"Det var ein gong..........." Ja, eventyret om Seljecup starta i det små i 1995 med berre nokre få lag. Men cupen voks raskt, og har i mange år vore den nest største utandørs-cupen i Sogn og Fjordane.

Det brukar å delta i overkant av 140 lag, 11-1200 spelarar frå ca. 40 klubbar, oftast frå Bergen i sør til Molde i nord. Vår svært populære cup brukar å bli fullbooka, og kvart år er det lag som har stått på venteliste og som dessverre ikkje kjem med.


Seljecup har hausta mange lovord opp gjennom åra for eit fantastisk arrangement. Noko av det som gjer cupen så populær, er at alt er samla i og omkring Selje Idrettspark. Andre moment som går igjen er m.a.: prikkfri kampgjennomføring, gode spelebaner, flott matservering, fine premiar og mange aktivitetar/ting å delta på.

Den vakre Seljebygda vert "sett på hovudet" desse dagane, då folketalet vert meir enn dobla. Vi takkar våre omlag 200 dugnadsfolk som er med og gjer dette til ein fantastisk fotballfest kvart år.

Hjarteleg velkommen til Selje og Seljecup!




Powered by: Bloc