19.11: Junior vinterserie Selje-Sandane 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Nov 2006

Mykje bra spel og ein strålande kamp av Selje i dag med siger 5-1 over Sandane, etter 2-0 ved pause. Ein skikkeleg lagsiger der alle gjorde ein flott innsats. Endre Kupen scora 4 mål.

Dagens Seljelag: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Martin Hove, Rikard Rekdal, Per Egil Flataker, Tor Are Årvik, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Håvard Nyheim, Thomas Jørgensen, Sindre Jørgensen, Vidar Hagen, Alexander Hove, Kai Sindre Moldestad, Kjell Omar Åhjem.

Før kampen var det venta at Sandane kom til å trekkje det lengste strået i dagens kamp, etter to klare sigrar så langt i vinterserien. Men Selje ville det annleis på kunstgraset heime i Selje. Heimelaget tok tak i kampen heilt frå avspark og før 10 minutt var spelt, hadde tverrliggjar og stolpe stått i vegen for scoring for heimelaget. Men etter 20 minutt lukkast det. Kennet Honningsvåg spelte flott gjennom Endre Kupen som scora sikkert. Berre to minutt etter fekk Thomas Jørgensen ballen på venstrekanten og frå skrått hald klinka han ballen i mål.

Selje fortsette å storspele utover omgangen og skapte fleire store sjansar. Sandane kom etter kvart betre med og skapte også nokre sjansar, men det var Selje som hadde overtaket.

Selje heldt fram med stor arbeidsinnsats og mykje bra spel også den fyrste delen av 2.omgang. Etter 11 minutt fekk Selje frispark på hjørnet av 16meteren. Endre Kupen la ballen nydeleg i motsett vinkel og dermed 3-0. I det 17 minutt la same mann på til 4-0 og hat-trick. Etter dette miste heimelaget litt av trykket, og Sandane pressa på dei neste 20 minutta. Edvin Øygard reduserte til 4-1 i det 20.minutt. Seljekeeper Andreas Kvernevik rykka ut og redda meisterleg nokre minutt etter, då det glapp i midtforsvaret til Selje og ein Sandanespelar kom åleine mot mål. Sandane hadde ein 100%sjanse til i denne perioden og Selje var heldige at Sandane ikkje kom inn att i kampen. Litt justeringar på Seljelaget gjorde at ein gradvis fekk kontroll igjen på kampen. Og i siste speleminutt la like godt Endre Kupen på til 5-1, etter ein keeperretur på frispark frå Kennet Honningsvåg. 

Ein kjempekamp av heimelaget der samtlege spelarar i troppen spelte og gjorde manns jobb. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.