15.05: Ny seier for Selje på heimebane

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Mai 2009

Selje tok ein ny seier i 4.div i kveld, etter 3-0 mot Eid 2. Stillinga ved pause var 0-0 etter ein svak omgang......

Fyrste omgang var jamnspelt, og det var sjeldan farleg framfor måla. Selje skuffa og var verken aggresive eller fekk noko flyt i spelet. Dermed 0-0 til pause.

Selje kom langt betre i gong i 2.omgang. Alt etter 2min vart Werner Kupen riven ned i måfeltet og straffe til Selje. Straffa sette Endre Kupen sikkert i mål. Dei neste 15-20 minutta var Selje skikkeleg på hogget og spelte god fotball. Etter 10minutt var det klart for 2-0. Werner Kupen fekk fri bane mot mål og scora sikkert. Mange trudde at heimelaget no kom til å fosse på framover, men slik gjekk det ikkje. I staden kom Eid 2 etter kvart med i kampen igjen, men utan å skape dei heilt store sjansane.

Kampen såg ut til å gå mot 2-0, men i kampens siste minutt skaut Endre Kupen rett på keeper som gav retur. Der stod Andre Kupen på 6-7 meter og heada over keeper og i mål. Dermed 3-0 til Selje.

Trenar Idar Taklo var mest fornøgd med tre nye poeng, og med ein respektabel andre omgang. Ellers spelte ikkje Selje nokon stor kamp, men vann til slutt fortent, seier Idar Taklo. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Martin Hove, Andre Kupen, Andreas Teigen, Ole Andreas Solheim, Aleksander Kvernevik (Jon Aage Riksfjord etter 45min), Kristoffer Nøstdal, Runar T. Aarsheim, Werner Kupen (Anders D. Rekdal etter 88min), Endre Kupen.  

Andre reservar: Espen Sandviknes

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim

Tilskodarar: 142   


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.