Velkommen til Seljecup 2017

Selje Idrettslag har for 23. gong gleda av å ynskje velkommen til vår tradisjonsrike og svært populære cup. Dei siste åra har det delteke ca. 140 lag med 11-1200 spelarar frå ca.40 klubbar, hovudsakleg frå Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Hordaland.

Kampar, overnatting, matservering og alle aktivitetar føregår i og omkring Selje Idrettspark. Ny og moderne kunstgrasbane gjev flotte speletilhøve. Kamptidspunkta vert så langt råd tilpassa reiseavstand og ynskje frå klubbane. Vi gjer merksam på at vi må sette ei øvre grense for kor mange lag som kan delta i turneringa. Det løner seg difor å vere tidleg ute med påmeldinga, ”først til mølla......”

Vi håpar på ein ny cupsuksess med mykje flott fotball, vennskap og glede. La oss alle hjelpe kvarandre til FairPlay både på og utanfor bana. Selje IL har i mange år hatt eit stort fokus på FairPlay. På bakgrunn av dette vart klubben både i 2012, 2013 og 2015 kåra til ”Årets FairPlay-klubb” i Sogn og Fjordane. Seljecup har også fokus på FairPlay, noko som vil vise igjen under cupen.


Velkommen til årets fotballfest i Selje!

Powered by: Bloc