikard og Martin (+ass.trenar Idar i deler av sesongen, og oppmann Anne-Britt), vart takka for flott jobb på A-laget i 2011.  

Årets spelar: Martin Hove            

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Årets FairPlay-spelar: Rikard Rekdal

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Årets toppscorar (18 scoringar): Joachim Refvik

 



28.12: Rakettsalg i klubbhuset

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Des 2011

Selje IL har også i år rakett-salg i klubbhuset v/stadion i romjula. Åpningstider: tysdag/onsdag/torsdag/fredag kl.12-18, lørdag 10-14. Kjempeutvalg! Lave prisar! Støtt klubbens gode arbeid!


23.12: Ribbetrim 2.juledag kl.15.00

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Des 2011

Tradisjonen tru: Selje IL arrangerer ribbetrim på 2.juledag kl.15.00. Servering av julegløgg. Trekning av premiar på startnummer. Deltakaravgift kr. 50,- pr. familie, kr.20,- pr. pers. Medaljar til dei minste. Velkommen til årets ribbetrim! 


24.12: God jul!

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Des 2011

Selje IL ynskjer alle ei god jul!

Velkommen til Ribbetrrim 2.juledag kl.15.00, sjå annan stad på sida....



22.12:Årsfest og spelarmøte A-lag

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2011

Tysdag 27.des (3.juledag) trenar A-laget kl.13-15 i N.hallen, spelarmøte kl.16.00 om sesongen 2012 og årsfest på Vaagen kl.19.00....  


20.12: Hilde Drabløs tildelt idrettsprisen 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Des 2011

Hilde Drabløs fekk i går tildelt Selje kommune sin idrettspris for 2011. Selje IL takkar Hilde for flott innsats i nesten 35 år. Vi gratulerer ein svært verdig vinnar av årets idrettspris. Selje IL si grunngjevinga for årets idrettspris, sjå under.... (foto: privat)

Grunngjeving:

Hilde Drabløs har eit livslangt engasjement i Selje Idrettslag. Ho starta sitt virke i 1978 og har halde på samanhengande fram til no.

Då ho starta i 1978 var ho draktvaskar for A-laget, og hjelpte til med bingo i fleire år. Hilde vart med i barne- og ungdomsarbeidet frå 1982, då det eldste av 3 barn var blitt 6år gammal. Ho var med i barne- og ungdomsarbeidet, og følgde alle tre barna fram til yngstemann vart seniorspelar i 2003. Men Hilde har vore minst like aktiv og engasjert også etterpå….

Hilde seier aldri nei til å hjelpe klubben sin. Hilde har vore synleg i klubbmiljøet, men ikkje særleg ”høyrbar”. Spøkefullt brukar ho å seie om seg sjølv: …”eg er no berre ei basarkjerring eg….”

Hilde har vore med på arrangement og inntektsbringande tiltak i Selje IL i ein mannsalder, frå 1978-2011. Vi nemner her m.a:

- 16 år i matkomite for Seljecup (1995-2011)

- frå ca. 10-15 år bingoansvarleg eller medhjelpar, medlem i basarkomite, billetør og billettansvarleg på A-lagskampar, medlem av Barne-/Ungdomsgruppa m.m.

Hilde er gift med Odd L., også han har levd med fotballen og idrettslaget i alle år. Begge fekk i 2005 Sogn og Fjordane Fotballkrets sin blå diplom, for lang og tru teneste.

Hilde har eit stort hjarte for klubben sin, og har vore med i klubben sitt virke i 34 år. Ho er ein viktig del av den store og flotte ”idretts- og fotballfamilien” i Selje, og vi håpar og trur at ho framleis kjem til å vere med i idrettslaget sitt arbeid i mange år framover.

Selje IL meiner at Hilde Drabløs er ein svært verdig kandidat til Selje kommune sin idrettspris for 2011.



20.12: Håkon Berstad tildelt kulturprisen 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Des 2011

Håkon Berstad fekk i går tildelt Selje kommune sin kulturpris for 2011. Selje IL takkar Håkon for flott innsats i over 35 år. Vi gratulerer ein svært verdig vinnar av årets kulturpris. Selje IL si grunngjevinga for årets kulturpris, sjå under.... (Foto: privat)

Grunngjeving:

Håkon Berstad har vore engasjert og aktiv i Selje Idrettslag i 37 år, frå ca.1975 og fram til d.d.

Friidrett og løp har vore av hovudaktivitetane. Han har hatt svært mange ulike verv og oppdrag innanfor idrettslaget sin organisasjon, og gjort ein imponerande innsats gjennom ”ein mannsalder”.

Vi tek med følgjande av verv/oppdrag gjennom denne perioden for Selje IL:

- ”primus motor” for Seljestafetten på -70 og -80 talet

- tillitsvald/medlem i Hovudstyret i ei årrekkjee

- kasserar/rekneskapsførar (ca. 10 år)

- trenar fridrett

- trenar allidrett og fotball

- oppmann for aldersfastlagde lag

- trenar for ”gubbetrimmen”

- arrangør av ”Vinterkarusellen” (frå 1995-2003)

- i arrangørstaben for Seljecup heilt sidan starten (frå 1995-2011)

- medlem Mosjonsgruppa

- vedlikehald/grasslåing i Selje Idrettspark

- dugnadsarbeid

- inntektsbringande tiltak m.m.

- div. arrangement

Håkon er positiv og stiller alltid opp når han blir spurt, anten det er dugnad eller andre oppdrag. Han har gjort ein vedvarande og stor innsats for Selje IL, til beste for oppvekstmiljø og bygda. Det er slike personar som Håkon som trengst, for å ha god drift og kontinuitet i eit idrettslag.

(Etter det vi kjenner til har Håkon også bidrege på andre felt: som t.d. medlem/mangeårig rekneskapsførar i Selje sokneråd, og sikkert andre område innanfor kulturlivet i bygda som vi ikkje har oversikt på).

Med bakgrunn i Selje kommune sine kriterier for prisen, m.a. pkt.4 det utvida kulturomgrepet, meiner vi at kandidaten verkeleg fortener kulturprisen.

Håkon Berstad er etter vårt syn ein svært verdig kandidat til Kulturpris for Selje kommune, etter ein livslang innsats for idretten og lokalmiljøet i Selje.



15.12: Ola og Idar trenar A-laget 2012

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Des 2011

Ei gladmelding for alle med hjertet i Selje: Det er klart at Ola Hove og Idar Taklo gjer comeback som trenarar for Selje sitt A-lag. Dei skal dele på trenaransvaret i 2012. Dette er ei trenarløysing som klubben er kanonfornøgd med. Med deira erfaring og kompetanse er utviklinga av Seljefotballen i dei beste hender..........."Vi e Selje...."     


13.12: Henting bestilte juletre og salg

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Des 2011

Henting av bestilte juletre og salg v/Selje stadion: TORSDAG 15.12 frå kl.18.00 + FREDAG 16.12 frå kl.18.00. Frå lørdag 17.12 til jul, kontakt Per Jarle tlf. 90762928.

Flotte norske juletre: vanleg norsk gran, Omorika (smal/fin gran), Nordmannsgran (edelgran).



09.12: FANTASTISK INSPIRASJONSKVELD I SELJE

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Des 2011

Onsdag kveld fekk dei ca. 55 frammøtte ein flott inspirasjonskveld, då Sparebanken Vest og Selje IL arrangerte "Mi framtid i Selje". Les meir under....(bildet:føredragshaldarane Rasmus Moe og Geir Kåre Resaland) 

Sunnivasalen på Selje Hotel var fylt opp med forventningsfulle tilhøyrarar på arrangementet "Mi framtid i Selje". Kvelden starta med ein kort presentasjon av "Selje IL-ein klubb i utvikling", frå fortid til notid og utfordringar framover, v/Atle Solheim.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DDeretter overtok Geir Kåre Resaland med temaet "Folkehelse-fysisk aktivitet i  kvardagen". Her fekk tilhøyrarane mykje ny kunnskap og ting til ettertanke, av ein som verkeleg veit kva han snakkar om. Idrettslaget sin fantastiske innsats også i eit folkehelseperspektiv vart sterkt understreka.

Etter ein kort pause hadde Rasmus Moe siste del av kvelden. Eit kraftfullt og engasjert føredrag "Dønn ærleg" handla om bl.a identitet, å vere glad og stolt av heimplassen sin, om lokalt ansvar og om synergiar av lokalt engasjement og handel.

Ein fantastisk kveld! Deltakarane gjekk fornøgde, inspirerte og engasjerte frå samlinga. Tilbakemeldingane etter kvelden har vore strålande.

Selje IL rettar ei stor takk til Sparebanken Vest for at vi fekk til dette arrangementet i Selje.

Vi håpar å få lagt ut foilar frå føredraga, vert her på sida seinare........... 



JULETRE-bestilling Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2011

Selje IL sel juletre også i år. Flotte norske juletre: vanleg norsk gran, Omorika (smal og fin gran), Nordmannsgran (edelgran). Bestilling: kontakt Per Jarle tlf. 90762928.



01.12: FairPlay-vinnarar 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Des 2011

På årsfesten for aldersfastlagde lag sist veke, vart det kåra "Årets FairPlay-spelar" på kvart lag: Amalie Bakkebø, Aurora Austring, Jeanette Taklo, Mathias Skår, Håvard Berge, Ole Johnny Hoddevik, Aleksander Beitveit (ikkje til stades på bildet).Vi gratulerer! Les meir under....

Selje IL, Fotball har i mange år hatt mykje fokus på FairPlay. I 2011 er fokuset auka endå meir, ved bl.a. å lage ein handlingsplan i 10 punkt for FairPlay-tiltak  i klubben. Tiltaka har blitt gjennomførte i løpet av sesongen som t.d. innføring av haldningskontrakter, profilering med skilt og flagg på stadion, kåring av årets FairPlay-spelarar, FairPlay på Seljecup og Tine-fotballskule osv.

Årets FairPlay-spelarar (kåra av laga sjølve) som fekk utdelt statuett på årsfesten:

J 11/12: Amalie Bakkebø

G 11: Mathias Skår

G 12: Håvard Berge

J 13/14: Aurora Austring

G 13/14: Ole Johnny Hoddevik

J 15/16: Jeanette R. Taklo

G 15/16: Aleksander Beitveit



28.11: "MI FRAMTID I SELJE" inspirasjonskveld onsdag 7.desember kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Nov 2011

Hovudsponsor Sparebanken Vest og Selje IL inviterer alle til inspirasjonskveld med tittelen "Mi framtid i Selje", på Selje Hotel (Sunnivasalen)onsdag 7.desember kl.18.00-20.30. Få med deg familie, venner og andre! Samlinga er open for alle! Selje IL medlemmar og alle andre som er oppteken av Seljebygda!

For invitasjon og meir informasjon, klikk her

Førelesarane Rasmus Moe og Geir Kåre Resaland vil garantert gi ”inspirasjon, tankar og glød” for framtida, som vi alle er ein del av og skal vere med å skape i lag i Selje. Vi er fleire som har vore på samling med desse to karane, og det kan trygt anbefalast!

Fint om du kan melde deg på pr. mail (seljeil@online.no) eller tlf. (99247687), helst innan mandag 5.desember (dette m.o.t tilaging og enkel servering).

Sprei bodskapen! Prøv å få med deg andre og meld deg på!

 



27.11:NY KLUBBKOLLEKSJON SELJE IL

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Nov 2011

Selje IL innfører ny klubbkolleksjon: klubbdress, college-gensar, hettegensar og t-skjorte. Prøving og bestilling av utstyr på klubbhuset: TYSDAG 29.NOV OG TORSDAG 1.DES, KL.18-20. Les meir under...

Klubbutstyret vert levert av Skjortefabrikken Selje til reduserte prisar. Selje IL vil stå for prøvetaking og sal. Alle produkt har svært bra kvalitet. Det blir trykt Selje IL-logo på bryst + Sparebanken Vest som er hovudsponsor.

Klubbdress (blå jakke og svart bukse): merke Diadora

Collegegensar (blå): merke St. Louis

Hettegensar (blå eller svart): merke St. Louis 

T-skjorte (blå) både herre- og damemodell: merke St. Louis

Kontaktpersonar Selje IL: Maj Britt Aam Hamre eller Annichen A. Grøttå



23.11: Mykje heider og utmerkingar til Selje på kretstinget 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Nov 2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sogn og Fjordane Fotballkrets sitt ting vart avvikla i helga. Selje IL, Fotball fekk mykje heider og fleire utmerkingar på tinget: Årets klubbleiar: Atle Solheim, blå diplom: Anne-Britt D. Rekdal, 2 statuettar for 2.plassar dugleiksmerkekonkuranse, pokal avdelingsmeister 2.div G13/14, pokal avdelingsmeister 3.div G15/16, og rosande omtale på kamparrangement og satsinga på unge dommarar. Bildet: blide og fornøgde representantar frå Selje IL på tinget....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



23.11: Årets klubbleiar: Atle Solheim

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Nov 2011

Leiar i Selje IL-Fotball, Atle Solheim, vart under festmiddagen på kretstinget kåra til "Årets klubbleiar" i Sogn og Fjordane Fotballkrets.


23.11: Anne-Britt D. Rekdal fekk blå diplom

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Nov 2011

Nestleiar i Selje IL-Fotball, Anne-Britt D. Rekdal, fekk fotballkretsens "Blå diplom" utdelt på kretstinget. På bildet flankert av nokre av dei andre som også fekk blå diplom for lang teneste i klubb..... 


15.11: ÅRSFEST tysdag 22.november aldersf. lag og minilag

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Nov 2011

Årsfesten for aldersfastlagde lag og allidrett/minilag vert tysdag 22.november i gym.salen. Kl.17.00-18.30 for 2.-5.klasse og kl.19.00-20.30 for 6.-10.klasse. Vi håpar at også mange foreldre og andre kjem. Velkommen til alle! Meir info., sjå under..............


ÅRSFEST 2011

for allidrett og aldersfastlagde lag

tysdag 22.november på Selje skule

Selje Idrettslag inviterer alle aktive, trenarar, oppmenn, dommarar, foreldre og andre til hyggeleg sesongavslutning:

Kl.17.00-ca.18.30 Allidrett / minilag (2. - 5.klasse)

Aktive f. 2001-2002-2003-2004

 

Kl.19.00-ca.20.30 Aldersfastlagde lag (6. - 10.klasse)

Aktive f.1995-1996-1997-1998-1999-2000

 

· Premieutdeling

· Mat (pølse, brus, kaffi/kaker)

· Div. programinnslag

Vel møtt!

Helsing Selje IL

Fotballgruppa og Barne-/Ungdomsgruppa


 



10.11: Basar Selje IL søndag 13.november

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Nov 2011

Selje IL held sin årlege basar på Selje skule, søndag 13.november kl.16.00-19.30. Mange flotte gevinstar, med åresal og lodd på bøker. Sal av mat, kaffi og saft. Vi ynskjer alle vel møtt!


11.11: Kveldsorientering, kulturnatt i Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Nov 2011

Selje IL arrangerte i kveld orienteringsløp med hovudlykt, på arrangementet kulturnatt i Nordfjord. Deltakarane hadde med seg kart og skulle finne postar gøymt omkring skule og idrettspark. På kvar post var det spørsmål som skulle svarast på. Fin aktivitet i det flotte haustveret! Eit par bilde, sjå under...


05.11: Bingo i klubbhuset søndag kl.18

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Nov 2011

Selje IL v/Barne-Ungdomsgruppa arrangerer den andre av i alt 3 bingoar før jul i klubbhuset søndag 6.nov. kl.18.00. Bingo er ein populær aktivitet som samlar mykje folk. Sal av kaffi og vafler. Merk lotteritilsynets reglar om at personar under 18år skal vere i følgje med ein vaksen. Vel møtt!


02.11: 3 gutar greidde gullmerke

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Nov 2011

Det vart i år teke 30 teknikkmerke i Selje IL: 10 blå, 8 rød, 6 bronse, 3 sølv, 3 gull. Spesielt gullmerket "heng høgt" og krev mykje og målbevisst trening. Dei 3 gutane på bildet tok gullmerket: Johannes Osmundsvåg, Magnus Rye og Are Berstad. Dei har øva time etter time på skot/avslutningar, før dei endeleg nådde målet.....Les meir under....Vi gratulerer alle som har greidd merke!

