Hovudturneringa med klasser frå 11-17 år er frå fredag-søndag (avslutning ca. kl. 14). Overnattande lag spelar ikkje kampar på fredag.

Mini-turneringa med klasser frå 6-10 år, går på søndag frå ca.14.30-18.30.


Miniklasser: G6, G7, G8, G9, G10, J6, J7, J8, J9, J10 (5-ar)

I miniklassane vert turneringa avvikla på søndag 11. juni. Alle laga spelar 3 kampar. Vi oppfordrar klubbane om å melde på reine minijentelag. For å gje eit best mogeleg kamptilbod kan einskilde klassar bli slegne saman, dersom antal påmelde lag tilseier det.

Sogn og Fjordane Fotballkrets si terminfesta mini-turnering, ”Kongleriket”, inngår som ein del av Seljecup 2017. Vi ynskjer også andre klubbar velkomne med minilag. Det har dei siste åra delteke totalt ca.55-60 mini-lag på Seljecup.


Klassane: J11, J12, G11, G12 (7-ar)

For overnattande lag vil kampane i utgangspunktet gå på laurdag og søndag, med totalt ca. 5 kampar. For ikkje overnattande lag vil kampane i utgangspunktet bli avvikla på laurdag med minst 3 kampar.


Klassane: J13, J14 ,G13, G14 (7-ar)

Etter innleiande kampar med gruppespel på laurdag, vert det sluttspel på søndag. Dersom mange nok lag vert det både A- og B-sluttspel.


Klassane: J15, J16/17, G15, G16/17 (7-ar)

Kampane vert i utgangspunktet spelt fredag kveld med avsluttande finalar. Dersom mange lag vert det både A- og B-sluttspel, og muligheit for kampar også på laurdag. Ved få påmelde lag kan det bli samanslegne klasser t.d. G15/16/17 og J15/16/17.

Powered by: Bloc