Fjelltrim og trimpostar

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Apr 2013

FJELLTRIMMEN 2013

16 TRIMPOSTAR,sjå nederst 

 

FJELLTRIMMEN 2013

MELDING FRÅ SELJE I.L. - MOSJONSGRUPPA

 

FJELLTRIMMEN 2013

1123 personar deltok i fjor!

År

Personar

Turar

Poeng

Tall postar

På alle postane

1994

593

2601

8

13

1995

625

3670

10

25

1996

714

3807

14214

13

22

1997

707

3989

15428

15

29

1998

1071

6739

26321

16

79

1999

1102

6754

25366

16

81

2000

957

6359

25722

16

93

2001

913

6549

26134

16

85

2002

1166

10291

41522

16

140

2003

1237

9644

39454

16

114

2004

1115

7947

31509

16

105

2005

1152

7528

29352

16

93

2006

1019

7365

28220

16

99

2007

1105

7205

26267

16

76

2008

1122

7796

29198

16

85

2009

1258

7916

28865

16

77

2010

1157

6511

23921

16

81

2011

1102

6296

23732

16

75

2012

1123

6068

22780

16

88

Mosjonsgruppa arbeider med å forbetre tilbodet , men tal postar blir ikkje endra i 2013.

Postane/ bøkene blir lagt ut lørdag 10. mars 2013 og ligg ute til 26. oktober 2013.

Bøkene for vintertrimmen blir samtidig henta inn 10. mars 2013.

Når sesongen er over blir triminnsatsen til kvar enkelt mosjonist rekna ut i poeng .

Plakett/skjold

Til dei som har vore minst 1 gong på alle 16 postane. Mosjonsgruppa kan få laga ein plakett i tre til dei som skriv seg inn på alle postane og "nye" som fullfører alle 16 postane i 2013 kan kjøpe plakett til kostpris kr 150,-. Dei 292 som har plakett frå før og har gått alle postane i år kan for kr 20,- få årstalmerke "2013" hos Sølvi Årvik til å lime på.

Premiering

* Trekning av 1 GAVEKORT COOP PRIX SELJE kr. 500,- mellom alle som i 2013 innan 26.10.13 har skrive seg inn på alle 16 fjellpostane .

* Trekning av 1 GAVEKORT BYGGER`N SELJE kr. 500,- mellom dei med 10 beste poengsummane og alle dei som har vore 3 gonger innom alle trimpostane i 2013.

* Trekning av 1 GAVEKORT BUNNPRIS kr. 300,- mellom alle født etter 1/1-98 som har gått på minst 10 ulike fjellpostar.

* Trekning av 1 PREMIE SALONG VI-2 verdi kr. 300,- mellom dei 10 med flest besøk eller som har vore minst 6 gonger innom posten Kvernhusdalen. Vilkår: Født etter 1/1-98.

* Trekning av 1 GAVEKORT SELJE HOTEL AS kr.500,- mellom dei som har gått på minst 6 ulike postar i påska (frå palmelørdag 23.03 til 2.påskedag 01.04).

* Trekning av PREMIE mellom dei med minst 10 besøk på posten NAUSANE

* Trekning av premie(ryggsekk) mellom dei 10 med flest besøk eller

minst 10 besøk på årets fjelltopp TARVALDSEGGJA.

* Trekning av 1 GAVEKORT frå SELJE SPORT OG FRITID v/ Jan

Petter Venøy, verdi kr.300,- mellom dei 10 trimfamilier som har

høgast poengsum samla.

* Trekning av premie: trimdag for Selje 1. mai 2013.

* Trekning av premie: vintertrim2012/ 2013.

* Årets fjelltrimmar:personen med beste poengsum samla . Upremiert.

* Årets trimfamilie:familien med beste poengsum samla . Upremiert.

* TARVALDSEGGJA Årets fjelltopp, trekning blant dei 10 beste eller minst 10 besøk.

* KVERNHUSDALEN Født etter 1/1-98 trekning av premier blant dei beste.