Selje IL har i mange år hatt fokus på dugleiksmerke (minimerke og teknikkmerke). Det har vore stor deltaking på dei felles merkekveldane vi har hatt også i år, og 76 merke er vi godt fornøgde med. I løpet av dei siste 10 åra har spelarar i klubben til saman teke nærare 600 merke. Gjennom treningar og felles merkedagar får spelarane kvart år prøve seg på å ta dugleiksmerke. Dugleiksmerka vert utdelt på den årlege årsfesten i slutten av november.

Ekstra kjekt i år er at 3 gutar greidde gullmerket. Nokre av øvingane gjekk relativt greitt å klare med litt øving, medan eit par øvingar krevde svært mykje innsats og trening. Særleg i oktober, mot slutten av sesongen, har teknikkmerke vore i fokus. Gutane har trena time etter time på skot/avslutningar for å greie krava, før dei endeleg nådde målet…..

Dugleiksmerketakinga har lang tradisjon i fotball-Norge. Dei same diplomane og merka har vore der i fleire ti-år, sjølv om nokre av krava har endra seg litt. Dei øverste gradene av teknikkmerka ”heng høgt”, og nokre av dei krev målbevisst jobbing for å klare dei ulike øvingane. Dugleiksmerka er meint som ein stimulans for å utvikle tekniske ferdigheiter. Dei er ikkje nødvendigvis eit mål på kor god ein spelar er, då dette også er avhengig av mange andre faktorar. Men merka fortel noko om kva tekniske basisferdigheiter ein har klart å tileigne seg.



31.10: Godt resultat på teknikkmerke og minimerke 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Okt 2011

I dag vart den siste av fleire kveldar med dugleiksmerkeprøver gjennomført på Selje Idrettspark. Mange har i løpet av oktober greidd minimerke eller teknikkmerke. Totalt 76 merke (Mininmerke: 12 blå og 34 rød + Teknikkmerke: 10 blå, 8 rød, 6 bronse, 3 sølv og 3 gull) er eit resultat klubben har grunn å vere godt nøgde med. Spesielt kjekt er det at 3 spelarar f.97 har greidd å ta gullmerket i år. Dette merket "heng høgt" og gutane har jobba steinhardt, time etter time med skot/avslutningar, før dei endeleg nådde målet....... På årsfesten 23.november vil alle som har teke merke i år få utdelt diplom m.m.....



28.10: Selje satsar på dommarar og arrangement

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Okt 2011

Selje har i mange år hatt sterkt fokus på å ha gode kamparrangement. I 2011 har klubben også hatt auka fokus på dommar. Det har bl.a. resultert i assistentdommarar på alle seniorkampar, og med det har klubben vore med å gje opplæring til unge dommaraspirantar. I aldersbestemte kampar har det blitt nytta klubbens eigne klubbdommarar, bortsett frå i ein del 11-ar kampar i gutte- og smågutte, der ein har måtta leige dommar utanfrå. Sjå eiga sak 28.10 på www.haugenfotball om Selje og dommarar 2011.......


23.10: Dugleiksmerke tysdag 25.10

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Okt 2011

Det vert felles dugleiksmerke-kveld på tysdag 25.10 frå kl.17.30 for aldersfastlagde lag. Spelarar frå  3.-9.klasse (f.1997-2002) blir inviterte. Det vert lagt opp til både teknikkmerke og minimerke. Trenarar og andre frå laga stiller som instruktørar. Info. om merketakinga på www.sffk.no http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/aktivitet/barnefotball/Merketaking1/


20.10: Selje G15/16 avdelingsvinnar 3.divisjon

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Okt 2011

Selje sitt G15/16 lag har hatt god utvikling i sesongen. I kveld spelte guttelaget 1-1 på bortebane mot Breimsbygda. Laget har 5 seierar, 1 uavgjort og 3 tap i seriekampane i haust. Laget er dermed vinnar av 3.div. avdeling 3. Vi gratulerer! Resultat og tabellar haustsesong, klikk her: 

http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=128901



17.10: Selje G13/14 avdelingsvinnar 2.divisjon

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Okt 2011

Selje sitt G13/14 lag vann avdelinga si i vårsesesongen. I kveld vann småguttelaget 4-0 på bortebane mot Eid2. Dermed har laget vunne alle sine 7 seriekampar i haust også, og er alt vinnarar av 2.div. avdeling 3. Vi gratulerer! Siste kamp for laget er mandag 24.okt. på heimebane mot Skavøypoll...... Resultat og tabellar haustsesong, klikk her: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=128654

Bilder og referat frå kampen mot Eid 2, sjå www.haugenfotball.no



02.10: Nytt tap i sluttminutta, Selje-Loen 3-4

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Okt 2011

Selje leia 2-1 ved pause, og auka til 3-1 i starten av 2.omgang. Hadde utover omgangen eit par-tre store målsjansar som kunne punktert kampen, men i staden scora Loen tre gonger i løpet av knappe ti minutt mot slutten av kampen. Dermed eit surt 3-4 tap i årets siste kamp. Men Skavøypoll nedsabla Bremanger med 8-0, så Selje fekk likevel 7.plass på tabellen.....

1-0    13min    Jan Kristian Apelseth

1-1    18min    Robin Sande

2-1    35min    Aleksander Kvernevik

3-1    47min    Joachim Refvik

3-2    77min    Wilhelm Bødal

3-3    85min    Robin Sande

3-4    87min    Wilhelm Bødal

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Jan Vidar Smenes

Seljes lag: Isak Gangeskar, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Vegard Elde, Espen P. Aahjem (Jon-Aage Riksfjord frå 45min), Jan Vidar Smenes, Henrik Aarsheim, Aleksander Kvernevik (Martin Grøttå frå 74min), Jan Kristian Apelseth, Joachim Refvik.



01.10: Serieavslutning søndag kl.14, Selje-Loen

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Okt 2011

Siste seriekamp for i år på søndag kl.14.00, når Selje ynskjer Loen velkommen til Selje Idrettspark. Heia Selje!


28.08: Mange Seljespelarar på uttakssamling 1997/98

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Sep 2011

På lørdag 1.okt. arrangerer SFFK uttakssamling på Skavøypoll stadion, for å ta ut troppane til Nordfjord sine lag i bylagsserien. Desse spelarane frå Selje deltek på samlinga: f.1997-Are Berstad, Johannes Osmundsvåg, Magnus Rye, Mariell Halsebakk. f.1998-Ingo da Silva, Kristoffer Haugen, Emil Giljanovic, Madelene Hammerseth.


26.09: Selje IL er bøsseberarar for Redningsselskapet

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Sep 2011

Norges Redningsselskap gjennomfører sin årlege bøsseaksjon i desse dagar. Selje IL, Fotball vil bidra som bøsseberarar for Redningsselskapet for tredje år på rad. Redningsselskapet gjer ein viktig jobb langs Norges lange kyst. Ta godt i mot bøsseberarane som kjem på besøk denne veka, frå Selje og sørover til Flatraket.......     

 



25.09: Sandane 2 - Selje: 0-7

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Sep 2011

Selje vann heile 7-0 borte mot Sandane2 i dag, etter å ha leia 2-0 ved pause. Joachim Refvik scora dei 5 fyrste måla i løpet av 35minutt! Med dette avgjorde han kampen, men heile laget skal ha ros for god innsats og ein flott gjennomført kamp. Dermed kan vi gratulere Selje med fornya kontrakt i 5.divisjon......

0-1     39min    Joachim Refvik

0-2     44min     Joachim Refvik

0-3     69min     Joachim Refvik

0-4     72min     Joachim Refvik

0-5     75min     Joachim Refvik

0-6     85min     Espen P. Aahjem

0-7     87min     Aleksander Kvernevik

Seljes lag: Isak Gangeskar, Andreas Teigen (Espen P. Aahjem frå 70min), Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Saron Osmundsvåg (Vegard Elde frå 77min), Aleksander Kvernevik, Jan Vidar Smenes, Joachim Refvik, Henrik Aarsheim, Jan Kristian Apelseth (Kristian Teigen frå 84min), Martin Grøttå.



18.09: Stadlandet-Selje 3-2

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2011

Selje leia 1-0 ved pause, og 2-0 til det var igjen ca. 20min av kampen. Men Stadlandet scora tre kjappe og fekk med seg alle poenga...

I ein jamnspelt 1.omgang gjekk Selje til pause med 1-0 leiing, etter at Espen P. Aahjem scora på straffe i det 34min. Joachim Refvik auka til 0-2 etter 52min. Selje hadde rimeleg bra kontroll defensivt i denne perioden, og heimelaget spelte seg ikkje til dei heilt store sjansane.

Med knappe 20 minutt igjen av ordinær tid scora Stadlandet to gonger etter corner. Scoringane var identiske med innlegg på bakerste stolpe. Kai Arne Otneim i det 72min og Arne Refsnes etter 74min scora. 3min seinare vart Asbjørn Losnegard spelt fri og scora. Dermed var kampen snudd på 5minutt.

Stadlandet hadde ein stor sjanse på slutten, men headinga vart flott redda av Seljekeeper Isak Gangeskar. Joachim Refvik sende avgarde ein susar frå 20meter på overtid, men Stadlandetkeeper Odd Helge Losnegard fekk så vidt slått til corner. Jamn og spennande kamp der Selje kunne ha fått med seg poeng. 

Seljes lag: Isak Gangeskar, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Jon-Aage Riksfjord, Jan Vidar Smenes, Martin Hove (Joachim L. Træet...), Joachim Refvik, Espen P. Aahjem (Silviu Iacob...), Jan Kristian Apelseth.  



17.09: Stadlandet-Selje søndag kl.15.00

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Sep 2011

3 kampar igjen av årets sesong. På søndag kl.15.00 er det klart for lokaloppgjer i 5.div, Stadlandet-Selje. I vårkampen vann Stadlandet 2-1. Begge laga tapte sist helg.....


13.09: Seljegutar med familiar på Fosshaugane Campus

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Sep 2011

På tippeligakampen Sogndal-Ålesund på søndag var småguttelaget gjestar. I alt 44 personar var med: 18 spelarar, og 26 andre (foreldre/søsken/andre familiemedlemmer). Flott arrangement på Campus der laget fekk omvisning, vere ballgutar, spele pausekamp m.m. Flott familiedag og kjekt at så mange hadde anledning å vere med....eit par bilder til, sjå under....

Harald Aabrekk og Kjetil Rekdal oppsummerer kampen, Johannes og Andreas interesserte tilhøyrarar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kampen Sogndal-Aalesund enda 0-0. Uavgjort vart det også i pausekampen, 1-1 vart det mellom dei to Seljelaga som spelte framfor tribunen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Desse spelarane på Selje sitt G13-14 var med: Are, Jonas, Johannes, Andreas, Magnus, Ingo, Emil, Kristoffer Aam H., Kim Andre, Torgeir, Ole Johnny, Kevin, Simon, Kristoffer H, Marcus, Daniel, Sebastian, Mathias.

Stor takk til Sogndal, og Selje sin hovudsponsor Sparebanken Vest!

for Selje G13-14, Ove Hoddevik 

 



11.09: Selje-Skavøypoll 1-9

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Sep 2011

Skavøypoll var klart best og vann heile 9-1, etter å ha leia 3-0 ved pause. Selje sitt trøstemål vart scora av Jan Kristian Apelseth. Det fortel vel eigentleg det meste om kampen, når keeper Joachim Refvik av juryen vart kåra til dagens Seljespelar. Selje må berre rette fokuset framover mot dei tre siste kampane av årets sesong. Etter kampen fekk Skavøypoll gratulasjonar og blomster frå Selje IL i anleding opprykket til 4.div.....  

Seljes lag: Joachim Refvik, Vegard Elde, Rikard D. Rekdal, Espen Nøstdal, Kristoffer Nøstdal, Alexander Hove (Anders D. Rekdal frå 46min), Martin Grøttå, Aleksander Kvernevik, Joachim L. Træet, Espen P. Aahjem (Kristian Teigen frå 83min), Jan Kristian Apelseth.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik



09.09: Selje-Skavøypoll på søndag kl.13.00

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Sep 2011

Heimekamp 5.div søndag kl.13.00 når Skavøypoll gjestar Selje Idrettspark. Skavøypoll slo Stadlandet heile 7-1 sist helg, og kan med seier sikre opprykket til 4.divisjon. Selje gjorde ein bra kamp i Florø sist helg, trass i 4-1 tap. Vi ynskjer alle velkommen! Vel møtt til årets nest siste heimekamp!


03.09: Tine-fotballskule suksess!

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Sep 2011

For 7.gong arrangerte Selje IL denne helga Tine-fotballskule. På fredag kveld og lørdag var det full rulle på idrettsparken, der 122 spelarar frå Selje kommune deltok på årets fotballskule. Alt gjekk som planlagt og fotballskulen vart nok ein gong ein stor suksess. Trass i dårlege verutsikter, så var ein heldig, då regnet fyrst kom mot slutten av fotballskulen. Stor takk til dei over 30 instruktørane (deriblant Michael Sjøquist og spelarar på Eid som deltok fredag), Barne-/ungdomsgruppa som tok seg av matservering, kiosk m.m. og alle andre medhjelparar!  


04.09: Florø 2 - Selje 4-1

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Sep 2011

Selje leia 1-0 til pause etter scoring av Jan Kristian Apelseth. Men Florø2 scora fire i andre omgang, og vann 4-1. Seljekeeper Isak Gangeskar hadde ein flott kamp, og var ein av banas beste aktørar. God kamp av Selje mot andrelaget i 5.div...... Seljes lag: Isak Gangeskar, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Kristoffer Nøstdal, Joachim Refvik, Joachim L. Træet, (Anders D. Rekdal frå 70min), Aleksander Kvernevik, Martin Grøttå, (Håvard Borgund frå 85min), Espen P. Aahjem, Jan Kristian Apelseth.  


31.08: DELTAKARINFO. Selje Tine-Fotballskule 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Aug 2011

Velkommen som deltakar på Tine-fotballskule fredag og lørdag. Over 120 spelarar er påmeldt, sjå namn annan stad på sida. Innsjekking/registrering på fredag frå kl.17.00-17.30. Tidsplan og div. info. om gjennomføringa av fotballskulen, les under........... NB! Instruktørane møter fredag kl.17.00, og laurdag kl.10.30.

Tidsplan og info. Tine-fotballskule 2011: 

Fredag 2.sept.

Lørdag 3.sept.

7 -

10

år

17.30-18.00:Registrering - velkomst – info.

18.00-19.00:Oppvarming. Tekn. trening på stasjonar

19.00-19.30: Matpause

19.30-20.30: Spel på små baner

Avslutning

11.00-11.15:

Velkomst – info.

11.15-12.30:Oppvarming (ca.15min) Tekn. trening på stasjonar

12.30-13.00:Matpause

13.05-14.30: Turnering

14.30-15.00:Premieutdeling - avslutning

Fredag 2.sept.

Lørdag 3.sept.

11-

15

år

17.30-18.00:Velkomst – registrering

18.00-19.00:Oppvarming. Tekn. trening på stasjonar

19.00-19.30: Matpause

19.30-20.30:Spel på små baner

Avslutning

11.00-11.20:

Velkomst – info.

11.20-12.45:

Oppvarming (ca.15min)

Tekn. trening på stasjonar

12.45-13.15:Matpause

13.20-14.45:Turnering

14.45-15.00: Premieutdeling

Hugs: Treningskle (kle deg etter veret!), leggskinn og fotballsko. Drikkeflaske med vatn er bra å ha med.

Deltakinsavgifta kr. 300,- pr. spelar betalast ved innsjekking. Innsjekkinga startar fredag frå kl.17.00.......

Matservering begge dagar.

Premiar: * 1 stk. fotball til kvar deltakar vert utdelt og namna ved innsjekking. Ballane vert brukt under fotballskulen begge dagar.

* Tine-ryggsekk, diplom og t-skjorte vert utdelt ved avslutninga laurdag.

Åpen kiosk ved tribuna begge dagar.

Vi ynskjer foreldre og andre velkomne til stadion og kose seg i lag med barna på fotballskulen!

Instruktørar på fotballskulen: I tillegg til våre eigne trenarar, spelarar og andre får vi besøk frå Eid IL, Fotball.

Sjå www.seljefotball.no for meir info., deltakarliste osv......



30.08: DELTAKARLISTE Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Aug 2011

Selje IL arrangerer Tine-Fotballskule i helga: fredag 2.sept kl.17.30-20.30 og lørdag 3.sept kl.11.00-15.00. 124 spelarar er registrert pr.31.08. Nedanfor er liste med påmelde deltakarar. NB! Sjekk at du er registrert og at opplysningar er rette! Ta snarast kontakt ved evt. feil eller manglar! (tlf.99247687 eller mail: seljeil@online.no) 

DELTAKARLISTE

Selje TINE-fotballskule 2011

fredag 2. og lørdag 3.september

 

FØDS

ÅR

G

J

NAMN

S

P

E

L

A

R

K

E

E

P

E

R

KLUBB

MERKNAD

2004

G

Anton Hamman

x

Selje

2004

G

Filip Høstland

x

Flatraket

2004

G

Håvard Årvik

x

Selje

2004

G

Jonathan Frekøy Drage

x

Stadlandet

2004

G

Noah Hamre

x

K

Selje

2004

G

Jonas Nordpoll

x

Flatraket

2004

J

Lene Jahn

x

Selje

2004

J

Emma Kristin Berge

x

Selje

 

 

 

 

 

2004

J

Inger Katrine Silden Kvamme

x

Selje

 

2004

J

Linn-Therese Aarseth

x

Selje

2004

J

Celine Taklo

x

Selje

2004 J Isabell Moldestad Kvernevik

x

Selje

2003

G

Andre Moldestad Kvernevik

x

Selje

2003

G

Martin Sjøtun Reksnes

x

Selje

2003

G

Robert Sætren

x

Selje

2003

G

Johannes Grytting

x

Selje

2003

G

Robin Ervik

x

Selje

2003

G

Martin Losnegard

x

Stadlandet

2003

J

Mathilda Nøstdal

x

Selje

2003

J

Marita Bortne

x

Selje

2003

J

June Haugen

x

Selje

2003

J

Elisabeth Aarsheim

x

Selje

2003

J

Anette Helen Bakkebø

x

K

Selje

2002

G

Christoffer Sneide

x

Selje

2002

G

Einar Hoddevik

x

Selje

2002

G

Josef Husevåg

x

Selje

2002

G

Alexander Bortne

x

Selje

2002

J

Katrine Lunde

x

Selje

2002

J

Anette Lunde

x

Selje

2002

J

Thea Marie Berge

x

Selje

2002

J

Marte Sjåstad

x

Stadlandet

2002

J

Katrine Mari Rundereim

x

Selje

2002

J

Guro Lesto Larsen

x

Selje

2002

J

Amanda Hoddevik

x

Stadlandet

2002

J

Beate Honningsvåg

x

Stadlandet

2001

G

Mikal Osmundsvåg

x

Selje

2001

G

Eirik Eimstad

x

Selje

2001

G

Markus Årvik

x

Selje

2001

G

Tomas Lesto Larsen

x

Selje

2001

G

Nicholas Grytting

x

Selje

2001

G

Preben Dåvøy Hatlenes

K

Selje

2001

G

Lars Petter Aarseth

x

Selje

2001

G

Marius Aam Hamre

x

Selje

2001

J

Elise Krakereid

x

Selje

 

 

 

 

 

2001

J

Terese Lunde

x

Selje

2001

J

Linnea Frekøy Drage

K

Stadlandet

2001

J

Sara Hove

x

Selje

2001

J

Martine Nøstdal

x

Selje

 

 

 

 

2001

J

Maren Pileberg

x

K

Selje

2001

J

Kristina Berge

x

Selje

2001

J

Mathilde H. Listou

x

Selje

2000

G

Sebastian Frekøy Drage

x

Stadlandet

2000

G

Anders Osdal

K

Flatraket

2000

G

Kenneth Rye

x

Selje

2000

G

Christian Myklebust

x

Flatraket

2000

G

Kim-Frode Moldestad

x

Selje

2000

G

Kristoffer Hansen

x

Selje

2000

G

Sander Eimstad

K

Selje

2000

G

Mathias Skår

x

Selje

2000

G

Henrik Hoddevik

x

Selje

2000 G William Stevik

x

Stadlandet
2000 G Eirik Stave

x

Stadlandet

2000

J

Mette Liland

x

Selje

2000

J

Kristina B. Slåen Lillebø

x

K

Selje

2000

J

Amalie Bakkebø

K

Selje

2000

J

Benedicte Sjøberg

K

Selje

2000

J

Josefine H. Listou

x

Selje

2000

J

Felicia Nordpoll

x

Selje

1999

G

Lars Martin Berge

x

Selje

1999

G

Simen Hansen

x

Selje

1999

G

Elias Høstland

x

Selje

1999

G

Kristoffer Rundereim

x

Selje

1999

G

Matias Lesto Larsen

x

Selje

1999

G

Odin Otnes Austring

x

Selje

1999

G

Simon Endal Hamre

x

Selje

1999

G

Håvard Berge

x

Selje

1999

G

Sebastian Grøttå

x

Selje

1999

J

Anna Sætren

x

Selje

1999

J

Linnea Ervik

x

Selje

1999

J

Silje Halsebakk

x

Selje

1999

J

SusannRundereimTaklo

x

Selje

1999

J

Sigrun Røyset

K

Selje

1999

J

Tuva Johanne Ervik

x

Selje

1999 J Alette Gangeskar

x

Flatraket

1998

G

Kristoffer Haugen

x

Selje

 

 

 

 

 

1998

G

Marcus Årdal

x

Selje

1998

G

Bjørn Tore Osdal

x

Flatraket

1998

G

Ingo da Silva

x

Selje

1998

G

Robin Hoddevik

K

Selje

1998

G

Kennet Devik Nordpoll

x

Flatraket

 

 

 

 

1998

G

Håkon W. Ødegård

x

Flatraket

1998

G

Kevin Sjøberg

K

Selje

1998

J

Anne Kari Sanden Haug

x

Selje

1998

J

Madelene Hammerseth

x

Selje

1998

J

Ragnhild Hamre

x

Selje

1998

J

Amanda Nordpoll

x

Flatraket

1998

J

Synniva Hole

K

Åheim

Lørdag

1997

G

Johannes Osmundsvåg

x

Selje

Fredag

1997

G

Simon Høstland

x

Selje

Fredag 

1997

G

Jonas Beitveit

x

Selje

Fredag

1997

G

Kim-Andre Eltvik

x

Selje

Fredag

1997

G

Andreas O. Hoddevik

x

Selje

Fredag

1997

G

Magnus Rye

x

Selje

Fredag

1997

G

Are Berstad

x

Selje

Fredag

1997

G

Kristoffer Aam Hamre

Selje

Fredag

1997

G

Torgeir Røyset

x

K

Selje

Fredag

1997 G Sondre P. Aahjem

x

Selje                   Fredag
1997 G Ole Johnny Hoddevik

K

Selje                   Fredag

1997

J

Rakel Sætren

x

Selje

Fredag

1997

J

Åshild Kostøl Amdam

x

Selje

 

1997

J

Mariell Halsebakk

x

Selje

Fredag

1997

J

Amalie H. Listou

K

Selje

Fredag

1997

J

Ann-Lovise Moldestad

x

Selje

Fredag

1997

J

Aurora Austring

x

Selje

Fredag

1996

G

Martin Grøttå

x

Selje

1996

G

Øystein Ødegård

x

Selje

1996

G

Steffen Hoddevik

x

Selje

1996

G

Sondre Elde

x

Selje

1996

J

Madelen Aarsheim

x

Selje

1996

J

Reidun Leivdal

x

Selje

1996

J

Julie Høstland

x

Selje

1996

J

Jeanette Taklo

x

Selje



28.08: Framleis nokon ledige plassar på Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Aug 2011

Påmeldingsfristen for årets Tine-fotballskule gjekk ut 26.08. Info. og invitasjon til fotballskulen kan du sjå under.... Etter oppteljing av påmelde deltakarar ser vi at det framleis er ca.10-15 ledige plassar. Vi utvidar difor fristen til tysdag 30.august. Har du ikkje meldt deg på endå og vil delta, ver rask....her gjeld "fyrst til mølla".....   

Info./påmelding pr.28.08.11

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 7.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 2. september kl. 17.30-20.30

lørdag 3. september kl. 11.00-15.00

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2004) til og med 15 år (10.klasse, f.1996)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Adidas fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Utvida påmeldingsfrist innan tysdag 30.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til:

e-mail ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms: tlf. 47 86 18 92

e-mail  seljeil@online.no            eller tlf/sms: tlf.99247687

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………………………………………………………

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2011

Utvida påmeldingsfrist til: tysdag 30.august!!!!!!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.



 


26.08: Selje-Hornindal 2-2

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Aug 2011

Det vart uavgjort 2-2 mellom Selje og Hornindal fredag kveld. Stillinga ved pause var 0-0, i ein omgang der bortelaget hadde skapt dei fleste sjansane. Men Selje kom betre med i 2.omgang, og leia 2-1 til det stod igjen berre 3min av kampen. Jan Vidar Smenes debuterte for Selje i dag......Stig Høines var på stadion, bilde og meir frå kampen på www.haugenfotball.no    

Scoringar:

56min    1-0    Alexander Hove

73min    1-1    Endre Lødemel

79min    2-1    Anders D. Rekdal

87min    2-2    Endre Lødemel

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen Nøstdal

Seljes lag: Isak Gangeskar, Vegard Elde, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Kristoffer Nøstdal, Jan Vidar Smenes (Alexander Hove frå 54min), Martin Hove (Anders D. Rekdal frå 59min), Aleksander Kvernevik, Silviu Iacob (Martin Grøttå frå 62min), Joachim Refvik, Espen P. Aahjem.



25.08: Selje-Hornindal fredag 26.08 kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Aug 2011

Då er det klart for haustens andre heimekamp, når Selje ynskjer Hornindal velkommen til Selje Idrettspark. I vårkampen tapte Selje 3-2. Etter to storseiarar i dei to fyrste haustkampane, gjekk Selje på ein smell mot Eikefjord sist helg. Vel møtt til kamp! Heia Selje!


Heimekampar og dommaroppsett hausten 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Aug 2011

Nedanfor er info. og liste med oversikt på alle heimekampar aldersfastlagde lag HAUSTEN 2011 med oppsett dommar. Vi prøver så langt råd å oppdatere lista... dersom det vert gjort endringar i høve oppsettet i terminlista, vert kampane utheva med raud skrift....Ta kontakt om de har spørsmål.....

Dato

Klasse

Lag

Type

Klokke

Dommar

16 .8

G11

Selje - Bremanger

7ar

18.15

Kristoffer Aam Hamre

17.8

G 10

Selje - Eid

5ar

18

Kristoffer Aam Hamre

22.8

J15/16

Selje - Breimsbygda

7ar

19

Maj Britt

24.8

J9/10

Selje - Eid 1

5ar

18

Madelen Årsheim

25.8

J 12

Selje - Skavøypoll

7ar

18

Susanne Aarsheim

25.8

G15/16

Selje - Bremanger

11ar

19

Sureskumar

29.8

G11

Selje - Eid 1

7ar

18

spelt på stadt

29.8

J15/16

Selje - Stadlandet

7ar

19

Helge Hamre

1.9

J 12

Selje -Haugen

7ar

18

Rakel Sætren

1 .9

G 12

Selje - Eid 1

7ar

18

Kristoffer Aam Hamre

6.9

J 13/14

Selje - Tmfk

7ar

18.30

Martin Grøttå 

5.9

G13/14

Selje - Eid 2

11ar

19

Geir Jensen

8.9

G15/16

Selje - Hornindal

11ar

19

Sureskumar

12.9

G11

Selje - Haugen

7ar

18

Jonas Beitveit

14.9

J 9/10

Selje - Stryn 1

5ar

18

Rakel Sætren

14.9

G10

Selje - Tmfk

5ar

18

Are Berstad

15.9 J12 Selje-Stryn 1 7ar 18 Kristoffer Aam Hamre

15.9

G12

Selje - Bremanger

7ar

18

Sondre Aahjem

20.9

J13/14

Selje - Breimsbygda

7ar

18.30

Geir Jensen

19.9

G11

Selje - Tmfk2

7ar

18

Johannes Osmundsvåg

24.09

J15/16

Selje -Loen

7ar

11.00

Geir Jensen

22.9

G15/16

Selje - Breimsbygda

11ar

18.30

Sureskumar Kathiravel

22.9

J12

Selje - Eid2

7ar

17.30

Mariell Halsebakk

26.9

G13/14

Selje - Bremanger

11ar

18

Geir Jensen

29.9

G12

Selje - Stryn

7ar

18

Sofie Hove

30.9

J13/14

Selje - Hyen

7ar

18

Maj Britt

3.10

G13/14

Selje - Sandane

11ar

18.00

Geir Jensen

6.10

G15/16

Selje - Bremanger

11ar

18.30

Sureskumar Kathiravel

24.10

G13/14

Selje -Skavøypoll

11ar

19

Sureskumar Kathiravel

TIL LAGLEIARANE :

Ber om at alle sjekkar om oppsettet stemmer. Hugs og ta kontakt med dommar i GOD TID før kampen ( 48 timar før kamp er ein god regel) . Kampane som er i gult, må flyttast litt slik at de vert ferdige i tide til 11 ar kampen.Hugs kampvert vest og fair play flagga.

TIL DOMMARANE :

Sjå over oppsettet og merk deg kor tid du skal dømme. Utstyret til dømming ligg i speakerbua.Dersom du ikkje kan dømme må du sjølv finne erstattar og melde det til Anne-Britt på 95844684. Hugs at den du eventuelt byter med MÅ ha dommarkurs .



21.08: Eikefjord-Selje 7-2

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Aug 2011

Selje har åpna med to storseiarar i haust, men i dag vart det stortap på bortebane mot Eikefjord. Heimelaget vann 7-2, etter å ha leia 3-0 ved pause.

Eikefjord leia 7-0 etter 75min spel. Selje reduserte to gonger mot slutten av kampen. Martin Hove etter 80min og Joachim Refvik etter 89min.

Seljes lag: Espen Sandviknes, Vegard Elde, Joachim Refvik, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Silviu Iacob, Jon-Aage Riksfjord (Kristoffer Nøstdal frå 70min), Martin Hove, Martin Grøttå (Håvard Borgund frå 70min), Espen P. Aahjem, Jan Kristian Apelseth.



16.08: Invitasjon Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Aug 2011

Selje IL arrangerer Tine-Fotballskule for 7.gong. Dato for årets fotballskule er fredag 2. og lørdag 3.september. Siste påmeldingsfrist er fredag 26.august. Dei siste åra har det vore fullt og delteke ca.120-130 deltakarar...... Meir info. og påmelding, les under.....

 

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 7.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 2. september kl. 17.30-20.30

lørdag 3. september kl. 11.00-15.00

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2004) til og med 15 år (10.klasse, f.1996)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Adidas fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Påmeldingsfrist innan fredag 26.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til:

e-mail ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms: tlf. 47 86 18 92

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………………………………………………………

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2011

Påmeldingsfrist: fredag 26.august!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.





12.08: Selje-TornadoMåløy 2, 5-0

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Aug 2011

Selje tok sin andre storseier på rad, då dei fredag kveld vann heile 5-0 mot TornadoMåløy 2. Stillinga ved pause var 1-0 til heimelaget. Dermed har Selje fått ein flott start på haustsesongen og kapra 6 poeng på dei to fyrste kampane. Bildet: målscorarane Espen og Joachim og keeperdebutant Isak Gangeskar.

Heimelaget ville gjerne revansjere 5-1 tapet frå vårkampen på Refvika. Nye spelarar inn frå forrige kamp var, i tillegg til guttespelar Isak Gangeskar, Aleksander Kvernevik som var tilbake i Selje etter ein halv sesong på Sandane.

Selje tok bra initiativ i kampen frå start, og var frampå alt etter 4min då Joachim Refvik skaut, og Silviu Iacob putta returen i mål. Men scoringa vart annulert for offside. Berre to minutt seinare var Espen P. Aahjem åleine gjennom, men skotet gjekk på utsida av stolpen. Ny stor Seljesjanse etter 16min etter frispark.

Etter 20min lukkast det endeleg. Joachim Refvik kom gjennom forsvaret, og trilla ballen til Espen P. Aahjem som kunne putte ballen i mål frå 2-3meters hald. 1-0.

I det 27min ny kanonsjanse til Selje etter corner, då ballen gjekk i tverrliggaren og mølje framfor mål. Einaste store målsjansen til TornadoMåløy før pause var etter 33min, åleine mot keeper men ballen trilla like forbi stolpen. Etter 37min heldt Selje på å auke leiinga då Joachim Refvik skar inn i sekstenmeteren og skaut i stolpen og ut.

Selje kunne leia meir enn 1-0 til pause, men fekk raskt utteljing i starten av 2.omgang. Berre etter 2min vart det 2-0 då Joachim scora sikkert åleine med keeper etter framspel av Runar T. Aarsheim. Berre eit minutt seinare, i det 48min, vart det 3-0. Denne gongen var det Joachim som var nest sist på ballen, og Espen P. Aahjem trilla ballen forbi keeper og inn ved stolpen.

Neste halvtimen skjedde det ikkje så mykje, spelet bølga fram og tilbake utan dei heilt store målsjansane. Men etter 82min gjekk Selje opp til 4-0. Espen P. Aahjem scora sitt tredje for dagen, då han heada i mål frå kort hald. Nest sist på ballen var Joachim Refvik. I det 90min dribleraid inni målfeltet ved Joachim, og som greidde til slutt å få ballen over streken. Dermed 5-0 seier til heimelaget og stor stemning. 

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen P. Aahjem

Seljes lag: Isak Gangeskar, Jon Aage Riksfjord, Rikard Rekdal, Espen Nøstdal, Vegard Elde (Martin Grøttå frå 55min), Aleksander Kvernevik, Martin Hove (Joachim L. Træet frå 82min) , Runar T. Aarsheim, Silviu Iacob (Alexander Hove frå 73min), Espen P. Aahjem (Håvard Borgund frå 88min), Joachim Refvik



11.08: Selje-TornadoMåløy 2, fredag kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Aug 2011

Då er det klart for haustens fyrste heimekamp, når Selje ynskjer TornadoMåløy 2 velkommen til Selje Idrettspark. I vårkampen tapte Selje 5-1 på Refvika. Forrige helg flott Seljeseier mot Bremanger 7-2, medan TornadoMåløy 2 tapte 4-0 mot serieleiar Skavøypoll. Vel møtt til kamp! Heia Selje!


07.08: Bremanger-Selje 2-7

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Aug 2011

Selje fekk ein kjempestart på haustsesongen då laget vann heile 7-2 på bortebane mot Bremanger. Selje leia 2-1 ved pause. Kampens store spelar var Gaute Otnes med 4 mål og 3 målgjevande, men dessverre var nok dette siste kampen, då studiar i USA ventar. Stig Høines var på kampen, sjå bilder m.m. på www.haugenfotball.no....

Kampfakta:

1-0 (4min) Henning Hauge, 1-1 (38min) Gaute Otnes, 1-2 (42min) Alexander Hove, 2-2 (53min straffe) Simen Hamre, 2-3 (69min) Gaute Otnes, 2-4 (74min) Silviu Iacob, 2-5 (77min) Gaute Otnes, 2-6 (83min) Gaute Otnes, 2-7 (84min) Jan Kristian Apelseth.

Seljes lag:

Espen Sandviknes, Martin Hove, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Vegard Elde, Joachim Refvik, Runar T. Aarsheim, Martin Grøttå (Jan Kristian Apelseth frå 46min), Silviu Iacob (Isak Gangeskar frå 88min), Alexander Hove (Espen P. Aahjem frå 54min), Gaute Otnes.

3 debutantar på A-laget i dag: Espen Sandviknes og Isak Gangeskar er dei to keeperane på A-laget i haust. Jan Kristian Apelseth debuterte også ï dag og noterte seg for ei scoring.



06.08: 5.div. Bremanger-Selje søndag kl.14.00

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Aug 2011

Haustsesongen blir sparka i gang søndag kl.14.00, då Selje tek turen til Bremanger. I vårkampen vann Bremanger 5-1. Kampen er viktig for begge laga, som kjempar i botnen av tabellen. Vi ynskjer laget vårt lukke til. Vi helsar også Aleksander Kvernevik velkommen tilbake i Seljedrakta, etter overgangen frå Sandane.  


27.06: Selje-Heracles 6-3

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Jun 2011

Selje spelte vennskapskamp mot hollanske Heracles i kveld. Heimelaget vann 6-3, etter 4-0 ved pause. Sist gong Ruud de Jong og laget hans gjesta Selje var i oktober 2008, då enda det med 4-2 seier til Selje.....

10min    1-0    Gaute Otnes

13min    2-0    Silviu Iacob

20min    3-0    Gaute Otnes

23min    4-0    Gaute Otnes

73min    4-1    Roman Otten

79min    5-1    Gaute Otnes

83min    5-2    Ole Andreas Solheim (spelte siste 25 minutta for Heracles)

89min    5-3    Ole Andreas Solheim

91min    6-3    Martin Grøttå (på straffe)

Seljes lag: Isak Gangeskar, Vegard Elde, Joachim Refvik, Rikard Rekdal, Martin Hove (Ole Johnny Støverstein frå 61min), Silviu Iacob (Svein Kåre Aarsheim frå 61min), Kristoffer Nøstdal, Espen P. Aahjem (Martin Grøttå frå 45min), Joachim L. Træet, Alexander Hove (Anders Rekdal frå 45min), Gaute Otnes



25.06: Loen - Selje 2 - 3

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Jun 2011

Flott siger for Seljegutane. For Selje skorte Gaute to mål og Joakim eit mål. 


25.06: Vennskapskamp mellom Selje - Heracles mandag

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Jun 2011

Selje møter det nederlandske laget Heracles til vennskapskamp på Selje IP mandag 27.juni kl.18.00. 

Møt opp og støtt gutane våre!


18.06: Selje-Sandane 2, 0-4

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Jun 2011

Selje tapte botnoppgjeret mot Sandane2 0-4, etter 0-2 ved pause. Etter ein dårleg 1.omgang, løfta heimelaget seg i 2.omgang og burde scora......

Sandane var best og ville mest i 1.omgang. Selje var tafatte og passive, og spelte ein svak omgang. Av få sjansar som Selje hadde i 1.omgang var innlegg frå Anders Rekdal som gjekk i tverrliggaren etter 15min, og skot like utanfor ved Gaute Otnes etter 32min.

Sandane hadde fleire målsjansar, og gjekk opp til 0-1 etter 19min etter corner. 0-2 kom etter 32min, etter innlegg og skot frå 12-13meter. Seljekeeper Roy Lasse Torheim avverga fleire gonger Sandane-scoring i fyrste omgang.

Selje starta mykje betre i 2.omgang, og kunne scora alt etter 2min spel med skot like utanfor. Runar T. Aarsheim kom inn etter pause og spelte ein god omgang. I det 50min farleg legg frå Gaute Otnes, men keeper rydda opp. I staden for Selje-redusering gjekk Sandane opp til 0-3 etter 58min, på heading. Selje hadde ein stor målsjanse etter 65min, då Gaute kom gjennom og skaut frå litt skrått hald rett på keeper. Joachim Refvik med ny stor Selje-sjanse i det 73min med skot like utanfor. Innbyttar Martin Grøttå, som spelte godt, fekk dobbelsjanse etter 74min med skot i keeper og uti feltet, og skot i krysset og over. Stor målsjanse. Det ville seg ikkje for Selje, og i staden for redusering gjekk Sandane opp til 0-4 etter 75min. På bakgrunn av 2.omgang og målsjansar, var dette litt mot spelets gang. Fleire scoringar vart det ikkje, og dermed nytt tap for heimelaget.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Runar T. Aarsheim

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Vegard Elde, Rikard Rekdal, Martin Hove, Aleksander Beitveit, Joachim L. Træet (Runar T. Aarsheim frå 45min), Henrik Aaland, Joachim Refvik (Alexander Hove frå 85min), Gaute Otnes, Anders Rekdal (Silviu Iacob frå 62min), Espen P. Aahjem (Martin Grøttå frå 62min).



17.06: Selje-Stadlandet 1-2

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Jun 2011

Selje tapte lokaloppgjeret mot Stadlandet på 1.pinsedag 1-2, etter å ha leia 1-0 ved pause....

15min: 1-0 Joachim Refvik

55min: 1-1 Sindre Otneim (straffe)

80min: 1-2 Kai Arne Otneim (straffe)

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Rikard Rekdal, Vegard Elde, Espen Nøstdal (frå 79min Espen P. Aahjem), Martin Hove, Kristoffer Hove, Saron Osmundsvåg, Joachim Refvik, Henrik Aaland, Joachim L. Træet, Anders Rekdal (frå 71min Silviu Iacob).



05.06: Skavøypoll-Selje 8-1

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Jun 2011

Selje hadde lite å stille opp med mot serieleiar Skavøypoll i dag. 4-0 ved pause, og sluttresultat 8-1 seier vel det meste....

Skavøypoll scora jamnt og trutt, og det var aldri tvil om kor dette gjekk. Spørsmålet var berre kor stor seieren kom til å bli. Selje møtte eit godt lag i dag, men var tafatte og fekk lite til. Seljes trøstemål kom etter frispark frå midtlinja ved Rikard Rekdal, der Joachim Refvik stussa ballen i mål med hovudet. Det er berre å gløyme kampen og prøve å komme sterkare igjen....

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Vegard Elde, Rikard Rekdal, Jon-Aage Riksfjord, Aleksander Beitveit (Kristian Teigen frå 77min), Joachim L. Træet, Martin Hove (Bjørn Erik Drabløs frå 45min), Silviu Iacob (Håvard Borgund frå 62min), Saron Osmundsvåg, Joachim Refvik, Alexander Hove (Tor Are Årvik frå 75min).



02.06: KAMPOPPSETT Seljecup 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Jun 2011

Kampoppsett Seljecup 2011 er no lagt ut på www.seljecup.no


02.06: Paneda heiar på lokalidretten!

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Jun 2011

For ei tid tilbake vart "Paneda-svingen" klar. Selje IL rettar ei stor takk til Paneda for støtta! Under kan du lese intervju med Oddvar Flølo.....   

Paneda støttar idretten i Selje

 

 

 

 

 

 

 

OOddvar Flølo er oftast å sjå på kamp når A-laget spelar. I fjor vart ideen om ”Panedasvingen” lansert. Som sagt, så gjort…. no er ”Panedasvingen” blitt ein realitet. Over 80 meter stadionskilt med påskrifta: ”Paneda – heiar på lokalidretten”, er på plass på Selje Idrettspark.

Vi har teke ein prat med Oddvar Flølo, og spurt om kvifor Paneda har valt å gå inn som ein stor sponsor til Selje IL.

”Paneda har ikkje særleg behov for reklame eller marknadsføring her lokalt, for vi har markedet vårt uansett. Men vi likar å vise at vi er eit stabilt og godt selskap, og vise at det går an å få til noko. Vi vil bidra til ei positiv utvikling, og synest det er kjekt å vise igjen her i bygda.

Idrett og fotball er ein stor og svært viktig aktivitet i lokalmiljøet vårt, og som engasjerer veldig mange barn, unge og vaksne. Og Seljecupen er eit fantastisk arrangement som skapar identitet og gjev mange positive ringverknader. Det er flott å kunne vere med å støtte Selje Idrettslag, og bidra til at vi kan utvikle og oppretthalde aktivitetane som vi har i Selje”, seier Oddvar Flølo.



29.05: Selje-Florø2, uavgjort 3-3

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Mai 2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje fekk med seg eit heldig poeng i dagens heimekamp mot Florø2. Stillinga ved pause var 0-1. Florø dominerte banespelet, kontrollerte kampen og leia 3-1 med eit kvarter igjen. Men Selje scora to gonger mot slutten, og gleda var stor over å ha vunne eit poeng..... Bildet: Fire sentrale og glade Seljespelarar etter kampslutt.....les meir under....

Det var forventa ein vanskeleg kamp mot Florø 2, og det vart det. Alt etter 4min spel hadde bortelaget sin fyrste sjanse med skot på Roy Lasse Torheim og ut. Etter 12min var ein Florø-spelar åleine gjennom, og skotet strauk utsida av stanga. Selje hadde sin fyrste sjanse etter 20min, då Joachim Refvik kom gjennom på kanten og skaut like utanfor.

Det var svært fortent då Florø etter 33min gjekk opp til 0-1. Etter ein kanonade med tre avslutningar mot Seljemålet, bl.a. redning på strek, sette Henrik Bortneim ballen i mål frå kloss hald. Selje var heldige som kunne gå til pause på 0-1.

Andre omgang fekk ingen heldig start for Selje, då Espen Nøstdal måtte ut med skade alt etter 5minutt. Men mot spelets gang var det Selje som utlikna til 1-1 etter 55min. Joachim Refvik heada i mål etter frispark frå venstresida ved Rikard Rekdal.

Florø2 fortsette å spele og skape sjansar. Ein god Seljekeeper Roy Lasse Torheim redda fleire gonger, og heldt Selje inni kampen utover omgangen. Men etter 65min vart det 1-2 til bortelaget, etter skot under keeper frå 7-8meter ved Erik Selaas. Ny kjemperedning av Roy Lasse etter 75min etter skot frå kort hald. To minutt seinare, etter 77min, fekk Halvor Solheim Olsen stå umarkert på bakerste stolpe og sette inn 1-3. Då verka kampen køyrt, og få trudde på at Selje kunne få med seg poeng.

Men Joachim Refvik ville det annleis. Etter 79min fekk han ballen på kanten av sekstenmeteren, flott vending, dribla inni målfeltet og skaut hardt i lengste hjørnet. Dermed 2-3. Flott prestasjon!

Florø fortsette å styre banespelet, og Selje var berre på sporadiske visittar i angrep. Men etter 87min fekk Selje frispark. Rikard Rekdal løfta ballen inn mot mål, og etter litt klabb og babb raga Martin Hove høgast og fekk stanga ballen i mål frå kort hald. Smått utruleg opphenting og 3-3. Spenninga heldt seg heilt ut, og Florø hadde eit par cornerar heilt mot slutten, men fleire mål vart det ikkje. Glade Seljespelarar jubla for eit vunne poeng!

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Saron Osmundsvåg, Rikard Rekdal, Espen Nøstdal (Håvard Borgund frå 50min), Vegard Elde, Martin Grøttå, Martin Hove, Aleksander Beitveit (Kristian Teigen frå 74min), Joachim L. Træet, Silviu Iacob, Joachim Refvik.



27.05: Selje-Florø 2 søndag kl.14.00

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Mai 2011

Søndag 29.mai kl.14.00 er det klart for ny heimekamp i 5.divisjon. Selje ynskjer Florø 2 velkommen til Selje Idrettspark. Florø 2 toppar tabellen med 10 poeng, medan Selje står med 3 poeng etter seier i forrige heimekamp mot Eikefjord. Vi ynskjer alle vel møtt til kamp på stadion!


Fjelltrimmen 2012, Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Mai 2011

Fjelltrimmen 2012:

Under finn du:

les hele saken...........

- Resultatlister fjelltrim Selje IL 2012

- Info. og trimpostar fjelltrim Selje IL 2012

 

 RESULTAT FJELLTRIMMEN SELJE IL 2012

FJELLTRIMMEN 2012


Trekning av 1 GAVEKORT

BYGGER`N SELJE KR 500,-

mellom dei med 10 beste poengsummane og alle dei som har vore 3 gonger innom alle trimpostane i 2012.

 

  1. RUNDEREIM, KÅRE 911
  2. WOLD, OLAUG 655
  3. LISTOU, ANDERS 559
  4. ÅRVIK, SØLVI 391
  5. INGEBRIGTSEN, MAY-RANDI 353
  6. BERSTAD, BENTE K. 262
  7. HOVE,OLA 262
  8. TOBIAS, JENS 248
  9. PETERSEN, HEIDI 222
  10. RUNDEREIM, SYNNØVE G. 211

Vinnar: OLA HOVE

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 GAVEKORT

COOP PRIX SELJE KR 500,-

Mellom alle som i 2012 har skrive seg inn på alle 16 fjellpostane innan 27.10.12.

  1. AARSHEIM, MADELEN K.
  2. AARSHEIM, SVEIN-KÅRE
  3. AUSTRING, JAN
  4. AUSTRING, MONA
  5. BAKKE,INGE
  6. BARMEN, JETMUND
  7. BARMEN, SVEIN
  8. BERGE,KRISTINA
  9. BERSTAD, BENTE K.
  10. BERSTAD, HÅKON
  11. BERSTAD,ÅSE-BIRGITTE
  12. BØSTRAND,ASBJØRN
  13. ERVIK,HILDEGUNN
  14. ERVIK,LINNEA
  15. FLØLO, BIRGITTE S.
  16. FLØLO, KJELL-MAGNAR
  17. HAMMERSVIK, HALVOR
  18. HAMMERSVIK,JAN
  19. HAMRE,HELGE
  20. HAMRE,MARIUS AAM
  21. HANSEN,SVEINUNG
  22. HATLELID,STEINAR
  23. HATLENES,EVY-ANN
  24. HAUGLAND, EMMA WOLD
  25. HAUGLAND, KNUT
  26. HAUGLAND, NORA WOLD
  27. HJELLE, ODDRUN
  28. HJELLE, SIGBJØRN
  29. HJERTENES,ARNE
  30. HOLE, ÅSE ELIN
  31. HONNINGSVÅG, HILDE
  32. HOPLAND,TURID
  33. HOVDEN, VIGDIS M.
  34. HOVE,OLA
  35. INGEBRIGTSEN, MAY-RANDI
  36. KVERNEVIK, YVONNE
  37. LESTO, JOHANNE M M
  38. LESTO, LEIF
  39. LESTO,OLAV
  40. LESTO,TURID
  41. LIEN, THERESE
  42. LIEN, WANJA KRISTIN
  43. LISTOU, ANDERS
  44. MIDTGAARD,ANN-KRISTIN
  45. MIDTGAARD,ERIK
  46. MIDTGAARD,OLAV
  47. NERLAND,MERETE
  48. NORDPOLL,KARIN
  49. NØSTDAL,ATLE
  50. PEDERSEN,ÅSE
  51. PETERSEN,HEIDI
  52. RUNDEREIM, HELENE
  53. RUNDEREIM, KÅRE
  54. RUNDEREIM, SISSEL
  55. RUNDEREIM,SYNNØVE G.
  56. RUNDERHEIM,ANNE HEMBRE
  57. RØYSET,RANDI M.
  58. RØYSET,TORGEIR
  59. SALT,LEIDULF
  60. SELJEN, ARNE
  61. SELJEN, ÅSHILD
  62. SKORGE, EVELYN
  63. SKÅRBØ,MAGNE
  64. SOLHEIM, KAI-SINDRE
  65. STARHEIMSÆTER,INGER
  66. SÆTREN,VIVIAN N.
  67. TOBIAS,JENS
  68. TVEIT, SOLVEIG W.
  69. VENØY, JAN PETTER
  70. VENØY,KJELLAUG H.
  71. WOLD, OLAUG
  72. ØDEGAARD,KJETIL
  73. AALAND,STEVEN
  74. ÅHEIM, ARVE
  75. ÅHJEM, LIVE
  76. ÅHJEM, SYNNØVE
  77. ÅRVIK, PER KNUT
  78. ÅRVIK, SØLVI

Vinnar: STEINAR HATLELID

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 GAVEKORT BUNNPRIS KR 300,-

Mellom alle født etter 1/1-97 som har gått på minst 10 ulike fjellpostar.

1. BERGE,KRISTINA alle postane

2. ERVIK,LINNEA ” ”

3. HAMRE,MARIUS AAM ” ”

4. HAUGLAND,EMMA WOLD " "

5. HAUGLAND,NORA WOLD " "

6. RUNDEREIM, HELENE ” ”

7. RØYSET,TORGEIR P. ” ”

8. HOVDEN,JULIE 12 postar

Vinnar: KRISTINA BERGE

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 PREMIE VERDI kr 250,- SALONG VI-2 frisørsalong

Mellom dei 10 med flest besøk eller som har vore minst 6 gonger innom posten Kvernhusdalen. Vilkår født etter 1/1-97.

1. HOVE,SARA 5

2. HAUGLAND,EMMA WOLD 4

3. HJERTENES,RICHARD 4

4. HODDEVIK,HENRIK 4

5. KRAKEREID,ELISE 4

6. LISTOU,JOSEFINE H. 4

7. AARSETH,LARS-PETTER 3

8. GRYTTING,NICHOLAS 3

9. LISTOU,MATHILDE H. 3

10. NØSTDAL,MARTINE 3

11. OSMUNDSVÅG,MIKAL 3

12. REFVIK,MAREN 3

13. SKÅR,MATHIAS 3

14. SÆTREN,ROBERT 3

15. SØRENSEN,ANN-MARI 3

16. THUNEM,AGNES P. 3

Vinnar: MATHILDE H. LISTOU

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 GAVEKORT SELJE HOTEL AS KR 500,-

Mellom dei som har gått på minst 6 ulike postar i påska ( frå palmelørdag 31. mars til 2. påskedag 9. april 2012 ).

1. BERSTAD,BENTE K. 6

2. HONNINGSVÅG,HILDE 6

3. RUNDEREIM,KÅRE 6

4. ÅHEIM,ARVE 6

Vinnar: HILDE HONNINGSVÅG

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av PREMIE ( Ryggsekk )

Mellom dei 10 med flest besøk på årets fjelltopp BERSTADHORNET.

  1. WOLD,OLAUG 22
  2. TOBIAS,JENS 20
  3. RUNDEREIM, KÅRE 15
  4. RUNDEREIM,SYNNØVE G. 11
  5. ÅRVIK,SØLVI 10
  6. LESTO,TURID 9
  7. AUSTRING,TORMOD 7
  8. AUSTRING,MONA 6
  9. LISTOU, ANDERS 5
  10. BARMEN,JETMUND 4
  11. BERSTAD,HÅKON 4
  12. ELDE,ANFINN 4
  13. FLØLO,KJELL-MAGNAR 4
  14. HOLE,ÅSE ELIN 4
  15. INGEBRIGTSEN,MAY-RANDI 4
  16. KOSTØL,MARIT 4

Vinnar: OLAUG WOLD

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av premie ( Ryggsekk )

mellom dei med mest besøk på ÅRETS SAGA –post NAUSANE

1. RUNDEREIM, KÅRE 27

2. PETERSEN, HEIDI 23

3. INGEBRIGTSEN, MAY-RANDI 20

4. SELJEN,ÅSHILD 17

5. LISTOU,ANDERS 13

6. BARMEN, SVEIN 13

7. BARMEN, MAGNY 12

8. ÅRVIK,SØLVI 11

9. ELDE,ANFINN 9

10. RUNDEREIM, SYNNØVE G. 9

Vinnar: KÅRE RUNDEREIM

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av PREMIE

1 Gåvekort frå SELJE SPORT OG FRITID v/ Jan Petter Venøy

Mellom dei 10 trimfamilier som har høgast poengsum samla i 2011.

1. Rundereim, Helene/ Honningsvåg, Hilde/ Rundereim, Kåre 1.107

2. Haugland,Oda/ Nora/ Emma/ Knut/ Olaug Wold 1.033

3. Årvik, Sølvi/ Årvik, Per Knut 599

4. Berstad, Are, Åse Birgitte//Berstad, Bente K./ Berstad, Håkon 523

5. Åheim,Arve/ Åhjem,Live/ Åhjem,Synnøve/ Stender, Marianne 408

6. Hove, Sara/ Hove,Sofie, Refvik,Nina/ Hove,Ola 359

7. Flølo, Birgitte S./ Skorge, Evelyn/ Flølo, Kjell-Magnar 358

8. Seljen,Birgitte/ Seljen, Lise-Marie/ Seljen, Åshild/ Seljen, Arne 319

9. Austring, Aurora/ Mona/ Jan 302

10. Røyset,Sigrun E./ Torgeir P./Tone H/Randi M/ Per S. 272

Vinnar: Hove, Sara/ Hove,Sofie, Refvik,Nina/ Hove,Ola

 

FJELLTRIMMEN 2012

TRIMDAG FOR SELJE

LØRDAG 1. mai 2012

Trekning av premie ( Gavekort Pryd & Mote kr 300 ) mellom dei som har skrive seg inn på ein av trimpostane denne dagen.

  1. BRATTLI,VERONIKA
  2. GRYTTING,FRODE
  3. GRYTTING,PER MARTIN
  4. HAMMERSVIK,JAN
  5. HATLENES,RITA H.
  6. HAUGLAND,NORA W.
  7. HIMLE,JOHN E.B.
  8. HJERTENES,ARNE
  9. HONNINGSVÅG, HILDE
  10. HOVDEN,JULIE
  11. HOVDEN,TERJE
  12. HOVDEN,UNNI E.
  13. HOVDEN,VIGDIS M.
  14. INGEBRIGTSEN,MAY-RANDI
  15. LESTO,TURID
  16. LIEN,THERESE
  17. LISTOU, ANDERS
  18. NORDPOLL,KARIN
  19. OTNES,MAGNUS
  20. RUNDEREIM, KÅRE
  21. SANDE,REIDAR
  22. SMENES,BASTIAN
  23. SMENES,FELIX
  24. SMENES,JAN VIDAR
  25. STAVE,LIV
  26. SUNDE,TORE
  27. WOLD,OLAUG
  28. ÅBØ,ERLING J.
  29. ÅBØ,JOHANNE
  30. ÅBØ,KASPER
  31. ÅRVIK,SØLVI

Vinnar: OLAUG WOLD

 

VINTERTRIMMEN 20101 2012.

mellom dei som har skrive seg inn i vinterbøkene.

Vintertrimpost: TUA

PREMIE ( Termos ) til: JETMUND BARMEN

 

Trimpostane:

A: Klipet 1 p. G: Ryggjajorda 2 p. M: Berstadhornet 6 p.

B: Kvernhusdalen 3 p. H: Liberra 8 p. N: Tua 2 p.

C: Orren 2 p. I: Geitahornet 7 p. O: Løypinga 6 p.

D: Tarvaldseggja 6 p. J: Høgeggja 6 p. P: Kvamefjellet 12 p.

E: Bergshornet 2 p. K: Eidshornet 3 p.

F: Nausane 4 p. L: Steineggja 5 p.

 

 

FJELLTRIMMEN 2012

16 TRIMPOSTAR,sjå nederst 

 

FJELLTRIMMEN 2012

MELDING FRÅ SELJE I.L. - MOSJONSGRUPPA

 

FJELLTRIMMEN 2012

1102 personar deltok i fjor!

År

Personar

Turar

Poeng

Tall postar

På alle postane

1994

593

2601

8

13

1995

625

3670

10

25

1996

714

3807

14214

13

22

1997

707

3989

15428

15

29

1998

1071

6739

26321

16

79

1999

1102

6754

25366

16

81

2000

957

6359

25722

16

93

2001

913

6549

26134

16

85

2002

1166

10291

41522

16

140

2003

1237

9644

39454

16

114

2004

1115

7947

31509

16

105

2005

1152

7528

29352

16

93

2006

1019

7365

28220

16

99

2007

1105

7205

26267

16

76

2008

1122

7796

29198

16

85

2009

1258

7916

28865

16

77

2010

1157

6511

23921

16

81

2011

1102

6296

23732

16

75

Mosjonsgruppa arbeider med å forbetre tilbodet , men tal postar blir ikkje endra i 2012.

Postane/ bøkene blir lagt ut lørdag 17. mars 2012 og ligg ute til 27. oktober 2012.

Bøkene for vintertrimmen blir samtidig henta inn 17. mars 2012.

Når sesongen er over blir triminnsatsen til kvar enkelt mosjonist rekna ut i poeng .

Plakett/skjold

Til dei som har vore minst 1 gong på alle 16 postane. Mosjonsgruppa kan få laga ein plakett i tre til dei som skriv seg inn på alle postane og "nye" som fullfører alle 16 postane i 2012 kan kjøpe plakett til kostpris kr 150,-. Dei 286 som har plakett frå før og har gått alle postane i år kan for kr 10,- få årstalmerke "2012" hos Sølvi Årvik til å lime på.

Premiering

* Trekning av 1 GAVEKORT COOP PRIX SELJE kr. 500,- mellom alle som i 2012 innan 27.10.12 har skrive seg inn på alle 16 fjellpostane .

* Trekning av 1 GAVEKORT BYGGER`N SELJE kr. 500,- mellom dei med 10 beste poengsummane og alle dei som har vore 3 gonger innom alle trimpostane i 2012.

* Trekning av 1 GAVEKORT BUNNPRIS kr. 300,- mellom alle født etter 1/1-97 som har gått på minst 10 ulike fjellpostar.

* Trekning av 1 PREMIE SALONG VI-2 verdi kr. 300,- mellom dei 10 med flest besøk eller som har vore minst 6 gonger innom posten Kvernhus- dalen. Vilkår: Født etter 1/1-97.

* Trekning av 1 GAVEKORT SELJE HOTEL AS kr.500,- mellom dei som har gått på minst 6 ulike postar i påska (frå palmelørdag 31.03 til 2.påskedag 09.04).

* Trekning av PREMIE mellom dei med minst 10 besøk på posten NAUSANE

* Trekning av premie(ryggsekk) mellom dei 10 med flest besøk eller

minst 10 besøk på årets fjelltopp Berstadhornet.

* Trekning av 1 GAVEKORT frå SELJE SPORT OG FRITID v/ Jan

Petter Venøy, verdi kr.300,- mellom dei 10 trimfamilier som har

høgast poengsum samla.

* Trekning av premie: trimdag for Selje 1. mai 2012.

* Trekning av premie: vintertrim2011/ 2012.

* Årets fjelltrimmar:personen med beste poengsum samla . Upremiert.

* Årets trimfamilie:familien med beste poengsum samla . Upremiert.

* RISNAKKEN

Konkurranse med eventuell premiering av Selje Barnehage, mellom alle barn født 2006 til 2012 som har skrive seg i boka på Risnakken.

Konkurranse med eventuell premiering av Selje Skule mellom alle barn født 1996 til 2006 som har skrive seg i boka på Risnakken.

* BERSTADHORNET Årets fjelltopp, trekning blant dei 10 beste eller minst 10 besøk.

* KVERNHUSDALEN Født etter 1/1-97 trekning av premier blant dei beste.

* PÅSKETRIMMEN Loddtrekning av gåvekort mellom dei som har gått 6 ulike postar i påska frå palmelørdag 31/3 til og med 2. påskedag 9/4-2012.

Turmarsjar

Turmarsj: Søndag 29. april

Tur frå Indre Fure til Ytre Fure og ev. over til Hoddevikfjellet. Oppslag. Ytre Nordfjord Turlag.

Trimdag: Søndag 1. mai

Er trimdag for Selje " Heile folket i form". Fritt turval. Alle som skriv seg inn på ein av trimpostane denne dagen blir med på trekning av premie.

Turmarsj: Søndag 20. mai

Tur frå Berstad over Løypinga til Rimstad eller Høgehornet. Oppslag.

Turmarsj: Mandag 28.mai (2.pinsedag)

Fjelltur ut i det fri. Friluftsgudsteneste for alle sokna. Vi går den gamle kyrkjevegen frå Liset (Selje) og frå Dragseidet (Leikanger) og møtest langs ruta og har gudsteneste. Samarbeid mellom sokneråda, Selje IL og Stadlandet IL. Sjå annonsering seinare.

Anna informasjon

* Ein arbeider med eit opplegg med informasjon og bilete på Selje IL sine nettsider, og eit opplegg med kveldsturar med utgangspunkt i Selje – f.eks. 2- 2 ½ time.

Alternativt informasjon ved oppslag i sentrum på Nabben om turar.

* Mosjonsgruppa vil prøve å arrangere fellestur 2012. Kjem tilbake til annonsering og påmelding seinare.

Ytre Nordfjord Turlag arrangerer turar i distriktet, sjå annonsering i avisa.

* Stadlandet Idrettslag har 14 trimpostar på:

Flødevatnet, Nobba, Sjåstadvarden, Vardeberget, Grøtrøysa, Dalskarhornet, Hanekamben, Revjehornet, Kyrnosa,Mosekleivhornet, Liberra, Geitahornet, Lundebrekkhornet og Skjeljevatna.

* Frå 27. oktober 2012 til ca. 20. mars 2013 vil det ligge vinterbøker på alle postane. For å vere med i trekning må du ha vore minst 1 gong på følgjande 4 postar: Klipet, Kvernhusdalen, Bergshornet og Nausane.

Det ligg bok heile året på Risnakken og på toppen av Seljeøya.

OBS : Ein gjer merksam på at hjortejakta tek til 10/9.

* Det går fine stiar til alle desse trimpostane som også er flotte utsiktsstader. For å betre fjelltrim-tilbodet vil mosjonsgruppa halde fram arbeidet med å rydde, klippe og få merka dei ulike turstiane. Det ligg bok i vardane eller ved merkepostane, der ein kan registrere at ein har vore der. Ut frå registreringa i bøkene blir triminnsatsen rekna ut . Resultatlister blir lagt ut på Selje Idrettslag sine heimesider.

Utdeling av plakettar og premier vil finne stad i løpet av vinteren.

* Vi viser til Friluftskartet over Selje og Vågsøy kommune med mykje nyttig informasjon.

* Selja Forlag ga i 2005 ut boka ”Opptur” med bilder og tekst over fjellturar i fylket.

Mosjonsgruppa ønskjer alle eit fint trimår med mange fine turar og minner . Mosjonsgruppa er interessert og opne for tips, utspel og nye ideer til turar og trim.

