20.05: Bremanger-Selje 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mai 2012

Etter tre strake seierar i starten av årets 5.div, tapte Selje i dag 2-0 på bortebane mot Bremanger. Stillinga ved pause var 1-0 til heimelaget. Meir om kampen les under....Bilder og kampfakta sjå også www.haugenfotball.no  

Selje sine trenarar Idar Taklo og Ola Hove fortel om ein jamn kamp, der Bremanger var "hakket kvassare".

Vi var ikkje heilt på i starten, og så kom det eit litt uheldig mål i mot etter berre nokre minutt. Resten av omgangen var jamn med eit par sjansar til kvart lag, seier Taklo. I 2.omgang går Bremanger opp til 2-0, og vi klarer ikkje sette nok trykk på til å hente opp dette.

Vi hadde nokre sjansar til å score, og kunne kanskje plukka med oss eit poeng, men det var greitt at Bremanger vinn kampen. Marginane var ikkje heilt på vår side i dag, seier Ola Hove. 

Seljes lag: Erling Åbø, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Andreas Teigen, Espen P. Åhjem (innb. Jonas Beitveit), Saron Osmundsvåg (innb. Idar Taklo), Vegard Elde, Martin Hove, Joachim Refvik, Martin Grøttå (innb. Joachim L. Træet).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.