19.03: Åram/Vankam-Selje 3-4

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Mar 2008

Selje vann i kveld fortent 4-3 mot Åram/Vankam, etter å ha leia 2-1 ved pause. Kampen vart spelt på Åram-grusbane, pga. stort snøfall i Selje dei siste dagane.

Selje fekk ein pangstart på kampen. Allereie før halvminuttet var gått stod det 0-1 til Selje. 6-7 trekk enda med innlegg til Werner Kupen som scora. Etter 7min gjekk Selje opp til 0-2, etter ei kontring der Endre Kupen scora. Åram/Vankam reduserte til 1-2 etter 40 min.

Selje starta best også i 2.omgang, og berre etter 5 min. spel vart det 1-3. Kennet Honningsvåg scora med eit skot frå 16meteren. I det 57min av kampen scora Werner Kupen sitt andre for dagen, etter eit skot frå utsida av 16meteren.  Selje fortsette å skape sjansar. Men i staden for fleire scoringar, vart det unødvendige reduseringar i mot. Åram/Vankam reduserte to gonger, og på stillinga 3-4 og 6-7 min av kampen, vart det ny spenning. Men Selje rodde kampen i land og tok ein fortent seier, seier Seljetrenar Idar Taklo.

Seljes lag: Aleksander Hovdevik, Martin Hove, Jon Aage Riksfjord, Peter Bergesen, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Kai Arne Otneim, Kennet Honningsvåg, Ken Olav Kupen, Endre Kupen, Werner Kupen.

Benytta reservar: Andre Kupen, Trond Hamre, Aleksander Kvernevik.

Selje tek no påskeferie fram til 2.påskedag. Då tek Selje i mot Sandane kl.14.00.

Åheim-Flatraket skal også spele treningskamp på Selje Idrettspark 2.påskedag, med kampstart kl.16.00.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.