19.12: Selje-Florø 3-5

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Des 2008

Det vart tap for Selje-juniorane i kveldens kamp. Florø vann til slutt 5-3, etter å ha leia 2-1 ved pause.......

Selje mangla fleire spelarar til dagens kamp, bl.a. tre av dei som har spelt fast i forsvarsrekka hittil. Dermed måtte det gjerast rokkeringar på laget.

Florø kom best i gong og pressa veldig dei fyrste minutta, medan Selje ikkje fann formasjonane. Alt etter 5min scora Florø ved Erlend Vassbotten, og det såg ut som Florø skulle gå mot ein grei siger. Men Endre Kupen, som var tilbake etter ein månad på sjøen, ville det annleis. Han snappa ballen innanfor 16meteren og la den perfekt i hjørnet og dermed 1-1 etter 7min spel. Etter scoringa kom Selje stadig betre med i kampen, og det vart ein etterkvart heller jamnspelt omgang. Etter 39min var ein Seljeforsvarar uheldig på eit Florøinnlegg, og ballen skrensa i mål.

Berre 4 min ut i 2.omgang vart det sjølvmål igjen. Eit innlegg mot bakerste stolpe gjekk via ein Seljespelar og i mål. Men igjen kvitterte Selje raskt. Berre to minutt seinare fekk Selje corner. Aleksander Kvernevik raga høgast på innlegget og heada i mål. Dermed 2-3 og Selje var igjen med. Det neste kvarteret tok Selje heilt over og skapte fleire gode sjansar. Etter 59min spel, la Christian V. Sneide eit langt overlegg. Endre Kupen tok ned ballen på innsida av 16meterstreken og knalla den i motsett hjørne. Flott scoring! Endre Kupen var millimeter frå å gje Selje leiinga etter 62min spel. Eit knallskot traff innsida av stolpen og trilla langs målstreken og ut til cornerflagget.

Men Florø kom gradvis inn i kampen igjen, og etter 70min spel scora Erlend Vassbotten sitt andre for dagen med eit skot i hjørnet. Begge laga skapte sjansar resten av omgangen, men scoring kom ikkje før to minutt på overtid. Mads Hovland var sist på ballen og sende Florø opp til 5-3.

Honnør til gutane også i dag for god jobbing. Med litt meir tur kunne det blitt poeng også i dag. Også bra å sjå at fleire spelarar tek uvante roller på strak arm.

Seljes lag: Alexander Hovdevik, Joachim Refvik, Vidar Hagen, Runar T. Aarsheim, Saron Osmundsvåg, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Aleksander Kvernevik, Christian V. Sneide, Endre Kupen, Joachim L. Træet, Anders Rekdal, Alexander Hove, Susanne Vatnehol, Glenn-Inge Kvernevik.

PS! Takk til Per Kenneth Hovdevik som sporty steppa inn som dommar. Rett før kampstart viste det seg nemleg at Fotballkretsen hadde gløymt å sette inn erstattar, for oppsett dommar som hadde meldt sjukdomsforfall. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.