17.04: Ung dommardebut

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Apr 2012

På mandag spelte Selje sitt G13/14-lag årets fyrste seriekamp. Laget spelar i 1.divisjon og møtte TornadoMåløy. Kampen enda med 4-2 seier til Selje. Dommar på kampen var Jonas Beitveit (15år), med assistentdommarane Johannes Osmundsvåg (15år) og Sofie Hove (17år). Dette var dommardebut på 11-ar seriekamp for alle saman. Jonas og Sofie er nyutdanna rekruttdommarar i år, medan Johannes er utdanna klubbdommar. Etter rapportane gjekk kampen fint. Flott jobba alle tre!

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline