29.05: Årets fyrste Seljeseier!

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Mai 2010

Endeleg, i 7.serierunde, kom seieren........då Selje i dag vann fortent 5-3 på heimebane mot Årdal2, etter å ha leia 2-1 ved pause...................

I fjor gjekk Selje på sitt fyrste tap i 7.serierunde (1-0 tap mot Askv/Holmedal). I år vart det motsett, då Selje tok sin fyrste seier for året mot Årdal 2. Det var glede og stor stemning då Selje i dag endeleg tok sin fyrste 3-poengar. Så då passa det godt med feiande korpsmusikk i pausen av Selje skulekorps og Hyllestad skulekorps.......

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fyrste kvarteret skjedde det ikkje så mykje framfor måla, før Årdal2 scora i det 17.min på eit skot i hjørnet frå 11-12meter etter ein corner. Selje utlikna til 1-1 etter 23min. Alexander Corneliussen slo eit frispark høgt inni feltet frå midtstreken. Rikard Rekdal nådde den med hovudet og stussa ballen i mål. Selje hadde også ein stor sjanse nokre minutt seinare, då Frode Nøstdal skaut like utanfor stanga etter eit indirekte frispark innanfor 16meteren.

Selje gjekk opp til 2-1 etter 32min. Kristoffer Nøstdal fekk godt treff frå ca.25meter og ballen gjekk inni hjørnet. Nokre minutt seinare hadde Selje to kjempesjansar til å auke leiinga. Fyrst eit raid frå Gaute Otnes inni 16meteren der han avslutta og ballen trilla forbi keeper og på utsida av stanga. Severin Rokne dunka til eit framspel på volley frå 6-7meter, men ballen gjekk over. 

Severin Rokne hadde tre gode sjansar i løpet av dei fyrste 10 minutta i 2.omgang. Fyrst nestentreff frå 6-7meter på eit innlegg, så duell med keeper der skotet gjekk rett utanfor stanga, og til slutt då keeper skaut i kroppen på Severin så ballen gjekk rett til side for det tomme målet. 

Det var difor fortent då Selje auka leiinga etter 60minutt. Gaute Otnes følgde eit framspel og heada over ein utrusande keeper og i mål. På sutten av kampen "tok det heilt av" med mål. Etter 84min vart det 4-1, då Gaute Otnes skaut på keeper, og Severin putta returen i mål. Eitt minutt seinare auka Selje til 5-1. Gaute Otnes vart kreditert scoringa igjen i duell med keeper. To minutt seinare kunne Selje scora igjen, etter dobbelsjanse ved Joachim L. Træet og Severin Rokne. I staden "skrudde Selje litt av" siste minutta, og Årdal2 reduserte to gonger. Fyrst etter 88min og så etter 91 minutt. Bortelaget hadde faktisk eit par gode sjansar til på tampen av kampen, men det enda 5-3 til Selje.

Seljetrenar Idar Taklo var strålande fornøgd etter kampen. "Vi vann fortent. I dag stod gutane fram slik vi var einige om. Det var ein kollektiv lagseier der alle bidrog 100%. Vi fekk også i dag eit tidleg mål i mot, men vi kom heldigvis raskt tilbake. Derfrå og inn skapte vi sjansar og fekk utteljing. Eg synest vi gjorde ein god kamp. Synd vi fekk eit par mål imot på slutten, men i dag er vi berre glad for 3 poeng."

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Frode Nøstdal, Kristoffer Nøstdal, Snorre Kvalheim (Joachim L. Træet frå 54min), Rikard Rekdal (Alexander Hove frå 79min), Severin Rokne, Gaute Otnes (Victor H. Front, heimedebut, etter 86min).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.