14.12: Samarbeidsavtale Selje og Flatraket

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Des 2012

På styremøte tidlegare i veka inngjekk Selje og Flatraket ein avtale, som vil styrke og utvikle samarbeidet mellom klubbane i åra som kjem. Avtalen inneber m.a. at Flatraket/Selje 2 stiller felleslag i 6.div. Det blir også samarbeid på fleire andre område, les "Pressemelding frå klubbane" under.....

 

PRESSEMELDING:

Naboklubbane Flatraket og Selje med samarbeidsavtale!

Klubbane har hatt samarbeidslag i 6.div. også for nokre år tilbake, og mange aldersbestemte spelarar frå Flatraket deltek kvart år på lag i Selje. Når klubbane no igjen går saman og etablerer eit formelt samarbeid, er avtalen meint å skulle gjelde fleire år framover og er langt meir omfattande enn tidlegare. Avtalen vil skape forutsigbarheit og gjere planleggingsarbeidet lettare, og vil styrke og vidareutvikle aktivitetstilboda i begge klubbane.

Flatraket søkjer primært samarbeid fordi dei vil få problem med å stille A-lag. Det er viktig å ha seniorfotball i bygda, og i samarbeid med Selje vil det vere råd å oppretthalde dette tilbodet i åra framover. Spelarar som ynskjer å trene meir og som har ambisjonar kan spele på Selje. Til saman ca. 45 spelarar vil vere disponible for dei to laga komande sesong.

Det er eit mål at alle spelarane skal kjenne seg som ei gruppe. Difor vert det ein kombinasjon av fellestreningar og separate treningar for laga. Det kjem også til å bli lagt opp til trenings- samlingar og sosiale tiltak for laga.

Idar Taklo/Ola Hove held fram som trenarar for Selje i 5.div. Frode Flataker/Andre Kupen får trenaransvaret for Flatraket/Selje 2 i 6.div. Trenarane kjem til å samarbeide om opplegg, treningar og kampar til beste for begge laga.

Samarbeidsavtalen som er inngått mellom klubbane inneber også at styra i klubbane vil ha nokre felles møter i løpet av sesongen. Klubbane kjem til å samarbeide om t.d. kurs, utdanning, prosjekt, FairPlay m.m.

Avtalen mellom klubbane omtalar også aldersbestemt fotball, der klubbane har eit uttalt ynskje om samarbeid. Det betyr at gutar og jenter på aldersfastlagde lag spelar på Selje, dersom ikkje Flatraket kan stille lag.

Klubbane ser svært positivt på samarbeidsavtalen som stakar ut kursen i åra framover. Samarbeidet vil venteleg vere med å styrke banda og relasjonane mellom bygdene også utanfor idretten.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.