Kampoppsett Seljecup 2023, 9.-11.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mai 2023

Velkommen til Seljecup 2023!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 27.gong. Det har vore svært god påmelding også i år. Vi har teke inn så mange lag som råd, nokre lag har stått på vent og ikkje fått plass pga. fullt i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek ca. 160 lag på årets cup med over 1200 spelarar. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 9.-11.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er svært mange omsyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2023, trykk på linken under:

10-17år: Kampoppsett for fredag 17.30-21.00, laurdag kl.8.00-20.30, søndag kl.8.00-13.30.  

6-9år: Kampoppsett "Kongleriket" søndag frå 13.45- 18.00.

https://www.profixio.com/app/seljecup-2023

10-14år:  Kampoppsett er utlagt pr. 01.06, trykk på linken ovanfor

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld. 

G13:  Spelar serie på laurdag og søndag. Avslutning med finale/bronsefinale/5.-6.pl. på søndag.

G14 :  Spelar serie på laurdag. Avslutning laurdag kveld med finale/bronsefinale.

J13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, A- og B-sluttspel med finale/bronsefinale på søndag.

G15/16/17Kampoppsett er utlagt 06.06, trykk på link ovanfor.                                                                     Spelar dobbel serie fredag kveld.

Kongleriket 6-9 år: Kampoppsett er utlagt pr. 06.06, trykk på link ovanfor.

Kongleriket-turnering søndag 10.juni. 78 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-18.00.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant, Kunstgras ved skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion. 8år: bane 7-9.  9år: bane 10-14.

mvh 

Seljecup 2023

Atle Solheim

mail: post@seljefotball.no  

(tlf. 992 47 687)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.