20.12: Hilde Drabløs tildelt idrettsprisen 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Des 2011

Hilde Drabløs fekk i går tildelt Selje kommune sin idrettspris for 2011. Selje IL takkar Hilde for flott innsats i nesten 35 år. Vi gratulerer ein svært verdig vinnar av årets idrettspris. Selje IL si grunngjevinga for årets idrettspris, sjå under.... (foto: privat)

Grunngjeving:

Hilde Drabløs har eit livslangt engasjement i Selje Idrettslag. Ho starta sitt virke i 1978 og har halde på samanhengande fram til no.

Då ho starta i 1978 var ho draktvaskar for A-laget, og hjelpte til med bingo i fleire år. Hilde vart med i barne- og ungdomsarbeidet frå 1982, då det eldste av 3 barn var blitt 6år gammal. Ho var med i barne- og ungdomsarbeidet, og følgde alle tre barna fram til yngstemann vart seniorspelar i 2003. Men Hilde har vore minst like aktiv og engasjert også etterpå….

Hilde seier aldri nei til å hjelpe klubben sin. Hilde har vore synleg i klubbmiljøet, men ikkje særleg ”høyrbar”. Spøkefullt brukar ho å seie om seg sjølv: …”eg er no berre ei basarkjerring eg….”

Hilde har vore med på arrangement og inntektsbringande tiltak i Selje IL i ein mannsalder, frå 1978-2011. Vi nemner her m.a:

- 16 år i matkomite for Seljecup (1995-2011)

- frå ca. 10-15 år bingoansvarleg eller medhjelpar, medlem i basarkomite, billetør og billettansvarleg på A-lagskampar, medlem av Barne-/Ungdomsgruppa m.m.

Hilde er gift med Odd L., også han har levd med fotballen og idrettslaget i alle år. Begge fekk i 2005 Sogn og Fjordane Fotballkrets sin blå diplom, for lang og tru teneste.

Hilde har eit stort hjarte for klubben sin, og har vore med i klubben sitt virke i 34 år. Ho er ein viktig del av den store og flotte ”idretts- og fotballfamilien” i Selje, og vi håpar og trur at ho framleis kjem til å vere med i idrettslaget sitt arbeid i mange år framover.

Selje IL meiner at Hilde Drabløs er ein svært verdig kandidat til Selje kommune sin idrettspris for 2011.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.