13.03: Moldetrenar Mark Dempsey til Selje!

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Mar 2012


Sparebanken Vest i samarbeid med Selje IL inviterer til trenarseminar i Selje laurdag 24.mars, kl.13-17. Moldetrenar Mark Dempsey gjestar Selje, og vil køyre treningsøkt med utvalde 14-16åringar frå inviterte klubbar. Å få besøk av ein slik kapasitet er ein skikkeleg godbit, og vi forventar stor interesse for seminaret.

Invitasjon til trenarseminar

med Mark Dempsey

Sparebanken Vest og Selje IL – Fotball er svært stolte av å kunne invitere

våre samarbeidsklubbar til trenarseminar med Moldetrenar Mark

Dempsey, laurdag 24. mars.

Mark vil denne dagen gjennomføre både ein teoridel og praktiske økter med

lokale aldersbestemte spelarar. Her blir det garantert engasjement og nyttige

innspel som ein kan ta med seg i treningskvardagen.

Om Mark Dempsey

Den tidlegare hovudtrenaren og talentutviklaren for akademiet til Manchester

United, er no assistenttrenar i Molde FK og var saman med manager Ole Gunnar

Solskjær med å bidrog til at Molde henta heim eit etterlengta gull for klubben i

2011. I si aktive fotballkarriere spelte Mark i sin ungdom for Manchester United,

før turen gikk vidare til blant anna Swindon Town og Sheffield United.

tid

Laurdag 24. mars kl. 13.00–17.00

sted

Selje Stadion. Enkel servering.

påmelding

Innan fredag 16. mars til arild.hove@spv.no.

Avgrensa tal plassar.

Velkommen!

Sportsleg helsing

Sparebanken Vest

og Selje IL – Fotball

Invitasjon


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.