* PÅSKETRIMMEN Loddtrekning av gåvekort mellom dei som har gått 6 ulike postar i påska frå palmelørdag 23/3 til og med 2. påskedag 1/4-2013.

Turmarsjar

Turmarsj: Søndag 28. april

Tur frå Indre Fure til Ytre Fure og ev. over til Hoddevikfjellet. Oppslag. Ytre Nordfjord Turlag.

Trimdag: Søndag 1. mai

Er trimdag for Selje " Heile folket i form". Fritt turval. Alle som skriv seg inn på ein av trimpostane denne dagen blir med på trekning av premie.

Turmarsj: Mandag 20. mai (2.pinsedag)

Tur frå Berstad over Løypinga til Rimstad eller Høgehornet. Oppslag.

Turmarsj: Søndag 26.mai

Fjelltur ut i det fri. Friluftsgudsteneste for alle sokna. Vi går den gamle kyrkjevegen frå Liset (Selje) og frå Dragseidet (Leikanger) og møtest langs ruta og har gudsteneste. Samarbeid mellom sokneråda, Selje IL og Stadlandet IL. Sjå annonsering seinare.

Anna informasjon

* Ein arbeider med eit opplegg med informasjon og bilete på Selje IL sine nettsider, og eit opplegg med kveldsturar med utgangspunkt i Selje – f.eks. 2- 2 ½ time.

Alternativt informasjon ved oppslag i sentrum på Nabben om turar.

* Mosjonsgruppa vil prøve å arrangere fellestur 2013. Kjem tilbake til annonsering og påmelding seinare.

Ytre Nordfjord Turlag arrangerer turar i distriktet, sjå annonsering i avisa.

Stadlandet Idrettslag har 14 trimpostar på:

Flødevatnet, Nobba, Sjåstadvarden, Vardeberget, Grøtrøysa, Dalskarhornet, Hanekamben, Revjehornet, Kyrnosa,Mosekleivhornet, Liberra, Geitahornet, Lundebrekkhornet og Skjeljevatna.

* Frå 26. oktober 2013 til ca. 20. mars 2014 vil det ligge vinterbøker på alle postane. For å vere med i trekning må du ha vore minst 1 gong på følgjande 4 postar: Klipet, Kvernhusdalen, Bergshornet og Nausane.

Det er laga tursti med trapp frå Skogavegen til RISNAKKEN, der det ligg bok heile året. Det ligg også bok på toppen av Seljeøya.

OBS : Ein gjer merksam på at hjortejakta startar på hausten.

* Det går fine stiar til alle desse trimpostane som også er flotte utsiktsstader. For å betre fjelltrim-tilbodet vil mosjonsgruppa halde fram arbeidet med å rydde, klippe og få merka dei ulike turstiane. Det ligg bok i vardane eller ved merkepostane, der ein kan registrere at ein har vore der. Ut frå registreringa i bøkene blir triminnsatsen rekna ut . Resultatlister med trekning blir lagt ut på Selje Idrettslag sine heimesider. Ved å opplyse e-postadresse kan du få tilsendt program, resultatliste o. l.

Utdeling av plakettar og premier vil finne stad i løpet av vinteren.

* Vi viser til Friluftskartet over Selje og Vågsøy kommune med mykje nyttig informasjon.

* Selja Forlag ga i 2005 ut boka ”Opptur” med bilder og tekst over fjellturar i fylket.

Mosjonsgruppa ønskjer alle eit fint trimår med mange fine turar og minner . Mosjonsgruppa er interessert og opne for tips, utspel og nye ideer til turar og trim.

Takk til sponsorane våre.

Ta gjerne kontakt med mosjonsgruppa : Sølvi Årvik, Kjellaug Hove Venøy, Olaug Wold, Arne Seljen, Kåre Rundereim, Håkon Berstad

                          16 TRIMPOSTAR:

KLIPET– 180 m.o.h. med start t.d. frå ferist mellom "Nova" og vegen til Djupedals- feltet. Kan kombinerast med ein tur i Kvernhusdalen eller mot Djupedalsvatnet til Orren . Gjev 1 poeng pr. besøk .

KVERNHUSDALEN– 167 m.o.h. har posten ved utløpet frå Kvernhusdalsvatna. Rundt vatna har vi ei fin rundløype. Ta også turen bort på Kyrkjehornet for utsikta sin del . Posten gjev 3 poeng .

ORREN– 400 m.o.h. er toppen mellom Djupedalsvatnet og Tarvaldseggja . Kortast vei er stien frå sidevei på Sandvikeidet. Blir ofte brukt som ein post på ruta til/frå Tarvaldseggja. 2 poeng .

TARVALDSEGGJA- 645 m.o.h. er nest høgste fjelltoppen i kommunen, og er best tilgjengeleg frå Sandvikeidet. Merka løyper opp. Gjev 6 poeng.

BERGSHORNET– 340 m.o.h. er ein trimpost med fin utsikt over Bergsbygda og Moldefjorden. Merka sti frå 3. svingen på Sandvikeidet på Selje-sida. 2 poeng.

NAUSANE- 448 m.o.h. kan nåast på merka sti frå Bergshornet mot aust eller på sti frå Sandvikeidet. Ta gjerne omveien om Søreggja med fin utsikt mot Selje. 4 poeng.

RYGGJAJORDA– 20 m.o.h. ligg like utanfor Årdalen. Dei som endå ikkje har gått fjøra frå Skårbø til Årdalen har ei oppleving til gode . Lett å gå , oftast lunt og godt, og heilt spesielt . Gjev 2 poeng . For dei som ynskjer noko større utfordring, vil ein foreslå ein tur ut til Tårnet/ Liberrmannen, ein heilt spesiell steinformasjon nokre hundre meter utanfor Årdalsholmen. Eller ein tur på

LIBERRA- 471 m.o.h. med oppstigning frå Ryggjajorda eller frå Liset/ Skårbø/Årdal. Turen kan også gå frå Dragseidet over Sjåstadvarden som er lettaste veien. Liberra har utruleg fin utsikt, og har ei spesiell utforming. Her får du 8 poeng for eit besøk. Frå Liberra kan turen gå til

GEITAHORNET– 474 m.o.h. ved den gamle kyrkjevegen Liset-Dragseidet er ein litt spesiell topp med utruleg fin utsikt. Besøk på Geitahornet gjev 7 poeng. Tilkomst også frå Skårbø eller Liset .

HØGEGGJA- 414 m.o.h. frå Liset ein liten omvei på stien mot Geitahornet, langs den gamle kyrkjevegen Liset - Dragseidet - 6 poeng .

EIDSHORNET- 530 m.o.h. når ein lettast ved å gå opp frå Mannseidet. Turen hit gjev 3 poeng. Frå Eidshornet er det flott utsikt i alle retningar og ein fin tur mot nordaust til

STEINEGGJA- 501 m.o.h. med utsikt mot Kvamsdalen og Vanylvsfjorden 5 poeng. Ligg nær Krokevatnet som er eit godt fiskevatn . Det er merka sti vestover mot Nausane og Sandvikeidet.

BERSTADHORNET- 578 m.o.h. med kjempefin utsikt i alle retningar . Relativt lett å gå sørover frå Mannseidet , gjev 6 poeng.

TUA ( BERSTAD )– 440 m.o.h. ein mindre avstikkar på stien frå Mannseidet mot Berstadhornet, 2 poeng.

LØYPINGA– 280 m.o.h. i Berstaddalen opp frå Berstad langs den gamle postvegen til Bryggja gjev 6 poeng, medan den høgste fjelltoppen i kommunen

KVAMEFJELLET/ HØGEHORNET- 774 m.o.h. gjev heile 12 poeng. Det er mange stiar som fører opp til høgaste fjellet i kommunen, og varier gjerne . Merka og rydda sti opp frå Berstad, elles er det naturleg å gå opp frå eller helst ned til Løypinga.

Det var lokalt rydda og merka stiar også frå Hatlenes og Langenes.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.