Handlingsplan Selje IL, FairPlay 2012

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Sep 2012

Selje IL har i mange år hatt eit sterkt fokus på FairPlay på alle nivå i klubben. I 2011 auka klubben fokuset endå meir, og utarbeida ein handlingsplan i 10 hovudpunkt. Denne planen har vorte revidert og vidareført i 2012. Sjå heile handlingsplanen under.....

Fair Play

Handlingsplan

Selje IL 2012


Innleiing/bakgrunn:

Selje IL har hatt fokus på Fair-Play i mange år. I 2011 auka klubben fokuset og bevisstgjeringa rundt Fair-Play endå meir, og var med i Sogn og Fjordane Fotballkrets sin Fair-Play-konkuranse.

Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre for spelarar, men alle som er involvert i fotballen, anten det er som trenar eller foreldre på sidelinja eller utanfor bana.

Fokus på Fair Play gjev klubben eit betre verdigrunnlag. Det gjev eit signal til medlemmar, lokalsamfunn og samarbeidspartnarar at klubben ynskjer å stå for positive og inkluderande verdiar. Dette er verdifullt i arbeidet med vidare utvikling av klubben.

Selje IL handlingsplan 2012:

1. Generelt:

Klubben skal ha eit generelt sterkt fokus på Fair Play på alle nivå. Klubben skal ha 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønska åtferd. Fair Play skal vere eit berande prinsipp på alle nivå i klubben. Selje IL skal vere ein klubb som blir oppfatta positivt.

2. Fair Play haldningskontraktar:

a) Det skal inngåast Fair Play-kontraktar med spelarar frå lillegut/lillejente og eldre.

m/ underskrift av spelar, trenar/oppmann, føresette.

b) Ved evt. brot på kontrakt, vert dette følgd opp av klubb i samråd med trenar/oppmann for laget.

3. Heimekampar/kamparrangement:

a) Kampvert med Fair Play-vest på alle heimekampar, både A-lag og aldersf. lag.

b) Fair Play helsing

c) Lage hyggeleg ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving (mottaking, servering osv.)

d) A-lagskampar: innmarsj der kapteinane på laga ber FairPlay-banner mellom seg. Leige inn assistentdommarar dersom mogeleg.

e) Fair Play-profilering på stadion og v/garderobe.

4. Bortekampar:

a) Følgje klubbens trafikktryggingsplan

b) Lag/spelarar opptrer iht. klubbens Fair Play-kontrakter

5. Inkludering:

Klubben skal legge til rette for at alle som ynskjer å spele fotball får tilbod og kan vere med. Like vilkår for gutar og jenter.

6. Synleggjering/profilering av Fair Play:

a) Fair Play logo på hjørneflagg (både 11-ar og 7-ar bane)

b) Fair Play oppslag/skilt på stadion, og FairPlay banner ved garderober

c) Fair Play flagg på stadion

d) Fair Play logo på drakter

e) Foreldrevettreglar oppslag på stadion

f) Sesonghefte skal innehalde info. om at Selje IL er Fair Play klubb, foreldrevettreglar m.m.

g) Kampprogram A-lag skal innehalde Fair Play logo og info.

h) Fair Play logo på nettside, og info. om Fair Play arbeid i klubben

i) Fokus på/info. om klubbens Fair Play-arbeid på lagleiarmøter, foreldremøter, årsfestar m.m.

7. Fair Play på Seljecup:

a) Foreldrevettreglar delast ut

b) Synleggjering/profilering av Fair Play ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion

c) Fair Play helsing kampar

d) Info. om Fair Play til deltakande lag, kampprogram m.m.

e) FairPlay-konkuranse i samarbeid med hovudsponsor Sparebanken Vest.

8. Fair Play på Selje Tine Fotballskule:

a) Synleggjering/profilering av Fair Play ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion

b) Info. om klubbens Fair Play arbeid

9. MOT:

a) Selje er ein MOT-kommune, og Selje IL samarbeider med MOT.

b) Eit aldersfastlagd lag gjer avtale om å bli MOT-lag i løpet av sesongen

10. Kåring av Fair Play spelar:

a) Årets Fair Play spelar på A-lag

b) Årets Fair Play spelar på kvart aldersfastlagd lag


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.