14.06: NY SUKSESS FOR SELJECUP!

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Jun 2010

Søndag kl.19.05 vart den siste av nesten 270 kampar avslutta i årets Seljecup. Det vart scora 1344 mål i årets turnering. Arrangementet vart ein ny kjempesuksess og lovorda har hagla i løpet av helga. Det er stort at Seljebygda i fellesskap, gong etter gong, greier å gjennomføre Seljecup på ein så flott måte. Over 200 personar har vore i sving i løpet av helga for å få arrangementet i hamn. Ei stor takk går til alle for den fantastiske dugnadsinnsatsen som er lagt ned. Seljecup er verkeleg noko vi alle kan vere stolte over. Vi seier takk for no og velkommen tilbake om eit år........ 

Meir om cupen, resultat m.m. sjå www.seljecup.no 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.