19.04: Seier i serieopninga mot Førde 2

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Apr 2009

Selje fekk ein god start i 4.div. opninga med 1-0 seier på kunstgraset i Førde. Selje scora etter 15min ved Endre Kupen.....

Selje kom best i gong, og var best i fyrste omgang. Etter 15min scora Endre Kupen kampens einaste mål frå 2-3meters hald. Målet kom etter eit godt angrep på høgresida, der Ole Andreas Solheim avslutta med å runde keeper og servere ballen på "sølvfat".

Selje hadde tre gode sjansar til i omgangen, men Førde hadde kanskje den aller største. Fortent leiing til pause.

Førde kom sterkare utover 2.omgang og Selje vart trykte bakover siste halvtimen. Selje hadde ein kjempesjanse etter 53min. der ein ikkje fekk ballen over målstreken. Endre Kupen ville ha straffe her, etter at keeper hindra han i det han la an til skot.

Gutane vart slitne utover kampen, seier Seljetrenar Idar Taklo. Han rosar heile laget for seieren. Selje stod godt i mot i presset siste halvtimen, og rodde i land seieren.  Alle la ned ein fantastisk jobb, seier Idar Taklo.

Dermed har Selje fått ein god start på årets sesong.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Andre Kupen, Andreas Teigen (85min Runar Nøstdal), Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Frode Nøstdal, Runar Aarsheim (75min Kristoffer Nøstdal), Aleksander Kvernevik (65min Espen Nøstdal), Endre Kupen, Werner Kupen.

Andre reservar: Joachim L. Træet, Anders D. Rekdal


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.