Kampoppsett Seljecup 2018, 15.-17.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Jun 2018

Velkommen til Seljecup 2018!

Det har også i år vore svært god påmelding, med ca. 130 lag. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 15.-17.juni.

Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er særs mange omsyn å ta, og eit tettpakka kampprogram både laurdag og søndag. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2018, trykk på linken under:

11-14år: Kampoppsett for laurdag kl.8.00-21.00 og søndag kl.8.30-14.00.  Utlagt 03.06.

6-10år: Kampoppsett for søndag 14.55-18.10. Utlagt 06.06.

15-17år: Kampoppsettet for fredag 18.00-20.30. Utlagt 11.06.

Les også info. her på sida om kampoppsett og klasser/puljeoppsett. 

https://www.profixio.com/match...


11-14år:  Kampoppsett er utlagt pr. 03.06, trykk på linken ovanfor.

G11, G12, J11, J12: spelar laurdag og søndag. Lokale/ikkje overnattande lag spelar berre laurdag.  

G13:  spelar serie på laurdag og søndag, med finale/bronsefinale/5.plass til slutt på søndag.

J13: spelar serie på laurdag, med A og B-sluttspel på søndag.

G14 og J14: spelar serie på laurdag, med finale/bronsefinale til slutt på laurdag.


MINI-KLASSER 6-10 år:   Kampoppsett er utlagt pr. 06.06, trykk på linken ovanfor.

"Kongleriket"-turnering avd. Ytre Nordfjord søndag 17.juni: 48 minilag er registrert påmeldt. Kampane blir spelt i tida frå kl.14.55-18.10. 

Ut frå påmelding/antal lag har vi sett opp desse klassane: G6/7, G8, G9, G10 og J6/7, J8/9, J10. Vi prøver så langt råd å plassere laga slik at det vert mest mogeleg jevnbyrdig motstand og alder.


15-17 år:  status pr. 11.06

J15/16/17: spelar avsluttande seriespel fredag kveld, med start 18.00.  

Det ser pr. no ut til at det ikkje blir cup i klasse G15/16/17.


mvh

Seljecup 2018

Atle Solheim

mail: seljecup@online.no

(tlf. 992 47 687)






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.