09.06: Selje berga poeng på overtid mot Sogndal 2

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Jun 2008

Selje berga eit poeng på Fosshaugane Campus i kveld i Firdaligaen, då guttespelar Aleksander Kvernevik utlikna til 3-3 på overtid....... og Selje kunne juble for eit poeng på bortebane....

Selje kom klart best i gong. Alt etter 6 minutt gjekk Selje opp til 0-1 etter innlegg frå Endre Kupen, som midtstoppar Jon Aage Riksfjord sette pannebrasken på og klinka i nettet. Jon Aage har vore ute med skade i over ein månad og fekk ein pangstart på "comebacket".  Selje dominerte fyrste kvarteret, mot eit Sogndalslag som var nesten utan spelarar frå A-lagsstallen. Selje mangla på si side også mange spelarar i kveldens kamp, men dei som starta var skikkeleg på hogget, og ville gje alt for poeng.

Etter 21 min. skyt Atle Riksfjord hardt like utanfor. Berre eit minutt etter har Sogndal ein stor sjanse som burde gitt utteljing, men skotet går rett på keeper Tom-Øyvind Solheim.

Etter 30min får Selje ein ny kjempesjanse, men Werner Kupen mislukkast framfor mål. Sogndal har etter kvart kome meir inn i kampen, og utliknar etter 36min. spel. Oddbjørn Skartun forserer med ballen og skyt hardt og velplassert frå 16meteren og i mål, og dermed 1-1.

Werner Kupen får ein ny kjempesjanse etter 40minutt, kjem åleine mot keeper Karl Edvin Lysne, men får ikkje putta ballen i mål. Dermed er laga like langt og går til pause på 1-1.

Sogndal kom best i gong i 2.omgang. Alt etter 1 min spel vart det 2-1. Eit knallhardt skot må Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim gje retur på, og Kai-Henry Haugen set ballen i mål.

Etter 54min spel vert Kennet Honningsvåg felt innanfor 16meteren. Dommaren peikar korrekt på straffemerket, og Kennet set straffa sikkert i mål og 2-2.

Utover omgangen er det Sogndal som styrer det meste, men Selje er med i kampen. Etter 70minutt ein gedigen Sogndalsjanse, men Selje reddar på streken og får beina ballen ut. Sogndal jaktar leiing og køyrer hardt på framover. Etter 80 min lukkast Sogndal. Innbyttar Eilert B. Holme sklir ballen i mål frå 5meteren og sender Sogndal i føringa igjen.

Igjen ser det ut til at Selje skal gå på eit nytt eittmålstap, som så ofte før denne sesongen. Men endeleg er marginane med eit hardtkjempande Seljelag. Selje trykkjer voldsomt på i sluttminutta og kastar mange spelarar i angrep. Eit Seljefrispark vert slått inni feltet. I mølja framfor mål får innbyttar og guttespelar Aleksander Kvernevik foten på ballen, og klinkar den i nettet. Seljespelarane jublar vilt over scoringa, og like etter bles dommaren av kampen.

Seljetrenar Idar Taklo var glad for eit poeng på bortebane i kveld: "Selje var best og skapte mest i 1.omgang, Sogndal var best i 2.omgang, så alt i alt var poengdeling greitt. Sogndal var bevegelege og presise i pasningsspelet. Også vi lukkast med å halde i ballen og hadde bra presisjon i periodar. Vi spelar ein bra kamp med ein utruleg lagmoral og innsats over heile linja. Heile laget gjorde ein flott kamp, men skal eg framheve nokon så må det bli Kennet Honningsvåg, som var banens beste på Fosshaugane", seier Idar Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Kristoffer Hove, Jon Aage Riksfjord, Joachim Refvik, Runar T. Aarsheim, Kennet Honningsvåg, Atle Riksfjord, Ole Andreas Solheim, Werner Kupen, Endre Kupen.

Benytta reservar: 75min: Aleksander Kvernevik for Atle Riksfjord, 85min: Rikard Rekdal for Jon Aage Riksfjord, 90min: Roger Hamre for Runar T. Aarsheim.

Andre reservar: ingen    


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.