10.10: Seljetrenar Idar Taklo før serieavslutninga

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Okt 2009

Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no
Selje har, uansett utfall i søndagens kamp, god grunn til å vere fornøgde med årets sesong. Vi har snakka med Seljetrenar Idar Taklo før serieavslutninga mot Saga i morgon....

Selje har god grunn til å vere fornøgde med sesongen, same korleis det går mot Saga i morgon, seier Taklo. Vi sikra 3.plassen sist helg, så årets sesong har vore ein suksess, uavhengig av om vi kaprar 2.plass og opprykk eller ikkje.

"Eg er heilt avslappa i forhold til situasjonen, men det hadde nok vore annleis om det var vi som var i førarsetet. Dette er ikkje i våre hender og eg trur at Sandane sikrar opprykket i morgon. Dei har levert så bra i haust at det vil overraske om dei feilar....... men i fotball kan alt skje", seier Taklo.

Vi må berre fokusere på vår jobb, og det er å gå for tre poeng mot Saga. Men vi veit at dette er ein vanskeleg bortekamp, for Saga har også vore sterke i haust.

Vi hadde eit svært vanskeleg utgangspunkt før årets sesong. Det var i forkant av sesongen stor usikkerheit om kva spelarstall vi ville få tilgjengeleg. Men viktige brikker datt på plass etter kvart, og vi gjorde ein vårsesong i overkant av dei forventningane vi hadde. I haust har vi nådd målsettinga om å ta endå fleire poeng og score fleire mål enn i vårsesongen. Vi har variert i kvalitet og prestasjonar i løpet av året. Det har hatt samanheng med kva spelarar vi har hatt disponible, og det at vi har mange spelarar som bur borte vanskeleggjer treningsarbeidet. 

Uansett korleis det går i morgon, vil vi som klubb vere kjempefornøgde med tredjeplassen vi har sikra, i staden for å vere misfornøgd med andreplassen vi ikkje fekk, seier Taklo.

Det er alltid kjekt å vinne fotballkampar, og vi håpar på ein ny seier mot Saga. Dersom så skulle skje at vi vinn og Sandane avgjer poeng, slik at det blir vi som rykkjer opp i Firdaligaen er det ei utfordring som klubben må ta. Men det får vi eventuelt ta igjen søndag ettermiddag, avsluttar Seljetrenar Idar Taklo.        


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.