19.11: Honorært leiarstipend til Ola

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Nov 2012

På Fotballkretsen si miljøhelg i Førde denne helga fekk Ola Hove tildelt Norges Fotballforbunds honorære leiarstipend (diplom, blomster og gåvesjekk). Ola har ei lang karriere i Selje IL både som spelar, trenar og tillitsvald. Han har vist eit stort og vedvarande engasjement for "Klubben i sitt hjerte". Han har ved sin innsats bidrege til positiv utvikling, aktivitet og sportsleg suksess. Ola har tidlegare blitt tildelt Fotballkretsen sin "Blå diplom" (2002), og Selje kommune sin idrettspris (2006). Selje IL gratulerer med den høge og velfortente utmerkinga!

Leiar SFFK Heidersteiknkomite Geir Navarsete (t.v) og leiar Sogn og Fjordane Fotballkrets Robert Endestad (midten), delte ut prisen til Ola.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline