16.06: Ei strålande cuphelg er over!

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Jun 2013

Seljecup 2013 vart ein kjempesuksess frå a til å, der alt har "gått på skinner". Strålande ver har sett ein ekstra spiss på cupen, og betre reklame for Selje er vel knapt mogeleg å få. Vi er overvelda av alle lovorda som arrangementet har fått i løpet av helga. Det er vanskeleg å samanlikne frå år til år, men årets Seljecup kjem veldig høgt opp på den lista......Det er igjen berre å takke alle våre fantastiske dugnadsfolk for ein formidabel innsats.  MEIR OM ÅRETS SELJECUP, sjå www.seljecup.no Bildet: frå Risnakken under mini-turneringa søndag ettermiddag.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline