01.12: Junior vinterserie Skavøypoll-Selje 1-10

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Des 2006

Det vart storsiger til Selje i kveldens juniorkamp mot Skavøypoll. Kampen enda med heile 10-1 til Selje, etter 4-0 leiing ved pause.

Kampen var utsett frå sist fredag pga overflatevatn på Skavøypoll stadion. Heldigvis letta regnveret utover dagen i dag, og den utsette kampen kunne spelast som planlagt i kveld.

Selje mønstra heile 18 spelarar til denne kampen, der samtlege kom innpå og spelte ein halvtime eller meir. Dagens startoppstilling: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Rikard Rekdal, Martin Hove, Sindre Jørgensen, Tor Are Årvik, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Karl Erik Aarsheim, Håvard Nyheim, Runar Aarsheim. Innbyttarar: Per Egil Flataker, Endre Kupen, Vidar Hagen, Øystein Austring, Saron Osmundsvåg, Anders D. Rekdal, Kai Sindre Moldestad. 

Selje kom best i gong og allereie etter 4 minutt låg ballen i nota, etter at Karl Erik Aarsheim hadde sprunge frå Skavøypollforsvaret og scora. Same mann la på til 2-0, to minuttt seinare. Etter ein litt "roleg" periode, fekk Selje dampen opp igjen og "Kalle" Aarsheim sette inn sitt tredje mål og hat-trick etter 24 minutt. Berre to minutt seinare eit flott Seljeangrep, som vart avslutta med eit hardt innlegg frå Ole Andreas Solheim som Runar Aarsheim kontant sette i mål. Resten av omgangen skapte Selje nokre sjansar, men utan utteljing. Eit ungt Skavøypoll-lag hadde svært lite å by på framover i denne omgangen. 

I pausen bytta Selje halve laget. Etter 12 minutt fekk Per Egil Flataker kjempetreff frå ca.20 meter på ein retur og dermed 5-0. Berre to minutt seinare var Endre Kupen frampå og 6-0. Etter 24 minutt fekk Selje frispark frå ca. 25 meter. "Kalle" Aarsheim sikta inn og fekk fulltreff heilt oppe i vinkelen og dermed 7-0.

Utover 2. omgang kom Skavøypoll langt betre med framover og noterte seg blant anna for to stolpeskot og nokre andre store sjansar, men Seljekeeper Andreas Kvernevik varta opp med fleire fine redningar. Men etter 30 minutt lukkast det endeleg for heimelaget, og redusering til 7-1. Berre eit minutt seinare ny Seljescoring ved Endre Kupen og 8-1. To minutt seinare sette Per Egil Flataker inn si andre scoring for dagen og 9-1. Etter 37 minutt fekk Ole Andreas Solheim stjernetreff frå ca.20 meter og 10-1 til Selje.  Det kunne blitt endå fleire mål, men kampen ebba ut med ein solid Seljesiger.

Selje spelte ein bra kamp i kveld, der vi i periodar såg bra spel. Men trass i storsiger, var denne kampen ikkje så gjennomført god som mot Sandane.  

Selje har no for alvor blanda seg inn i tetstriden i juniorserien, og alt ligg an til ei spennande avslutning neste fredag på heimebane mot Eid. Fleire lag har sjansen til å stikke av med avdelingssigeren.  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.