05.04: Selje - Gursken/Larsnes 9-2

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Apr 2008

Verner Kupen scora 4 mål......

Selje vann heile 9-2 i treningskampen mot Gursken/Larsnes, etter stillinga 4-2 ved pause. Gursken/Larsnes leia ei stund 1-0, men deretter var det Selje som var i støtet........ 

Gursken/Larsnes var på høgde med heimelaget i fyrste del av kampen, og tok leiinga 1-0 på straffe etter 10 min spel. Men då Selje utlikna etter 20min var det Selje som tok over......

Verner Kupen var på plass på bakerste stolpe, etter innlegg frå Endre Kupen og dermed 1-1. Etter 28min fekk vi kopi av fyrste scoringa. Endre legg inn og Verner er på plass igjen og 2-1 til heimelaget.

Berre to minutt seinare får Selje frispark nesten ute mot midten. Kennet Honningsvåg slår ballen hardt inn mot mål, ballen treff stolpen og sprett i ryggen på keeper og 3-1. 

4-1 til Selje etter 34 min. Trond Hamre spelar vegg og trer ballen igjennom til Verner Kupen som scorar sikkert. Selje dabba litt av dei siste minutta av omgangen og Gursken/Larsnes scorar på eit skot frå 16meteren etter 45min. Dermed 4-2 til heimelaget til pause, der Selje viste veldig bra offensivt spel utover omgangen.

Det var spelt 13min av 2.omgang då Verner Kupen scora sitt fjerde mål for dagen. Eit flott angrep der Ken Olav Kupen spelar gjennom Trond Hamre på kanten, som legg eit presist innlegg til Verner som scorar og 5-2. Etter 15 min er det duka for "dribleshow" av Endre Kupen, som legg på til 6-2. To minutt seinare er det Trond Hamre sin tur. Han får ballen med seg, brukar farten og set ballen til side for keeper og 7-2. Selje spelar "ball i hatt" med motstandaren i denne perioden. Etter 19 min går Selje opp til 8-2. Ole Andreas Solheim får ballen på 5meteren og scorar sikkert. Morsom fotball og fine kombinasjonar av Selje, med 4 mål på 6 minutt!

Sju minutt seinare får Selje straffe, men denne blir brent. Selje avslutta scoringsballet etter 35min. Trond Hamre kjem seg gjennom forsvaret og set ballen under keeper.  

Selje vann til slutt ein komfortabel seier med mykje fint spel offensivt. Gursken/Larsnes var godt med i periodar av kampen, men når Selje fekk opp balltempo og bevegelse hang dei ikkje med.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Runar Nøstdal, Andre Kupen, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsåg, Ken Olav Kupen, Endre Kupen, Verner Kupen, Trond Hamre.

Benytta reservar: Alexander Hove, Roger Hamre, Anders D. Rekdal

Dommar: Glenn Lunde 

Neste helg er det seriestart i Firdaligaen...................................... Selje-Fjøra, laurdag kl.14.00...........................


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.