29.03: God påmelding til aktivitetsleiarkurs i Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Mar 2008

Heile 11 av våre trenarar er påmeldt til aktivitetsleiarkurset i Selje. Kurset startar på tysdag 1.april kl.18.00-21.00. Deretter tysdag 8.april og tysdag 15.april. Det er framleis råd å melde seg på........Meir info., les under.....

Selje IL, Fotball er godt nøgde med påmeldinga til aktivitetsleiarkurset. Kurset er del 1 (av i alt 4 delar) av trenarkurs I. Sogn og Fjordane Fotballkrets har sett opp kursleiar Kåre Bakke til å gjennomføre kurset.

Datoar for aktivitetsleiarkurset er: tysdag 1.april, tysdag 8.april, tysdag 15.april.

Desse er påmeldt: John Kvernevik, Trond Grøttå, Ove Hoddevik, Annichen A. Grøttå, Wanja L. Husevåg, Odd Egil Hatlenes, Zoran Giljanovic, Merethe K. Aarsheim, Beate Hove, Susanne Vatnehol, Lena S. Krakereid.

NB! TA MED UTSTYR TIL Å VERE UTE. PRAKTISKE ØVINGAR PÅ KUNSTGRASBANA FRÅ CA.20-21.

Det er framleis råd å melde seg på.......!!!! Kontakt Selje IL, Fotball v/ Atle Solheim tlf. 99247687


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.