Selje-Skavøypoll 1-2

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mai 2010

Det vart eit nytt tap på heimebane, då Selje tapte 1-2 mot Skavøypoll. Stillinga ved pause var 0-2....

 

Selje gjekk på sitt tredje heimetap for sesongen i lokaloppgjeret mot Skavøypoll. Kampen var viktig for begge laga trengde poeng, men det vart Skavøypoll som kunne juble for siger.

Seljetrenar Idar Taklo var naturleg nok skuffa etter eit nytt heimetap. "Vi låg under 2-0 ved pause, etter to scoringar imot der vi ikkje er med. I andre omgang ville vi verkeleg. Vi scora tidleg og reduserte til 1-2. Vi prøvde å trykke på, men greidde ikkje å skape all verden med sjansar. Det vart litt oppjaga utover omgangen når vi ikkje klarte å score. Nei, det ville seg ikkje for oss. Men vi lyt berre legge tapet bak oss og sjå framover, avsluttar Taklo.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Severin Rokne

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Severin Rokne, Runar T. Aarsheim (Saron Osmundsvåg), Gaute Otnes, Snorre Kvalheim (Kristoffer Nøstdal), Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.