06.06: Fyrste tapet i 4.div

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Jun 2009

Askvoll/Holmedal på heimebane, vann 1-0 over Selje fredag kveld, etter 1-0 ved pause. Selje kunne fort fått med seg poeng, men det ville seg ikkje i dag.......

Selje trykte skikkeleg på fyrste kvarteret og hadde mange dødballar og pressa Askv./Holmedal bakover. Men det var heimelaget som scora. Litt unødvendig mål i mot som vi burde stoppa før det kom til innlegg, meinte trenar Idar Taklo.

Det vart ein jamn kamp utover, med spel og sjansar til begge lag. Mot slutten av kampen trykte Selje på for å få utlikning, men det ville seg ikkje. Endre Kupen hadde nokre avslutningar, og spelte ein kanonkamp, men klarte ikkje sette prikken over i-en med ei scoring. I perioden då Selje trykte på framover åpna det seg rom for Askv/Holmedal, som hadde nokre farlege overgangar.

"Eg synest vi hadde fortent poeng i dag. Vi hadde mange sjansar og fleire avslutningar frå 18-20 meter, men det ville seg ikkje. Marginane var ikkje med oss. Vi hadde ikkje heilt dagen, fleire av spelarane sleit med uvant underlag og med skader. Men gutane skal ha honnør for upåklageleg innsats", sa trenar Idar Taklo etter kampen.  

"No er det berre å brette armane opp til neste helg og satse på seier då", seier Idar Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Runar Nøstdal, Joachim Refvik, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Aleksander Kvernevik, Runar T. Aarsheim, Endre Kupen, Andre Kupen.

Reservar: Saron Osmundsvåg (etter 60min Aleksander Kvernevik), Alexander Hove (etter 89min Runar T. Aarsheim).     


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.