24.06: Poengdeling mot Saga

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Jun 2009

Selje spelte i kveld uavgjort 2-2 mot Saga på heimebane. Selje skuffa stort og fortente ikkje meir enn det eine poenget.....

Etter tre bortekampar på rad med til dels bra prestasjonar, såg ein med forventning fram til heimekamp igjen. Men det skulle ikkje gå slik som ein håpa denne fine sommarkvelden.

Fyrste omgang var jamnspelt, og det var greitt at laga gjekk til pause på stillinga 2-2. Endre Kupen ordna fyrst 1-0 leiing etter 20min. Utlikninga kom berre 5 min seinare, ei lettkjøpt scoring som burde vore avverga.

Etter 45min vart Andre Kupen dytta i feltet etter ein corner. Dommar Ragnar Åmot peika på straffemerket. Straffa sette Endre Kupen knallhardt i hjørnet og 2-1. To minutt på overtid greidde Saga igjen å utlikne. Ei dårleg klarering og påfølgjande forsvarsarbeid, førte til eit noko heldig mål som burde vore unngått.

For dei som håpa på eit betre Seljelag i 2.omgang, vart grundig skuffa. Fyrste omgangen hadde vore svak, andre omgang vart ei katastrofe. Lite klaffa denne kvelden. Verken pasningar, bevegelsar eller innsats var som det skulle. Det stemte ikkje i nokon lagdelar og det kollektive samspelet fråverande. Saga vann mest duellar og ville mest utover kampen. Dei skapte etter kvart fleire bra sjansar, og det hadde ikkje vore noko å sagt på om dei hadde fått utteljing og teke med seg alle poenga heim.

På eit skuffande svakt heimelag var Endre Kupen bestemann. Keeper Tom-Øyvind Solheim rydda godt opp, og på midtbana var Ole Andreas Solheim hakket betre enn resten.

Selje har ny heimekamp neste onsdag kl.19.00 mot Førde 2. Då bør laget vise seg frå ei betre side enn tilfellet var i kveld.

Dagens Seljespelar: Endre Kupen

Tilskodartal: 89 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Martin Hove, Runar Nøstdal, Gaute Otnes, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Nøstdal (Andreas Teigen frå 70min), Runar T. Aarsheim, Espen Nøstdal, Andre Kupen, Endre Kupen.

Andre reservar: Anders D. Rekdal, Øystein Austring


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.