14.10: Trenarforum med Hødd-trenar, Lars Arne Nilsen

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Okt 2012

Selje IL, Fotball inviterar til trenarforum på fredag 19.oktober, kl.17.30-18.45 på Selje skule, med Lars Arne Nilsen. Lars Arne er trenar på 2.året for Hødd i Adecco-ligaen. Laget har som kjent hatt stor suksess i cupen i år, og spelt seg heilt fram til cupfinale mot Tromsø. Lars Arne skal ha fokus på spelestil og korleis dei jobbar med dette i Hødd. Han kjem garantert til å gje gode tips og inspirasjon denne kvelden. Etter samlinga er det jubileumsmiddag på klubbhuset, i høve at Selje IL er 75år.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline