26.09: Selje med storseier over Førde 2

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Sep 2010

Etter stortap to helgar på rad, slo Selje tilbake i dag med heile 6-1 mot Førde 2. Stillinga ved pause var 2-1, men i andre omgang losna det skikkeleg. Dermed ei flott Seljehelg med offisiell åpning av Risnakken-løypa lørdag, tre poeng i dag, og lillegutlaga som spela pausekamp i Sogndal...... Gaute Otnes var banas beste og scora fire mål i dag......

Selje opna bra og gjekk opp til 1-0 alt etter 9 minutt. Joachim Refvik sette inn returen etter at Gaute Otnes hadde skote rett på keeper. Etter 20min var det Gaute som auka leiinga til 2-0. Etter scoringa var Selje inne i ein dårleg periode og Førde 2 tok over kampen. Redusering til 2-1 etter 30min ved Kristoffer Angedal. Førde 2 fekk også ei scoring annulert for offside.

Pausen hadde tydelegvis gjort godt for Selje, som starta mykje betre i 2.omgang. Etter 56min spelte Joachim Refvik fram Viktor H.Front som avslutta frå 13-14 meter med skot rett i hjørnet. Dermed 3-1 til heimelaget. Herifrå og ut vart det meir og meir Selje, og sjansar i fleng. Selje fekk annulert mål i det 60min, då Viktor vart avblåst for offside.

Var nokon i tvil om seieren vart det iallefall avgjort etter 77min då Gaute scora sitt andre for dagen, då han lobba elegant over ein utrusande keeper, og 4-1. Berre tre minutt seinare var same mann gjennom igjen, men denne gongen fanga keeper lobben. Eit minutt seinare var Alexander Bickel gjennom, med skot rett på keeper.

Førde 2 hadde to store sjansar i omgangen, men begge vart redda av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim. Etter 85min var det klart for 5-1. Igjen var det Gaute som vart spelt gjennom, og han sette ballen sikkert lavt til side for keeper. To minutt seinare vann Gaute ballen og sette fart rett mot mål, dribla av forsvaret og sette ballen i hjørnet. Dermed storseier 6-1 til heimelaget. Glade målscorarar....

 

Det var ein fornøgd trenar vi snakka med etter kampen. "Vi opna bra, men så skjedde det noko midtveis i fyrste omgang. Då mista vi fokus på det vi skulle gjere. Heldigvis løfta vi oss etter pause, og gjorde det vi var einige om i garderoben. Utover 2.omgang spelte vi til tider festfotball og skapte sjansar i massevis. Det var utruleg kjekt å lukkast slik på heimebane igjen", avsluttar Idar Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Kristoffer Nøstdal, Anders D. Rekdal (Rikard Rekdal frå 42min), Martin Hove, Espen Nøstdal, Alexander Bichel, Kristoffer Hove, Viktor H. Front, Joachim Refvik, Gaute Otnes.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Gaute Otnes 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.