08.08: Dale vann 4-0 mot Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2009

Dale tok ein klar 4-0 seier mot Selje fredag kveld, og har stø kurs mot Firdaligaen. Selje var periodevis bra med i kampen, men kom til kort mot eit godt Dale-lag.... 

Selje opna best dei fyrste 10 minutta. Såleis fekk laget ein litt uheldig start då Dale gjekk opp til 1-0 alt etter 7min spel. Denne scoringa var tvilsam, då ballen vart sparka ut av hendene til Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim. Dale tok over spelet utover omgangen og scora igjen i det 27. og 40. min., og dermed 3-0 til pause.

Selje starta bra også i 2.omgang og var godt med i kampen. Vi kom til mange avslutningar i dag og ei rekkje halvsjansar, men vi var ikkje kvasse nok i det avgjerande trekket, sa Seljetrenar Idar Taklo. Vi hadde nokre store målsjansar i løpet av kampen, og kunne fort scora 2-3 mål i dag. Men det skal også seiast at Dale kunne putta på fleire, seier Taklo.

Dale gjekk opp til 4-0 i det 84 min. og tok dermed ein klar seier mot Selje. Dale var betre enn oss i dag, og framstod som eit godt lag, seier Idar Taklo.

Trass i tapet, fann Seljetrenar Idar Taklo likevel ting å glede seg over. Eg synest eigentleg at vi leverer ein kamp over pari ut frå utgangspunktet. Vi mangla mange faste spelarar i dag, og hadde berre 12 mann med oss til Dale. Spelarane skal ha ros for at dei stod på og jobba godt. Kjekt å ha Kristoffer Hove med oss igjen. Vi hadde marginane litt i mot oss på dei to fyrste måla, men vi hang bra med i kampen, seier Idar Taklo.

Dale var som forventa sterke på heimebane, og dette var ein kamp som vi "hadde råd til å tape", seier Taklo. Mannskapssituasjonen vil venteleg betre seg i løpet av veka, og eg trur vi skal plukke bra med poeng utover, avsluttar Seljetrenaren.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Saron Osmundsvåg, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Kristoffer Nøstdal, Aleksander Kvernevik, Endre Kupen, Anders D. Rekdal (Alexander Hove frå 67min). 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.