Takk til sponsorane våre.

Ta gjerne kontakt med mosjonsgruppa :

Sølvi Årvik, Kjellaug Hove Venøy, Rita Refvik, Arne Seljen, Kåre Rundereim, Håkon Berstad.

 

TRIMPOSTANE 2012

KLIPET– 180 m.o.h. med start t.d. frå ferist mellom "Nova" og vegen til Djupedals- feltet. Kan kombinerast med ein tur i Kvernhusdalen eller mot Djupedalsvatnet til Orren . Gjev 1 poeng pr. besøk .

KVERNHUSDALEN– 167 m.o.h. har posten ved utløpet frå Kvernhusdalsvatna. Rundt vatna har vi ei fin rundløype. Ta også turen bort på Kyrkjehornet for utsikta sin del . Posten gjev 3 poeng .

ORREN– 400 m.o.h. er toppen mellom Djupedalsvatnet og Tarvaldseggja . Kortast vei er stien frå sidevei på Sandvikeidet. Blir ofte brukt som ein post på ruta til/frå Tarvaldseggja. 2 poeng .

TARVALDSEGGJA- 645 m.o.h. er nest høgste fjelltoppen i kommunen, og er best tilgjengeleg frå Sandvikeidet. Merka løyper opp. Gjev 6 poeng.

BERGSHORNET– 340 m.o.h. er ein trimpost med fin utsikt over Bergsbygda og Moldefjorden. Merka sti frå 3. svingen på Sandvikeidet på Selje-sida. 2 poeng.

NAUSANE- 448 m.o.h. kan nåast på merka sti frå Bergshornet mot aust eller på sti frå Sandvikeidet. Ta gjerne omveien om Søreggja med fin utsikt mot Selje. 4 poeng.

RYGGJAJORDA– 20 m.o.h. ligg like utanfor Årdalen. Dei som endå ikkje har gått fjøra frå Skårbø til Årdalen har ei oppleving til gode . Lett å gå , oftast lunt og godt, og heilt spesielt . Gjev 2 poeng . For dei som ynskjer noko større utfordring, vil ein foreslå ein tur ut til Tårnet/ Liberrmannen, ein heilt spesiell steinformasjon nokre hundre meter utanfor Årdalsholmen. Eller ein tur på

LIBERRA- 471 m.o.h. med oppstigning frå Ryggjajorda eller frå Liset/ Skårbø/Årdal. Turen kan også gå frå Dragseidet over Sjåstadvarden som er lettaste veien. Liberra har utruleg fin utsikt, og har ei spesiell utforming. Her får du 8 poeng for eit besøk. Frå Liberra kan turen gå til

GEITAHORNET– 474 m.o.h. ved den gamle kyrkjevegen Liset-Dragseidet er ein litt spesiell topp med utruleg fin utsikt. Besøk på Geitahornet gjev 7 poeng. Tilkomst også frå Skårbø eller Liset .

HØGEGGJA- 414 m.o.h. frå Liset ein liten omvei på stien mot Geitahornet, langs den gamle kyrkjevegen Liset - Dragseidet - 6 poeng .

EIDSHORNET- 530 m.o.h. når ein lettast ved å gå opp frå Mannseidet. Turen hit gjev 3 poeng. Frå Eidshornet er det flott utsikt i alle retningar og ein fin tur mot nordaust til

STEINEGGJA- 501 m.o.h. med utsikt mot Kvamsdalen og Vanylvsfjorden 5 poeng. Ligg nær Krokevatnet som er eit godt fiskevatn . Det er merka sti vestover mot Nausane og Sandvikeidet.

BERSTADHORNET- 578 m.o.h. med kjempefin utsikt i alle retningar . Relativt lett å gå sørover frå Mannseidet , gjev 6 poeng.

TUA ( BERSTAD )– 440 m.o.h. ein mindre avstikkar på stien frå Mannseidet mot Berstadhornet, 2 poeng.

LØYPINGA– 280 m.o.h. i Berstaddalen opp frå Berstad langs den gamle postvegen til Bryggja gjev 6 poeng, medan den høgste fjelltoppen i kommunen

KVAMEFJELLET/ HØGEHORNET- 774 m.o.h. gjev heile 12 poeng. Det er mange stiar som fører opp til høgaste fjellet i kommunen, og varier gjerne . Merka og rydda sti opp frå Berstad, elles er det naturleg å gå opp frå eller helst ned til Løypinga.

Det var lokalt rydda og merka stiar også frå Hatlenes og Langenes.



20.05: Hornindal-Selje 3-2

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Mai 2011

Selje tapte 3-2 mot Hornindal fredag kveld. Stillinga ved pause var 3-1 til heimelaget. Hornindal var klart best i 1.omgang, medan Selje kom mykje betre med etter pause..... 

Selje fekk ein dårleg start på kampen. Berre etter vel 1minutt fekk Morten Taraldset kjempetreff frå 25meter og dermed 1-0 til heimelaget. Etter 10min vart det 2-0 ved Even Lødemel. Hornindal styrte det meste utover omgangen. Selje var for passive, kom lite med i spelet og hadde nok med å forsvare seg. Heimelaget gjekk opp til 3-0 ved Steinar Gram då halvtimen var spelt, og det begynte å sjå stygt ut for Selje.

Men etter 35min fekk Selje frispark nesten på midtstreken. Rikard Rekdal slo langt mot mål, og der fekk Joachim Refvik stussa ballen vidare med hovudet og i mål. Dermed gjekk laga til pause med 3-1 leiing til Hornindal.   

Det var eit langt friskare Seljelag som kom på bana etter pause. Spelarane jobba hardare, kom betre inni duellane og fekk etter kvart til bra spel. Dermed tende Gaute Otnes eit håp då han reduserte til 3-2 etter 55min. Øystein Austring spelte Gaute gjennom, og åleine mot keeper scora han sikkert.

Andre omgang var jamnspelt. Selje hadde nokre bra sjansar, og Hornindal hadde to store som strauk utsida av stolpen. Men fleire mål vart det ikkje i kampen, og Hornindal tok dermed sin fyrste seier for sesongen.  

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Håvard Borgund (Øystein Austring frå 45min), Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Vegard Elde, Martin Hove, Joachim Refvik, Silviu Iacob (Alexander Hove frå 74min), Joachim L. Træet, Martin Grøttå (Tor-Are Årvik frå 87min), Gaute Otnes.



17.05: 17.mai i Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Mai 2011

Gratulerer med dagen! Tradisjonen tru gjekk Selje IL også i år med fane og flaggborg fyrst i 17.maitoget. Her er leiar Adrian Mortensen, med bunadskledde "duskedamer" Guro L. Larsen og Thea-Marie Berge, rett før start. Trass i regn gjekk det likevel bra med toget. Ved sjukeheimen var det samling med allsong og tale ved 5.klasse. Deretter gjekk toget tilbake til skulen, der leikar for barna venta..... 


13.05: Klubb-dommarkurs i Selje onsdag 18.mai

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mai 2011

KLUBB-DOMMARKURS I SELJE: onsdag 18.mai, kl.19-21

Alder: gutar/jenter 8.-9.-10.klasse og eldre. Les under....

KLUBB-DOMMARKURS I SELJE

Alder: gutar/jenter 8.-9.-10.klasse og eldre

Selje IL-Fotball, i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, arrangerer også i år klubbdommarkurs i Selje:

ONSDAG 18.MAI

Kl.19.00-21.00

på klubbhuset

Kurshaldar: Maj Britt Aam Hamre

Alle som tek kurset vil få tilbod om å dømme på miniputt-turneringa på Seljecup.

Vel møtt til dommarkurs!

Spørsmål/påmelding: kontakt Anne-Britt D. Rekdal tlf.958 44 684



13.05: Seljeseier 3-0 mot Eikefjord

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mai 2011

Selje vann i kveld 3-0 mot Eikefjord, etter å ha leia 1-0 ved pause. Også i denne kampen tok Selje tidleg leiinga, men i dag heldt det heilt inn. God laginnsats og godt keeperspel av Roy Lasse Torheim sikra tre poeng til heimelaget. Stor stemning etter kampslutt, då fyrste seier for sesongen var eit faktum.....meir om kampen under.....

Begge laga stod utan poeng etter to serierundar, men i dag ville iallefall minst eit av laga få poeng! Selje fekk ein god start som i dei to føregåande kampane, og gjekk opp til 1-0 alt etter 5min. Eit bra angrep på høgresida, med innlegg frå Kristoffer Nøstdal, vart flikka vidare i feltet og Martin Hove sette ballen i mål frå kort hald.

Etter kvart tok Eikefjord over banespelet og pressa på utover omgangen. Etter 15min stor sjanse, då ballen vart lobba over Seljekeeper Roy Lasse Torheim og like over mål. To minutt seinare kjempesjanse til Eikefjord med skot i stolpen og påfølgjande retur i tverrliggar og over. Etter 42min ny stor sjanse til bortelaget, men Roy Lasse redda flott. Mot slutten av omgangen kom Selje litt meir med, men var heldige som kunne gå til pause med 1-0 leiing.

Det var spelt berre 5min av andre omgang då Selje gjekk opp til 2-0. Fint angrep på venstresida, Joachim Træet la skrått ut til 16meteren, og Henrik Aaland sende ballen i hjørnet. 

Men Eikefjord fortsette å presse på, og var nær scoring i det 61min då ein angripar kom åleine gjennom, men Roy Lasse rykka ut og parerte begge skotforsøka og ut til corner. To minutt seinare var det Selje som hadde ein stor sjanse. Joackim Træet spelte Joachim Refvik åleine gjennom, men skotet gjekk rett på keeper. 

I det 70min varta Roy Lasse igjen opp med ei kjemperedning. Skotet frå sekstenmeteren såg Eikefjord i mål, men eit tigersprang av keeper og ballen vart stoppa heilt ute med stolpen. I staden for scoring til bortelaget, var det Selje som gjekk opp til 3-0 etter 73min. Eit frispark frå midtbana av Rikard Rekdal, vart slått høgt i retning mål. Joachim Refvik vann duellen i målfeltet og heada ballen over ein utrusande Eikefjordkeeper.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter denne scoringa miste Eikefjord litt av initiativet og trykket, og det var Selje som produserte dei fleste sjansane resten av omgangen. I det 75min skot rett utanfor frå 12-13meter av Joachim Træet. 79min og kjempesjanse for innbyttar Gaute Otnes, flott volleyskot frå 16meteren like over. 82min bra skot av Joachim Refvik inne i målfeltet, men rett på keeper.

Dermed ebba kampen ut med årets fyrste seier for heimelaget. Glede og stor stemning etter kampslutt då dei fyrste poenga var sikra. God laginnsats i dag av alle mann, med eit ekstra pluss til dagens Seljespelar Roy Lasse Torheim.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Roy Lasse Torheim

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Aleksander Beitveit (Tor Are Årvik frå 87min), Rikard Rekdal, Espen Nøstdal, Vegard Elde (Håvard Borgund frå 88min), Martin Hove, Henrik Aaland (Øystein Austring frå 87min), Joachim L. Træet, Kristoffer Nøstdal, Joachim Refvik, Martin Grøttå (Gaute Otnes frå 59min).



12.05: Selje-Eikefjord fredag 13.mai kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mai 2011

Fredag 13.mai kl.19.00 er det ny heimekamp i 5.divisjon. Selje ynskjer  Eikefjord velkommen til Selje Idrettspark. Begge laga har tapt sine to fyrste kampar, men i dagens kamp vil det iallefall bli poeng på minst eit av laga. Vi ynskjer alle velkommen til kamp på stadion!


11.05: Fyrste kamp seriespel J9/10 og G9/10

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Mai 2011

I kveld debuterte 9- og 10 åringane til Selje på sin fyrste seriekamp. Jentene spelte på heimebane og vann stort mot Stryn. Gutane var på Eid og tapte sin kamp. Flott innsats av begge laga. Det blir spennande å følgje dei vidare i sesongen. Heile 10 jenter var med i dag, og 12 gutar....veldig bra...fleire bilder sjå under........ (foto:Atle S)                                                   

 

 

 

Foto under: Thomas Bickhardt/BickFoto

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



08.05: TornadoMåløy 2 - Selje 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Mai 2011

Det vart reprise på resultatet frå sist helg, då Selje tapte 5-1 mot TornadoMåløy 2 i flott sommarver på Refvik stadion i dag. Også denne kampen leia Selje 1-0 ei lita stund, men heimelaget snudde til 3-1 til pause. To mål til i 2.omgang og dermed ein klar heimeseier....

Fleire debutantar for Selje i dagens kamp! Alle gjorde ein god innsats......Guttespelar Aleksander Beitveit spelte heile kampen, Silviu Iacob og Håvard Borgund spelte begge frå start. I tillegg Tor Are Årvik, som kom inn mot slutten av kampen, og spelte sin fyrste kamp på A-laget. Bjørn Erik Drabløs som gjorde comeback sist helg med eit kort innhopp, spelte andre omgang i dag.   

9min: 0-1 Martin Hove på frispark

25min: 1-1, 27min:2-1, 43min: 3-1, 62min: 4-1, 80min: 5-1.

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Aleksander Beitveit, Rikard Rekdal, Espen Nøstdal, Håvard Borgund (Bjørn Erik Drabløs frå 45min), Vegard Elde, Martin Hove, Kristoffer Nøstdal (Øystein Austring frå 60min), Joachim L. Træet, Joachim Refvik, Silviu Iacob (Tor Are Årvik frå 80min).



04.05: Flott innsats på 1.mai-løpet

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Mai 2011

Det tradisjonsrike 1.mai-løpet på Åheim, samla også i år mange deltakarar. Frå Selje IL deltok denne blide gjengen, med svært bra resultat....les meir under....  (foto: Bente Berstad)

 

 

Det var litt færre deltakarar på 1.mailøpet i år (konfirmasjon/søndag), men Selje fekk skryt av speaker for stor delegasjon – spesielt i klasse for gutar 14 år.

Selje IL hadde med: Einar Tobias Hoddevik (3.klasse), Mikal Osmundsvåg (4.klasse), Emil Giljanovic og Ingo da Silva (7.klasse), samt 6 gutar frå 8.klasse; Ole Johnny Hoddevik, Andreas Olav Hoddevik, Kristoffer Aam Hamre, Sondre Pileberg Aahjem, Johannes Osmundsvåg og Are Berstad, samt Jan Petter Venøy i menn senior.

Flott innsats av Selje-gutane; 2.plass i gutar 9 år (3.klasse), 1.plass i gutar 10 år (4.klasse, 1. og 2.plass i gutar 13 år (7.klasse) og 1. og 2.plass i gutar 14 år.

I løpet til gutar 14 år var det ein spennande spurt mellom Ole Johnny og Are, og dei sprang inn til dei beste tidene som har vore i den klassa på mange år (eller i det heile tatt?), 02.16min. var vinnartida til Are.

Linken til resultatlista på 1.mai-løpet er: http://www.folkeweb.net/aaheim2#cid=1

Det vil bli lagt inn bilder frå 1.mai-løpet etter kvart på heimesida til Åheim IL: www.aaheim.no – leit under ”Friidrett” og ”1.mailøpet”.



01.05: Selje-Bremanger 1-5

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Mai 2011

Selje tapte 1-5 i seriestarten mot Bremanger, etter 1-1 ved pause. Selje starta best og var i føringa alt etter 2minutt, men bortelaget tok etter kvart over og vann ein fullt fortent seier....

Heile 18 spelarar var i troppen til Selje i dagens kamp. Veldig bra, med tanke på at det i vinter lenge var usikkert om Selje i det heile kom til å klare å stille lag...... Av dei 30 spelarane som stod registrert med kamp for i Selje i 2010, er nesten halvparten ute før årets sesong. Det betyr fleire nye ansikti Seljedrakta. I dagens tropp var det 8 spelarar som ikkje var med i fjor. Spesielt velkommen til keeper Roy Lasse Torheim som er på utlån frå Eid i vårsesongen.  

I flott sommarver og med godt over 100 tilskodarar låg alt til rette for ein fin kamp. Selje starta best, og gjekk opp til 1-0 alt etter 2minutt. Joachim Refvik fekk ballen inne i straffefeltet, og la ut til Joachim L. Træet som plasserte ballen flott i hjørnet frå 16-17meter. Selje hadde overtaket dei fyrste minutta, men etter kvart kom Bremanger meir og meir inni kampen. Det var difor ikkje ufortent då utlikninga kom etter 21min. Eit gjennomspel i midten gjorde at Runar Leirgulen kom åleine gjennom, og sette ballen sikkert forbi keeper og i hjørnet.

Bremanger hadde to store sjansar etter 30 og 34 min, men scoring uteblei. Selje slokna meir og meir, og Bremanger tok over. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

Selje hadde ein bra sjanse etter 10min i 2.omgang etter frispark frå Joachim Refvik og påfølgjande retur. Etter 65min vart det 1-2, etter at Runar Leirgulen vann duellen i tackling med keeper, og ballen gjekk over streken. Bremanger gjekk oppi 1-3 etter 71min. Igjen eit gjennomspel, der Ole Langeland skar inn frå kant og sette ballen i mål åleine med keeper Roy Lasse Torheim.

Då bortelaget scora igjen 4min seinare, var i alle fall tapet klart. Martin Hammersland sette ballen i mål på bakerste stolpe. Selje hadde ein kjempesjanse til å redusere etter 87min. Dagens debutant, innbyttar Martin Grøttå, heada frå kort hald over keeper men ballen strauk utsida av stolpen. Forøvrig tidenes yngste som har debutert på A-laget, 14 1/2 år gammal.

Bremanger gjekk opp til 1-5 i det 90min, etter dribleraid frå midtbana, og Tom Hem som sette ballen i mål. Igjen åleine mot keeper, som heller ikkje i denne situasjonen kan lastast for scoringa. Roy Lasse Torheim hadde ein god debut for Selje. 

Dermed vart det stortap i serieopninga for Selje på heimebane. Bremanger ville mest og jobba hardast, og vann ein fullt fortent seier, om enn kanskje litt stor etter spel og sjansar.  

Seljes lag: Roy-Lasse Torheim, Saron Osmundsvåg, Martin Hove (Henrik Aaland frå 59min), Espen Nøstdal, Joachim Refvik, Rikard Rekdal, Severin Rokne (Øystein Austring frå 77min), Joachim L. Træet (Martin Grøttå frå 71min), Kristoffer Nøstdal, Anders D. Rekdal, Vegard Elde (Bjørn-Erik Drabløs frå 86min).

Ubenytta reservar: Tor-Are Årvik, Silviu Iacob, Håvard Borgund .

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen Nøstdal 



30.04: Seriestart 5.div: Selje-Bremanger

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Apr 2011

Søndag 1.mai kl.15.00 er det seriestart i 5.divisjon. Selje får besøk av Bremanger på Selje Idrettspark. Felles for begge laga er at det tidlegare i vinter, var usikkert om dei hadde nok spelarar til å greie å stille lag. Men heldigvis, begge laga er no klare for seriestart.....Vi ynskjer alle velkommen til kamp på stadion! Les meir om Selje sitt A-lag under..... (foto: Stig Høines)  

Etter nedrykket frå 4.divisjon i fjor, er Selje tilbake i 5.divisjon, for fyrste gong sidan 2004. Seljefotballen har hatt ein fantastisk periode, med  gode sportslege resultat. I ein reportasje skreiv t.d. avisa "Firda" at Selje var "årets fotballeventyr i Sogn og Fjordane", etter det andre opprykket på rad i 2005. Det har uansett vore særs spennande å vere Selje-supporter i denne perioden, då alle sesongar har handla enten om opprykk eller nedrykk. Sjå berre her:

2004: 5.div. opprykk, 2005: 4.div. opprykk, 2006: 3.div. nedrykk, 2007: 4.div. opprykk, 2008: 3.div. nedrykk, 2009: 4.div. nesten opprykk, 2010: 4.div. nedrykk.

Framfor 2011-sesongen har det store spørsmålet vore om Selje skulle ha nok spelarar til å stille lag. Det var vore lagt ned ein formidabel jobb det siste halve året for å greie dette. "Alle steinar har vore snudd", og det er difor kjekt at vi no kan ynskje velkommen til seriestart på heimebane.

Med det utgangspunktet som A-laget har hatt framfor denne sesongen, kan vi ikkje sette høge sportslege mål. Hovudmålet for sesongen er klart: Selje skal ha A-lag! Så får ein ta kamp for kamp, og gjere det beste ut av situasjonen til ei kvar tid.

Då heile støtteapparatet takka av, etter mange års innsats, var det også ei stor utfordring å få nokon til å ta seg av laget. Selje IL, Fotball takkar Rikard og Martin for at dei tok utfordringa, og starta opp treningar etter nyttår. Dei har gjort ein flott jobb! Tanken har heile tida vore at dei skulle ha nokon å hjelpe seg på linja i kampsituasjon. Det har vore jobba iherdig også med dette, men dessverre utan å finne løysing endå....

A-laget med Rikard og Martin i spissen, fortener all mogeleg støtte og ros. Positivt er det at svært mange i bygda har vore veldig opptekne av at Selje framleis skal ha A-lag også i 2011. Vår oppfordring er: Kom på kamp, og støtt laget både på og utanfor bana.....Måtte det beste heimelaget vinne!

Med sportsleg helsing

for Selje IL, Fotball

Atle Solheim

 



Heimekampar og dommaroppsett våren 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Apr 2011

Nedanfor er info. og liste med oversikt på alle heimekampar VÅREN 2011 med oppsett dommar. Vi prøver så langt råd å oppdatere lista... dersom det vert gjort endringar i høve oppsettet i terminlista, vert kampane utheva med raud skrift....

Dato

Klasse

Lag

Type

Kl.

Dommar

26.4

J15/16

Selje - Stadlandet

7ar

19

Geir Jensen

28.4

J12

Selje - Haugen

7ar

18

Emilie Silden

1.5

A-lag

Selje –Bremanger



15

Lefdal

G12

Selje - Skavøypoll

7ar

18

Emilie Silden

5.5

G15/16

Selje - Skavøypoll

11ar

19

Sureskumar

9.5

G11

Selje/Stadlandet – Skavøypoll

7ar

18

På Stadlandet

9.5

G13/14

Selje - Skavøypoll

11ar

19

Geir Jensen

11.5

J 9/10

Selje – Stryn 1

5ar

18

Frode Nøstdal

12.5

J12

Selje – Stryn 1

7ar

18

Martin Grøttå

12.5

J13/14

Selje -Svelgen

7ar

19

Susanne

13.5

A-lag

Selje - Eikefjord



19

Endestad

16.5

J15/16

Selje - Loen

7ar

18

Steven Aaland

19.5

G15/16

Selje - Loen

11ar

19

Sureskumar

19.5

J 12

Selje - Eid

7ar

18

Susanne
23.5 G13/14 Selje-Bremanger 11ar 19 Geir Jensen

24.5

G 11

Selje/Stadlandet - Bremanger 2

7ar

18

Kristoffer/Johannes
25.5 G10 Selje - Skavøypoll 5ar 18 Susanne

26.5

G12

Selje – Tmfk1

7ar

18

Emilie

27.5

J13/14

Selje -Eid

7ar

19

Maj Britt

29.5

A-lag

Selje – Florø2



13

Haugland

 

 

 

 

 

1. 6

J 9/10

Selje – Eid 2

5ar

18

Madelen Aa.

2.6

G15/16

Selje- Bremanger

11ar

19

Sureskumar

6.6

G13/14

Selje - Hornindal

11ar

19

Sureskumar

7.6

J15/16

Selje - Jølster

7ar

19

Maj Britt

9.6

J12

Selje - Tmfk

7ar

18

Are Berstad

14.6

G12

Selje - Hornindal

7ar

17.30

Martin

12.6

A-lag

Selje - Stadlandet



15

Endestad

14.6

J13/14

Selje – Vikane

7ar

18

Steven Aaland

20.6

J15/16

Selje - Florø

7ar

19

Geir Jensen

20.6

G 11

Selje/Stadlandet - Haugen 1

7ar

18


Rakel














Der kampane er merka med grønt, må flyttast pga.den eine er 11-ar kamp , MEN det nok å endre klokkesletta litt. Det treng IKKJE byttast kampdag. MELD ENDRINGAR TIL ANNE BRITT 95844684 J ELLER ATLE 99247687 endringar vil verte merka med raudt. Dei ”blå” kampane BØR flyttast til tidlegare i veka eller veka etter pga. Seljecup........

OPPMENN:                                                                                     DOMMARAR:

J 9/10 LINDA R. NØSTDAL 48044847                                     MAJ BRITT AAM HAMRE 99295974

J 12 VIOLA TAKLO 93610119                                                    GEIR JENSEN 90994809

J 13/14 HEIDI PETERSEN 95177356                                       EMILIE SILDEN 90283953

J 15/16 MERETHE KJØDE ÅARSHEIM 90755459                  SUSANNE AARSHEIM 97981020

G 10 HELGE HAMRE 95203093                                                    MARTIN GRØTTÅ ________

G 11 RUNE JAN SKÅR 91833805                                                JOHNNY TRÆET 90976067

G 12 ANNICHEN A. GRØTTÅ 47648058

G 13/14 MAGNAR OSMUNDSVÅG 95282417

G 15/16 EVY- ANNE HATLENES 99028048





09.04: Barnefotballkveld i Selje onsdag 13.april

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Apr 2011

Selje IL, i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, inviterar til Barnefotballkveld i Selje onsdag 13.april kl.18-20. Info. og program osv., sjå under.....

 


Barnefotballkveld i Selje

ONSDAG 13.april 2011

I samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerar Selje IL- Fotball:

Barnefotballkveld onsdag 13.april, kl.18.00-20.00

Invitasjonen går til alle, trenarar/oppmenn og evt. andre i klubben. Spesielt fokus på klassane 6 - 12 år.

Flatraket IL og Stadlandet IL vert også inviterte.

SFFK/NFF vedtok i 2010 å gjennomføre eit ”løft” for barnefotballen. I den samanheng vil Sogn og Fjordane Fotballkrets ut i alle kommunar i fylket og gjennomføre ein barnefotballkveld der m.a.: organisering, innhald, treningsmengde i barnefotballen står i fokus. Selje IL arrangerte barnefotballkveld også i april i 2010.

Dette vert ein kveld med både teori og praksis. Ein startar med teoridelen før ein går på bana og køyrer ei praksisøkt med lillegut (G11 og G12) spelarar som objekt. SFFK stiller med instruktør, og arrangørklubbane stiller med teorirom og bane til praksisen.

Program:

1. Teoriøkt i klubbhuset

2. Trening/praksis på bana

3. Oppsummering/avslutning i klubbhuset

Instruktør: Eivind Heggen, Eid IL

Selje IL har i 2011 svært stor aktivitet, med lag i samtlege klasser, både gutar og jenter frå 7-16 år.

I alt 6 minilag er påmeldt miniputt-turneringane. 7 aldersfastlagde lag i seriespel. Nytt i år er seriespel for G9/G10 og J9/J10, her har Selje meldt på 1 lag i kvar klasse.

Påmelding til seljeil@online.no eller tlf. 99247687

innan 12. april

Vi håpar på stor oppslutning på barnefotballkvelden også i år! Velkommen!

Selje 08.04.11         for Selje IL, Fotball

                            Atle Solheim



04.04: Resultat treningskamp-turnering Selje Idrettspark

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Apr 2011

I ei vellukka treningskamp-turnering på Selje Idrettspark fredag og laurdag, vann TMFK 2, etter å ha slått Åheim i finalen. Sjå resultat under....

Resultat fredag:

Selje-TMFK 2, 2-5 (2-0) Joachim Refvik scora begge Seljes mål.

Flatraket-Åheim, 2-5 (1-5).

Resultat laurdag:

Selje-Flatraket, 2-4 (1-2). Joachim Refvik og Espen Nøstdal scora Seljes mål.

TMFK2-Åheim 4-2 (1-0)



01.04: Bingo på søndag kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Apr 2011

Selje IL v/B-Ugruppa arrangerer bingo i klubbhuset på søndag kl.18.00. Sal av kaffi, mat.... vi håpar at riktig mange set av ettermiddagen til sosialt samver i klubbhuset. Velkommen til bingo!


30.03: Treningskamp-turnering fredag og laurdag

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mar 2011

A-laga til Selje, Flatraket, Åheim og TMFK 2 møtest til treningskampar på Selje Idrettspark fredag 1. og laurdag 2.april.

Fredag:  kl.18.00 Selje -TMFK 2, kl.20.00 Flatraket - Åheim

Laurdag: kl.14.00 Selje - ?, kl.16.00 TMFK 2 - ?



30.03: 11 Seljelag på Toyotacup i helga

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mar 2011

Selje har med heile 11 lag på Toyotacup i Nordfjordhallen på laurdag og søndag. Desse laga deltek: G7, G10, J9/10 (2lag), G11 (Selje/Stadl) , G13/14 (2lag), J13/14 (2lag), J15/16, G15/16. Vi ynskjer laga lukke til på cupen!


25.03: Bingo på søndag kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Mar 2011

Selje IL v/B-Ugruppa arrangerer igjen bingo i klubbhuset på søndag kl.18.00. Sal av kaffi, mat.... vi håpar at riktig mange set av ettermiddagen til sosialt samver i klubbhuset. Velkommen til bingo!


26.03: 4 spelarar på Soneturnering kull 1998

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Mar 2011

Etter fotballskule i vinter i regi av TMFK og turnering forrige helg, er no uttaket for sonene gjort. Av spelarane som Selje har hatt med, har klubben fått med to gutar og to jenter i Nordfjord-troppen. Vi gratulerer! Sjå heile troppen under og program for samlinga på Eid Idrettspark 10.april.... 

4 spelarar frå Selje på sonelag Nordfjord, kull 1998

 

Heile troppen:

Gutar :
Arne Nybø Gangeskar Breimsbygda IL
Sindre Storøy Kolseth Bremanger IL
Isak Hopland Stryn T&IL
Filip Westad Stryn T&IL
Steffen Glosvik Stryn T&IL
Hamed Wahazabah Stryn T&IL
Rasmus Haugen Hornindal IL
Vegard Aaland Stryn T&IL
Simon Sunde Stryn T&IL
Vebjørn Høynes Eid IL
Simen Lefdal Eid IL
Ingo Da Silva Selje IL
Emil Giljanovic Selje IL
Marius Henriksen Skavøypoll IL
Anders R. Kvalheim Skavøypoll IL
Steven Silden Skavøypoll IL
Joachim Joensen Bremanger IL
Halvor Nesbakk Bremanger IL

Jenter :

Anne Sofie Auflem Loen IL
Ida Flo Stryn TIL
Nora Øvreberg Stryn TIL
Mia Sæbø Stryn TIL
Synne Vik Stryn TIL
Kristine Tonning Loen IL
Ingrid Gausemel Hornindal IL
Zenia Gregersen Vik Loen IL
Silje Torheim Hornindal IL
Sofie Hole Sandane TIL
Siri Henden Sandane TIL
Julie Felde Breimsbygda IL
Anette Melheim Jensen Eid IL
Lena Nilsen TMFK
Stine Nilsen TMFK
Amalie Apneseth TMFK
Madelen Hammerseth Selje IL
Ragnhild Hamre Selje IL


Trenarar jenter : John Os og Guttorm Sæbø.

Trenarar gutar : Kåre Bakke og Paul Øyvind Glosvik.

Kampprogram :

Kl. 10.00  Jenter Nordfjord – Sunnfjord
Kl. 11.00  Gutar Nordfjord – Sunnfjord
Kl. 12.00  Jenter Sunnfjord – Sogn
Kl. 13.00  Gutar Sunnfjord – Sogn
Kl. 14.00  Jenter Sogn – Nordfjord
Kl. 15.00  Gutar Sogn – Nordfjord



20.03: Seljelag på Olivincup i helga

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mar 2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vore full rulle på Olivincup heile helga. Stor påmelding til den flotte og populære cupen gjorde at kampane har gått til sein kveld.... Selje har hatt med lag i desse klassane: G8, G11 (Selje/Stadlandet), G12, G13, G14 (2lag). Alle laga har gjort ein flott innsats. I sluttspelklassane kom dei to G14-laga lengst, då dei delte 3.plassen. Are Berstad vart kåra til turneringas beste spelar i G14, og Magnus Rye vart toppscorar i denne klassen med 11mål (Sondre P. Aahjem hakk i hæl med 10mål)....Les meir, resultat osv. på www.aaheim.no

 



18.03: Bingo i klubbhuset søndag 20.mars kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mar 2011

Selje IL v/B-Ugruppa arrangerer igjen bingo i klubbhuset på søndag kl.18.00. Sal av kaffi, mat.... vi håpar at riktig mange set av ettermiddagen til sosialt samver i klubbhuset. Velkommen til bingo!


