08.09: Suksess for Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Sep 2008

Heile 135 spelarar deltok på Selje Tine-fotballskule denne helga i flott sommarver. Fotballskulen vart svært vellukka, les under.... Det vil snart bli lagt ut bildegalleri frå fotballskulen...

Selje arrangerte Tine-fotballskule for 4.år på rad i helga med ny deltakarrekord. Spelarane kom hovudsakleg frå Selje, Stadlandet og Flatraket og var i alderen 7-15 år. Det var nesten like mange jenter som gutar som deltok.

Spelarane var delte inn i aldersgrupper 7-10 år og 11-15 år, i reine gute- og jentegrupper. I tillegg var 16 keeperar på eiga gruppe. Etter tekninsk trening med div. øvingar, vart begge dagane avslutta med turneringsspel. Midt på dagen fekk alle deltakarane servert lunch med baguett, frukt og Tine-produkt.

Ein ekstra spiss på premieutdelinga i år var at Geoff Watson, Manchester United, var til stades og delte ut diplomar til deltakarane ved avslutninga på søndag. I tillegg til diplom fekk kvar deltakar også Tine-ryggsekk og t-skjorte.

Fotballskulen vart gjennomført som planlagt og vart svært vellukka. Når ein i tillegg fekk flott sommarver, måtte dette bli ein suksess! Takk til deltakarane for fin innsats, og til våre ca. 35 instruktørar og andre medhjelparar som bidrog til eit vellukka arrangement. Velkommen tilbake til neste år!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.