22.04: God dugnadsånd

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Apr 2012

På laurdag var ein god dugnadsgjeng på 8 personar i sving på stadion og klubbhuset. Under orkanen "Dagmar" vart det meste av skilt på tribunen øydelagt. På dugnaden vart opphenga på tribuna reparerte og 30meter med nye Sparebanken Vest skilt montert. Ein gjeng var i klubbhuset og monterte tak på kontoret. Når så også ein gjeng jobba med vedlikehald i Risnakken-løypa, må det seiast at dugnadsånda lever i beste velgåande! Flott jobba! 



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline