24.08: Selje - Bremanger 1-3

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Aug 2012

Selje tok leiinga 1-0 etter 4min ved Jan Vidar Smenes, men Bremanger scora to kjappe etter 9 og 14min, og gjekk til pause med 2-1 leiing. Jamnspelt kamp der bortelaget avgjorde kampen etter 79min, og vann 3-1, les meir under. Alt om kampen sjå www.haugenfotball.no   

Seljetrenar Idar Taklo sa dette etter kampen: "Eg er ikkje fornøgd med 1.omgang, vi mangla litt den kollektive "gutsen" og duellspelet. I 2.omgang synest eg vi i periodar var betre enn Bremanger fram til 1-3, men etter scoringa var kampen køyrt. Bremanger er bra lag og innehar 3.plass på tabellen. Det var ein relativt jamnspelt kamp, men vi manglar det vesle ekstra for å kunne ta med oss poeng".

1-0    4min    Jan vidar Smenes

1-1    9min    Martin K. Hauge

1-2    14min  Tore Rylandsholm

1-3    78min    Martin K. Hauge  

Selje sitt lag: Ole Johnny Hoddevik (debut på heimebane), Espen Åhjem, Espen Nøstdal, Martin Hove, Vegard Elde, Saron Osmundsvåg (Magnus Rye frå 90min), Jan Vidar Smenes, Frode Nøstdal, Martin Grøttå (Aleksander Kvernevik frå 45min), Joachim Refvik, Runar T. Aarsheim (Are Berstad frå 72min).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Saron Osmundsvåg og Espen Nøstdal

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline