Seljecup 2020 - andre opplysningar


  • Tradisjonsrik og populær cup, der det er lagt til rette for at både barn og vaksne kan kose seg. Overnatting, mat og alle aktivitetar er samla i og omkring Selje Idrettspark.
  • Flott kunstgrasbane gjev gode speletilhøve.
  • Cupdiskotek m/ DJ og karoke laurdag kveld, i Selje Samfunnshus og i kafeteltet. Gratis for alle med C-kort, andre betaler kr. 50,-.
  • Kiosk, kafe/serveringstelt og fruktsal. Grilling laurdag og søndag ettermiddag. Våre kokkar syter for framifrå matservering.
  • Eit rikhaldig program utanom kampane med ulike aktivitetar.
  • Selje har mykje å by på sommarstid som t.d. Seljesanden, Selje kloster, Vestkapp, Dragseidet med Olavskrossen, surfing i Hoddevik, fjelltur i merka turløyper, fiske, golf eller andre ting. Ta med familien, og sett av denne helga til eit besøk i kystperla Selje


Levert av IdrettenOnline