03.12: Selje-TornadoMåløy 3-3

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2008

I ein jamn juniokamp på Selje Idrettspark tysdag kveld, vart sluttresultatet 3-3 mellom Selje og TMFK. Selje gjekk til pause med ei litt heldig 1-0 leiing, men TMFK kom tilbake.......

Selje gjekk til pause med 1-0. Kanskje litt heldig etter spel og sjansar. Debutant på juniorlaget Magnus Nore skaut via ein uheldig TMFK-keeper og i mål etter 36min.

Etter 51min utlikna TMFK på eit godt angrep. Joachim L. Træet sende Selje igjen i føringa etter 63min., etter at Ole Andreas Solheim fyrst hadde skote i stolpen og den påfølgjande returen vart sett i stolpen av Aleksander Kvernevik. Men TMFK kom raskt tilbake og utlikna til 2-2 etter 67min. Berre eit minutt seinare sørga Ole Andreas Solheim igjen for Seljeleiing etter fin heading over keeper.   

TornadoMåløy var fleire gonger farlege på dødball, og utlikna til 3-3 etter corner etter 75min. Selje hadde eit par store målsjansar på slutten av kampen, og kunne plukka med seg alle tre poenga. Men kampen sett under eitt var nok poengdeling eit greitt resultat.

Seljes lag: Alexander Hovdevik, Joachim Refvik, Alexander Wik, Martin Hove, Dan Robert Warberg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Christian V. Sneide, Aleksander Kvernevik, Joachim L. Træet, Alexander Hove, Magnus Nore, Susanne Vatnehol, Glenn-Inge Kvernevik, Espen Sandviknes, Håkon Eltvik.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.