13.05: Selje-Stadlandet 8-0

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mai 2012

Selje utklassa i dag Stadlandet med 8-0, etter å ha leia 4-0 ved pause. Selje spelte ein svært bra kamp, der alle spelarane verkeleg leverte varene. Dagens Seljespelar, Joachim Refvik, med 4 mål var banens beste. Gledeleg også at 14-åringane Are Berstad og Magnus Rye scorar sine fyrste mål for A-laget. Dermed står Selje med 3 strake seiarar i starten av årets 5.divisjon, les meir under. Foto: Stig Høines, alt om kampen på: www.haugenfotball.no

 

Selje sine trenarar Ola Hove og Idar Taklo var strålande fornøgde etter kampen:

"I dag får vi verkeleg betalt for jobben vi i fellesskap har lagt ned i vinter og vår. Det var ein fin og fairspelt kamp. Spelarane våre var solide og konsentrerte i alt dei gjorde, og dei var fokuserte på arbeidsoppgåvene sine. Det var mange fine angrep og flotte mål som blei scora. Alle som er innpå gjer ein veldig bra jobb for laget", seier to nøgde Seljetrenarar.

Kampfakta:

1-0    6min    Joachim Refvik

2-0    18min    Joachim Refvik

3-0    22min    Martin Hove

4-0    38min    Joachim Refvik

5-0    49min    Kristoffer Hove

6-0    59min    Are Berstad

7-0    82min    Joachim Refvik

8-0    93min    Magnus Rye    

Seljes lag: Erling Åbø, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Espen P. Åhjem (innb. Jan Kristian Apelseth), Saron Osmundsvåg, Martin Hove, Kristoffer Hove, Are Berstad, Joachim Refvik, Martin Grøttå (innb. Magnus Rye).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik

Tilskodartal: 141




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline