FairPlay Handlingsplan Selje IL 2013

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Jul 2013

Selje IL har i mange år hatt eit sterkt fokus på FairPlay på alle nivå i klubben. Frå 2011 auka klubben fokuset endå meir, og utarbeida ein handlingsplan. Denne planen vart revidert og vidareført året etter. Selje vart i 2012 kåra til årets FairPlay-klubb i 2012. Klubben held fram det gode arbeidet med FairPlay og har evaluert og revidert handlingsplan for 2013 med nokre nye tiltak. Sjå heile handlingsplanen under.....

 

 

 

Fair Play

Handlingsplan

Selje IL 2013

Innleiing/bakgrunn:

Selje IL har hatt fokus på Fair-Play i mange år. Frå 2011 auka klubben fokuset og bevisstgjeringa rundt Fair-Play endå meir, og utarbeida bl.a. handlingsplan med tiltak. Vi er glade og stolte for at Selje IL vart kåra til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane i 2012. Klubben har i mange samanhengar presentert sitt FairPlay-arbeid og har fått mykje merksemd ulike nettsider og media for sitt arbeid. Handlingsplanen for 2013 byggjer på føregåande planer, med nokre justeringar og nye tiltak.

Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre for spelarar, men alle som er involvert i fotballen, anten det er som trenar eller foreldre på sidelinja eller utanfor bana.

Fokus på Fair Play gjev klubben eit betre verdigrunnlag. Det gjev eit signal til medlemmar, lokalsamfunn og samarbeidspartnarar at klubben ynskjer å stå for positive og inkluderande verdiar. Dette er verdifullt i arbeidet med vidare utvikling av klubben.

Selje IL handlingsplan 2013:

1. Generelt:

Klubben skal ha eit generelt sterkt fokus på Fair Play på alle nivå. Klubben skal ha 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønska åtferd. Fair Play skal vere eit berande prinsipp på alle nivå i klubben. Selje IL skal vere ein klubb som blir oppfatta positivt.

2. Fair Play haldningskontraktar:

a) Det skal inngåast Fair Play-kontraktar frå lillegut/lillejente og eldre.

b) Ved evt. brot på kontrakt, vert dette følgd opp av klubb i samråd med trenar/oppmann for laget.

3. Heimekampar/kamparrangement:

a) Kampvert med Fair Play-vest på alle heimekampar, både A-lag og aldersf. lag.

b) Fair Play helsing

c) Lage hyggeleg ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving (mottaking, servering osv.)

d) A-lagskampar: innmarsj der kapteinane på laga ber FairPlay-banner mellom seg.

e) Fair Play-profilering på stadion og v/garderobe.

4. Bortekampar:

a) Følgje klubbens trafikktryggingsplan

b) Lag/spelarar opptrer iht. klubbens Fair Play-kontrakter

5. Inkludering:

Klubben skal legge til rette for at alle som ynskjer å spele fotball får tilbod og kan vere med. Like vilkår for gutar og jenter.

6. Synleggjering/profilering av Fair Play:

a) Fair Play logo på hjørneflagg (både 11-ar og 7-ar bane)

b) Fair Play oppslag/skilt på stadion, FairPlay-banner ved garderober

c) Fair Play flagg på stadion

d) Fair Play logo på drakter

e) Foreldrevettreglar oppslag på stadion

f) Sesonghefte skal innehalde info. om at Selje IL er Fair Play klubb, foreldrevettreglar m.m.

g) Kampprogram A-lag skal innehalde Fair Play logo og info.

h) Fair Play logo på nettside, og info. om Fair Play arbeid i klubben

i) Fokus på/info. om klubbens Fair Play-arbeid på lagleiarmøter, foreldremøter, årsfestar m.m.

j) FairPlay-logo tufta inn i tryggleikssonar på nytt kunstgrasdekke stadion.

7. Fair Play på Seljecup:

a) Foreldrevettreglar delast ut

b) Synleggjering/profilering av Fair Play ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion

c) Fair Play helsing kampar

d) Info. om Fair Play til deltakande lag, kampprogram m.m.

e) FairPlay-konkuranse

8. Fair Play på Selje Tine Fotballskule:

a) Synleggjering/profilering av Fair Play ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion

b) Info. om klubbens Fair Play arbeid

9. MOT:

a) Selje er ein MOT-kommune, og Selje IL samarbeider med MOT.

b) Eit aldersfastlagd lag gjer avtale om å bli MOT-lag i løpet av sesongen

c) Sal av MOT-vatn på Seljecup.

10. Kåring av Fair Play spelar:

a) Årets Fair Play spelar på A-lag

b) Årets Fair Play spelar på kvart aldersfastlagd lag

11. Klubbarrangement:

a) Fair Play-klubbkveldar for aldersf.lag

b) Fair Play-småbarnsklubb

c) Klubbens dag ”UEFA Grassroots Day”


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.