18.03: 3 Seljespelarar på fotballskule-turnering

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mar 2011

I helga er det fotballskule-avslutning i Stryn for gutar f.-98. Frå Selje IL er desse spelarane uttekne: Ingo da Silva, Kristoffer Haugen, Emil Giljanovic. Oppsett for turneringa, sjå www.haugenfotball.no

 



11.03: Bingo i klubbhuset søndag 13.mars kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mar 2011

Stor suksess og fullt hus, då bingoen starta opp sist søndag......... Selje IL v/B-Ugruppa arrangerer bingo i klubbhuset på søndag 13.mars kl.18.00. Sal av kaffi, mat.... Selje IL tek sikte på ha bingo nokre søndagar framover, så vi håpar at riktig mange set av ettermiddagen til sosialt samver i klubbhuset. Velkommen til bingo!


12.03: Treningstider gym.sal vinter 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mar 2011

Oversikt treningstider gym.sal, sjå under....

TRENINGSTIDER VINTER 2011 pr.10.01.11

GYM.SAL                                         NB! Kvart lag/treningsgruppe må rydde etter seg!

Alt utstyr skal leggast på plass!

Trenar har ansvar for at det vert rydda, lys avslått og dører låste heilt ut!

MANDAG

KONTAKTPERSON

Allidrett 2004 1.kl

17.00-18.00

Evy Ann R. Aarseth

Allidrett 2002 3.kl

18.00-19.00

Bettina V. Bickhardt

A-lag

19.00-20.00

Martin Hove/Rikard Rekdal

Oldboys

20.00-21.30

TYSDAG

KONTAKTPERSON

Allidrett 2001 4.kl

17.00-18.00

Odd Egil Hatlenes

Lena S. Krakereid

G12 (1999)

18.00-19.00

Elin L. Larsen

Annichen A. Grøttå

G 13/14 (1997/1998)

19.00-20.00

Ove Hoddevik

Aerobic damer

20.00-21.00

Anita O. Hoddevik

ONSDAG

KONTAKTPERSON

J 11/12 (1999/2000)

17.00-18.00

Trond Sætren

G8/G9/G10 (2003/2002/2001)

2.-4.kl

18.00-19.00

Anita O. Hoddevik m.fl

J15/16 (1995/1996)

19.00-20.00

Martin Hove

A-lag

20.00-21.00

Martin Hove/Rikard Rekdal

TORSDAG

KONTAKTPERSON

G11 (2000) Selje/Stadl.

16.30-18.00

Geir Johnny Rye

Per Jarle Hoddevik

Allidrett 2003 2.kl

18.00-19.00

Vibeke E. Grytting

J 13/14 (1997/1998)

19.00-20.00

Elise Sætren

Susanne Aarsheim

G 13/14 (1997/1998)

20.00-21.00

Ove Hoddevik

FREDAG

KONTAKTPERSON

G15/16 (1995/1996)

17.00-18.30

Trond Grøttå

Oldboys

18.30-19.30

19.30-20.30

LAURDAG

A-lag 13.00-14.30

Martin Hove/Rikard Rekdal

SØNDAG



12.03: Invitasjon Seljecup 2011, 10.-13.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mar 2011

Invitasjonar til Seljecup 2011 er sendt ut. Den tradisjonsrike og populære cupen vert i år arrangert i pinsehelga, 10.-13.juni. Info. og påmelding m.m., sjå www.seljecup.no eller trykk på Seljecup 2011 i venstremenyen her på sida....


11.03: Trenarkurs i Nordfjordhallen 11.-12.mars

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Mar 2011

På trenar 1 kurs (aktivitetsleiar) i Nordfjordhallen fredag og laurdag har Selje IL, Fotball meldt på 4 deltakarar: Bettina V. Bickhardt, Geir Jensen, Sofie Hove, Susanne Aarsheim.


10.03: Olivincup 18.-20.mars, info. og kampoppsett

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Mar 2011

Selje hadde  meldt på 8 lag på Olivincup. Klasse J9/10 går ut pga få påmelde lag, difor vert det 7 Seljelag som deltek på cupen. Info. og kampoppsett sjå..... www.aaheim.no


04.03: Bingo i klubbhuset på søndag

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Mar 2011

Selje IL v/B-Ugruppa arrangerer bingo i klubbhuset på søndag 6.mars kl.18.00. Sal av kaffi, mat.... Selje IL tek sikte på ha bingo nokre søndagar framover, så vi håpar at riktig mange set av ettermiddagen til sosialt samver i klubbhuset. Velkommen til bingo!


06.03:Selje IL-klubbartiklar 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Mar 2011

Selje IL-klubbartiklar: ny buff, blå og svart lue, supporterskjerf til sals hos vår samarbeidspartnar Selje Auto. Meir info, les under.......


Selje IL – klubbartiklar 2011


Utsal hos vår samarbeidspartnar:

NYHEIT! Buffar:

Selje IL har no fått inn eit parti  buffar. Buffar er blitt veldig populært,og kan brukast som halsplagg eller lue.

Pris: kr. 60,- pr. stk

 

ANDRE KLUBBARTIKLAR:

Blå eller svart lue med logo kr. 100,-    Supporterskjerf kr. 100,-

                      Rabatt ved kjøp av lue+skjerf kr. 150,-



01.03: Trenar 1-kurs 11.-12.mars i Nordfjordhallen

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mar 2011

SFFK arrangerer trenar 1-kurs (del 1 aktivitetsleiarkurs) i Nordfjordhallen fredag 11. og laurdag 12.mars, sjå meir info. under...... Trenarar/leiarar Selje IL tek kontakt med Fotballgruppa ved spørsmål/påmelding.

Til trenarar/leiarar Selje IL:

Minner om trenar 1 (aktivitetsleiarkurs), sjå info. nedanfor…...

Dette er del 1, av i alt 4 delar for å bli utdanna som B-trenar fotball. Selje IL arrangerte sist dette akt.leiarkurset i 2008. Sidan den gong har det komme til mange nye trenarar både på minilaga og aldersf.lag. Det er eit sterkt ynskje frå klubben at alle trenarar har dette kurset, då det er grunnleggjande i høve all fotballaktivitet.

Håpar at du kan vere med på kurset! Påmelding til underteikna snarast

og innan onsdag 9.mars!

Helsing

Selje IL, Fotball

Atle Solheim

(tlf.99247687)

 

(INFO. HENTA FRÅ SFFK SI HEIMESIDE: www.sffk.no)

SFFK arrangerar B-lisens, del 1 (Trenar 1, del 1,aktivitetsleiarkurs) i Nordfjordhallen i Skavøypoll fredag 11 og laurdag 12/3.

SFFK oppmodar klubbane om å stille med deltakarar på dette kurset.

Kurset er GRATIS!

Fredag 11/3:
17.00 - 19.30 Teori
19.30 - 21.00 Demoøkt (praksis)

Lørdag 12/3:
09.00 - 12.00 Teori
12.00 - 15.00 Instruksjonspraksis
15.00 - 16.00 Teori, Oppsummering/avslutning



05.03: Småjentene på KM-sluttspel Florø

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mar 2011

Selje sitt småjentelag var i Florø i dag på KM-sluttspel. Etter å ha opna med siger mot Tambarskjelvar, vart det tre tap, og dermed ikkje semifinale for småjentene våre. Men flott innsats likevel! Resultat: Tambarskjelvar-Selje 3-1, Selje-Sogndal 1-2, Vik-Selje 5-3, Skavøypoll-Selje 3-2. Sogndal vart kretsmeister. Alle resultat, sjå www.haugenfotball.no


27.02: Agenda årsmøte Selje IL torsdag 3.mars kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Feb 2011

Selje IL held årsmøte torsdag 3.mars kl.18.00 på klubbhuset. Vi oppmodar alle medlemmar til å stille. Agenda for årsmøtet, les under.....

AGENDA ÅRSMØTE SELJE IDRETTSLAG 03.03.2011

Stad: Klubbhuset Selje IL

Tid: kl.18.00



Godkjenning av innkalling

Valg av ordstyrer

Valg av referent

Valg av 2 personer for underskriving av protokoll

Godkjenning av agenda

Årsmeldingar:  * Hovedstyre

                            * Fotballgruppa og Barne-/Ungdomsgruppa

                            * Mosjonsgruppa

Regnskap 2010

Kontingentar 2011

Budsjett 2011

Innkomne saker: * Anlegg

Valg



24.02: Rekruttdommarkurs Nordfjord

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Feb 2011

Til trenarar/leiarar/dommarar Selje IL: Det er klart for årets Rek.dommarkurs i Nordfjord. Kurset er fredag 4/3 og lørdag 5/3, på klubbhuset til Haugen IL - meir info. om kurset sjå under...... Ta kontakt med Selje IL, Fotball visst du kan delta....

Det er klart for årets Rek.dommarkurs i Nordfjord. Dommargjerninga er viktig i fotballen. SFFK treng stadig fleire dommarar som kan dømme 11ar fotball i kretsen. Vi håpar klubbane tek dette på alvor og meldar på deltkarar på rek.dommarkurset.

Stad: Klubbhuset Haugen IL

Tid:           Fredag 4/3 kl 17.30 - 21.00
                Laurdag 5/3 kl 09.00 - 16.00       

Målgruppe: Dei som ønskjer å bli dommarar i 11ar fotball.

Pris: Kurset er GRATIS



25.02: KM-sluttspel innandørs i Florø

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Feb 2011

Helga 5.-6.mars er det klart for KM-sluttspel for aldersf. klasser i Florø. Selje sine småjenter J13/14, er klare etter at laget vann kvalifiseringa i Nordfjordhallen. Vi ynskjer småjentene lukke til! (Foto: Fjordenes Tidende) 


13.02: Lagleiarmøte aldersf. lag på Eid, torsdag kl.18

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Feb 2011

Alle aldersfastlagde lag v/trenarar-oppmenn har fått mail med invitasjon til det årlege lagleiarmøtet....på Eid torsdag 17.februar kl.18.00. Alle laga bør vere representerte....


09.02: Terminliste 5.divisjon avd.2

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Feb 2011

Terminliste for 5.divisjon er klar. I avd. 2 er det 10 lag, der berre Eikefjord og Florø2 er utanfor Nordfjord. Sjå heile terminlista under....

5. div menn avd 2 - Sogn og Fjordane Fotballkrets

Dato

Tid

Hjemmelag

Resultat

Bortelag

Bane

Referat

Runde 1

fredag 29.04.2011

19:00

Florø 2

- : -

Eikefjord

Florø stadion

Kampfakta

søndag 01.05.2011

15:00

Sandane 2

- : -

Loen

Idrettsplassen

Kampfakta

søndag 01.05.2011

15:00

Selje

- : -

Bremanger

Selje idrettspark

Kampfakta

søndag 01.05.2011

15:00

Stadlandet

- : -

Hornindal

Stadtlandet stadion

Kampfakta

mandag 02.05.2011

19:00

Skavøypoll

- : -

Tornado Måløy 2

Skavøypoll Stadion

Kampfakta

Runde 2

fredag 06.05.2011

19:00

Eikefjord

- : -

Skavøypoll

Eikefjord stadion

Kampfakta

søndag 08.05.2011

15:00

Hornindal

- : -

Florø 2

Hornindal idrettspark

Kampfakta

søndag 08.05.2011

15:00

Tornado Måløy 2

- : -

Selje

Måløy stadion

Kampfakta

søndag 08.05.2011

15:00

Loen

- : -

Stadlandet

Loen stadion

Kampfakta

mandag 09.05.2011

19:00

Bremanger

- : -

Sandane 2

Bremanger stadion

Kampfakta

Runde 3

fredag 13.05.2011

19:00

Selje

- : -

Eikefjord

Selje idrettspark

Kampfakta

søndag 15.05.2011

15:00

Loen

- : -

Bremanger

Loen stadion

Kampfakta

søndag 15.05.2011

15:00

Florø 2

- : -

Stadlandet

Florø stadion

Kampfakta

mandag 16.05.2011

19:00

Skavøypoll

- : -

Hornindal

Skavøypoll Stadion

Kampfakta

onsdag 18.05.2011

19:00

Sandane 2

- : -

Tornado Måløy 2

Idrettsplassen

Kampfakta

Runde 4

fredag 20.05.2011

19:00

Hornindal

- : -

Selje

Hornindal idrettspark

Kampfakta

søndag 22.05.2011

15:00

Florø 2

- : -

Skavøypoll

Florø stadion

Kampfakta

søndag 22.05.2011

15:00

Stadlandet

- : -

Bremanger

Stadtlandet stadion

Kampfakta

mandag 23.05.2011

19:00

Tornado Måløy 2

- : -

Loen

Måløy stadion

Kampfakta

tirsdag 24.05.2011

19:00

Eikefjord

- : -

Sandane 2

Eikefjord stadion

Kampfakta

Runde 5

søndag 29.05.2011

13:00

Selje

- : -

Florø 2

Selje idrettspark

Kampfakta

søndag 29.05.2011

15:00

Bremanger

- : -

Tornado Måløy 2

Bremanger stadion

Kampfakta

søndag 29.05.2011

15:00

Loen

- : -

Eikefjord

Loen stadion

Kampfakta

søndag 29.05.2011

15:00

Skavøypoll

- : -

Stadlandet

Skavøypoll Stadion

Kampfakta

tirsdag 31.05.2011

19:00

Sandane 2

- : -

Hornindal

Idrettsplassen

Kampfakta

Runde 6

fredag 03.06.2011

19:00

Eikefjord

- : -

Bremanger

Eikefjord stadion

Kampfakta

søndag 05.06.2011

13:00

Skavøypoll

- : -

Selje

Skavøypoll Stadion

Kampfakta

søndag 05.06.2011

15:00

Hornindal

- : -

Loen

Hornindal idrettspark

Kampfakta

mandag 06.06.2011

19:00

Florø 2

- : -

Sandane 2

Florø stadion

Kampfakta

fredag 24.06.2011

19:00

Stadlandet

- : -

Tornado Måløy 2

Stadtlandet stadion

Kampfakta

Runde 7

søndag 12.06.2011

15:00

Loen

- : -

Florø 2

Loen stadion

Kampfakta

søndag 12.06.2011

15:00

Selje

- : -

Stadlandet

Selje idrettspark

Kampfakta

mandag 13.06.2011

14:00

Bremanger

- : -

Hornindal

Bremanger stadion

Kampfakta

mandag 13.06.2011

17:00

Sandane 2

- : -

Skavøypoll

Idrettsplassen

Kampfakta

tirsdag 14.06.2011

19:00

Tornado Måløy 2

- : -

Eikefjord

Måløy stadion

Kampfakta

Runde 8

søndag 19.06.2011

15:00

Selje

- : -

Sandane 2

Selje idrettspark

Kampfakta

søndag 19.06.2011

15:00

Skavøypoll

- : -

Loen

Skavøypoll Stadion

Kampfakta

søndag 19.06.2011

15:00

Florø 2

- : -

Bremanger

Florø stadion

Kampfakta

søndag 19.06.2011

15:00

Stadlandet

- : -

Eikefjord

Stadtlandet stadion

Kampfakta

mandag 20.06.2011

19:00

Hornindal

- : -

Tornado Måløy 2

Hornindal idrettspark

Kampfakta

Runde 9

fredag 24.06.2011

19:00

Eikefjord

- : -

Hornindal

Eikefjord stadion

Kampfakta

fredag 24.06.2011

19:00

Loen

- : -

Selje

Loen stadion

Kampfakta

søndag 26.06.2011

15:00

Bremanger

- : -

Skavøypoll

Bremanger stadion

Kampfakta

søndag 26.06.2011

15:00

Sandane 2

- : -

Stadlandet

Idrettsplassen

Kampfakta

mandag 27.06.2011

19:00

Tornado Måløy 2

- : -

Florø 2

Måløy stadion

Kampfakta

Runde 10

søndag 07.08.2011

15:00

Hornindal

- : -

Stadlandet

Hornindal idrettspark

Kampfakta

søndag 07.08.2011

15:00

Eikefjord

- : -

Florø 2

Eikefjord stadion

Kampfakta

søndag 07.08.2011

15:00

Bremanger

- : -

Selje

Bremanger stadion

Kampfakta

søndag 07.08.2011

15:00

Loen

- : -

Sandane 2

Loen stadion

Kampfakta

mandag 08.08.2011

19:00

Tornado Måløy 2

- : -

Skavøypoll

Måløy stadion

Kampfakta

Runde 11

fredag 12.08.2011

19:00

Selje

- : -

Tornado Måløy 2

Selje idrettspark

Kampfakta

fredag 12.08.2011

19:00

Skavøypoll

- : -

Eikefjord

Skavøypoll Stadion