12.08: Selje-TornadoMåløy 2, 5-0

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Aug 2011

Selje tok sin andre storseier på rad, då dei fredag kveld vann heile 5-0 mot TornadoMåløy 2. Stillinga ved pause var 1-0 til heimelaget. Dermed har Selje fått ein flott start på haustsesongen og kapra 6 poeng på dei to fyrste kampane. Bildet: målscorarane Espen og Joachim og keeperdebutant Isak Gangeskar.

Heimelaget ville gjerne revansjere 5-1 tapet frå vårkampen på Refvika. Nye spelarar inn frå forrige kamp var, i tillegg til guttespelar Isak Gangeskar, Aleksander Kvernevik som var tilbake i Selje etter ein halv sesong på Sandane.

Selje tok bra initiativ i kampen frå start, og var frampå alt etter 4min då Joachim Refvik skaut, og Silviu Iacob putta returen i mål. Men scoringa vart annulert for offside. Berre to minutt seinare var Espen P. Aahjem åleine gjennom, men skotet gjekk på utsida av stolpen. Ny stor Seljesjanse etter 16min etter frispark.

Etter 20min lukkast det endeleg. Joachim Refvik kom gjennom forsvaret, og trilla ballen til Espen P. Aahjem som kunne putte ballen i mål frå 2-3meters hald. 1-0.

I det 27min ny kanonsjanse til Selje etter corner, då ballen gjekk i tverrliggaren og mølje framfor mål. Einaste store målsjansen til TornadoMåløy før pause var etter 33min, åleine mot keeper men ballen trilla like forbi stolpen. Etter 37min heldt Selje på å auke leiinga då Joachim Refvik skar inn i sekstenmeteren og skaut i stolpen og ut.

Selje kunne leia meir enn 1-0 til pause, men fekk raskt utteljing i starten av 2.omgang. Berre etter 2min vart det 2-0 då Joachim scora sikkert åleine med keeper etter framspel av Runar T. Aarsheim. Berre eit minutt seinare, i det 48min, vart det 3-0. Denne gongen var det Joachim som var nest sist på ballen, og Espen P. Aahjem trilla ballen forbi keeper og inn ved stolpen.

Neste halvtimen skjedde det ikkje så mykje, spelet bølga fram og tilbake utan dei heilt store målsjansane. Men etter 82min gjekk Selje opp til 4-0. Espen P. Aahjem scora sitt tredje for dagen, då han heada i mål frå kort hald. Nest sist på ballen var Joachim Refvik. I det 90min dribleraid inni målfeltet ved Joachim, og som greidde til slutt å få ballen over streken. Dermed 5-0 seier til heimelaget og stor stemning. 

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen P. Aahjem

Seljes lag: Isak Gangeskar, Jon Aage Riksfjord, Rikard Rekdal, Espen Nøstdal, Vegard Elde (Martin Grøttå frå 55min), Aleksander Kvernevik, Martin Hove (Joachim L. Træet frå 82min) , Runar T. Aarsheim, Silviu Iacob (Alexander Hove frå 73min), Espen P. Aahjem (Håvard Borgund frå 88min), Joachim Refvik


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.