07.02: GJE EI GÅVE TIL "RISNAKKEN-PROSJEKTET"

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Feb 2009

Selje IL byggjer trapp/sti til Risnakken. Byggjinga starta i september og er i godt gjenge. Nærare 300 personar har alt prøvd starten av trappa/stien, og skrive namnet sitt i boka som er utlagt på den fyrste rasteplassen i traseen. No utfordrar vi private og bedrifter til å vere med å støtte dette flotte prosjektet ved å kjøpe trappetrinn.....meir info., les under

GJE EI GÅVE TIL ”RISNAKKEN-PROSJEKTET”

Selje IL byggjer trapp/sti til Risnakken. I prosjektet inngår også lys og tre rasteplassar. Det praktiske arbeidet med løypa vart oppstarta i byrjinga av september og er i godt gjenge. Alle er velkomne til å vere med på dugnad framover (tlf. 91329996 / 90202586).

Prosjektet har alt fått stønad frå Gjensidigefondet, Sparebanken Vest og Selje Sanitetsforening. Selje IL har også søkt om tippemidlar til prosjektet.

Vi treng no meir kapital for å realisere prosjektet. Vi utfordrar difor både private og bedrifter til å vere med og støtte dette flotte tiltaket ved å kjøpe trappetrinn. Pris pr. trappetrinn er sett til kr.250,-. Dersom t.d. ein familie kjøper fleire trinn, kan de gjerne skrive namna på kvart familiemedlem som kjøper trinn.

Kjøp trappetrinn og ver med på finansieringa av ”Risnakken-prosjektet”. Det er planlagt ei tavle ved starten av løypa med namn på alle bidragsytarar.

”Risnakken-løypa” vil verte ein ny attraksjon i Seljebygda, og bli til stor nytte og glede både for fastbuande og tilreisande.

Hjarteleg takk for di støtte!

Helsing Selje Idrettslag

- prosjektgruppa-

RISNAKKEN-PROSJEKTET

Kjøp av trappetrinn

........stk. x kr.250,- = sum kr…………….

Selje Idrettslag

”Risnakken-prosjektet”

6740 Selje

Innbetaling til kontonr: 3845.07.10374


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.