11.04: MINIPUTT-turneringar 2010

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Apr 2010

Det blir som tidlegare år arrangert 4 miniputt-turneringar, 2 på våren og 2 på hausten. Fyrste turnering er mandag (2.pinsedag) i Bremanger, neste er Seljecup 13.juni….Selje har påmeldt 6 lag, les meir under….

Selje har meldt på 6 miniputt-lag (like mange som i fjor) til SFFK: G7, G8, G9, G10, J7/8 og J9/10. Klubben betaler for desse cupane ved påmelding, og dei er difor gratis for spelarane. Det er som tidlegare år obligatorisk deltaking for påmelde lag på alle turneringane. Turneringane i desse årsklassane er i staden for seriespel.

Miniputt-turneringane er ein familiedag med god stemning og masse glade barn i aktivitet. Her er det viktigaste å delta og ha det gøy!

Meir info. om miniputt-turneringane, sjå fotballkretsen si heimeside: www.sffk.no

Datoar/arr. for minputt-turneringar 2010

(dette er også lagt inn på aktivitetskalender, sjå venstremeny vår heimeside)

Mandag 24.mai Bremanger

Søndag 13.juni Seljecup

Søndag 29.august Skavøypoll

Søndag 19.september TornadoMåløy


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.