13.05: Seljeseier 3-0 mot Eikefjord

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mai 2011

Selje vann i kveld 3-0 mot Eikefjord, etter å ha leia 1-0 ved pause. Også i denne kampen tok Selje tidleg leiinga, men i dag heldt det heilt inn. God laginnsats og godt keeperspel av Roy Lasse Torheim sikra tre poeng til heimelaget. Stor stemning etter kampslutt, då fyrste seier for sesongen var eit faktum.....meir om kampen under.....

Begge laga stod utan poeng etter to serierundar, men i dag ville iallefall minst eit av laga få poeng! Selje fekk ein god start som i dei to føregåande kampane, og gjekk opp til 1-0 alt etter 5min. Eit bra angrep på høgresida, med innlegg frå Kristoffer Nøstdal, vart flikka vidare i feltet og Martin Hove sette ballen i mål frå kort hald.

Etter kvart tok Eikefjord over banespelet og pressa på utover omgangen. Etter 15min stor sjanse, då ballen vart lobba over Seljekeeper Roy Lasse Torheim og like over mål. To minutt seinare kjempesjanse til Eikefjord med skot i stolpen og påfølgjande retur i tverrliggar og over. Etter 42min ny stor sjanse til bortelaget, men Roy Lasse redda flott. Mot slutten av omgangen kom Selje litt meir med, men var heldige som kunne gå til pause med 1-0 leiing.

Det var spelt berre 5min av andre omgang då Selje gjekk opp til 2-0. Fint angrep på venstresida, Joachim Træet la skrått ut til 16meteren, og Henrik Aaland sende ballen i hjørnet. 

Men Eikefjord fortsette å presse på, og var nær scoring i det 61min då ein angripar kom åleine gjennom, men Roy Lasse rykka ut og parerte begge skotforsøka og ut til corner. To minutt seinare var det Selje som hadde ein stor sjanse. Joackim Træet spelte Joachim Refvik åleine gjennom, men skotet gjekk rett på keeper. 

I det 70min varta Roy Lasse igjen opp med ei kjemperedning. Skotet frå sekstenmeteren såg Eikefjord i mål, men eit tigersprang av keeper og ballen vart stoppa heilt ute med stolpen. I staden for scoring til bortelaget, var det Selje som gjekk opp til 3-0 etter 73min. Eit frispark frå midtbana av Rikard Rekdal, vart slått høgt i retning mål. Joachim Refvik vann duellen i målfeltet og heada ballen over ein utrusande Eikefjordkeeper.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter denne scoringa miste Eikefjord litt av initiativet og trykket, og det var Selje som produserte dei fleste sjansane resten av omgangen. I det 75min skot rett utanfor frå 12-13meter av Joachim Træet. 79min og kjempesjanse for innbyttar Gaute Otnes, flott volleyskot frå 16meteren like over. 82min bra skot av Joachim Refvik inne i målfeltet, men rett på keeper.

Dermed ebba kampen ut med årets fyrste seier for heimelaget. Glede og stor stemning etter kampslutt då dei fyrste poenga var sikra. God laginnsats i dag av alle mann, med eit ekstra pluss til dagens Seljespelar Roy Lasse Torheim.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Roy Lasse Torheim

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Aleksander Beitveit (Tor Are Årvik frå 87min), Rikard Rekdal, Espen Nøstdal, Vegard Elde (Håvard Borgund frå 88min), Martin Hove, Henrik Aaland (Øystein Austring frå 87min), Joachim L. Træet, Kristoffer Nøstdal, Joachim Refvik, Martin Grøttå (Gaute Otnes frå 59min).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.