14.09: Syril-Selje 4-3

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Sep 2009

Selje tapte bortekampen mot Syril, etter stillinga 2-2 ved pause. Selje var det førande laget på Syril-grusen, men scoringane i mot kom etter personlege feil i Seljeforsvaret.....  

Selje låg under 2-0 før halvtimen var spelt. Men Gaute Otnes reduserte på eit velplassert skot etter 32min, og Runar Aarsheim utlikna til 2-2 to minutt seinare etter eit flott angrep.

Men Syril gjekk opp til 3-2 etter berre eit minutts spel i 2.omgang. Endre Kupen utlikna til 3-3 på frispark midt i  2.omgang. Etter 78.min skjedde ein ny blunder i Seljeforsvaret og Syril gjekk opp til 4-3. Selje hadde nokre store sjansar på slutten av kampen, med bl.a. redning på strek og stolpeskot. Men det ville seg ikkje og dermed vart det eit surt tap på Syril-grusen.

"Vi var det førande laget i store deler av kampen, så dette var ein kamp som vi normalt skulle vunne. Men vi vart hardt straffa for dei personlege feila våre og dermed vart det til slutt tap," seier Seljetrenar Idar Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Andre Kupen, Martin Hove, Kristoffer Hove, Aleksander Kvernevik (Werner Kupen frå 55min), Frode Nøstdal (Kristoffer Nøstdal frå 85min), Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim (Kennet Honningsvåg frå 73min), Endre Kupen, Kenneth Pedersen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.