29.11: Selje spelte 1-1 mot Eid

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Nov 2008

Juniorkampen Eid-Selje vart spelt fredags kveld på Selje Idrettspark p.g.a. stengt bane på Eid. Kampen enda 1-1, etter 0-0 ved pause......

Ei kraftig byge som la ned nokre centimeter snø midt på dagen og påfølgjande kaldare ver, gjorde at kampen "hang i ein tynn tråd". Men iherdig jobbing på bana med kosting i timane før kampstart, gjorde at kampen kunne avviklast som planlagt.

Kampen var forholdsvis jamnspelt, men i periodar hadde Eid ballen mest og skapte flest sjansar. Difor var nok Selje mest fornøgd med det eine poenget. Mot slutten av fyrste omgang hadde Eid to store målsjansar, men begge vart flott redda av Seljekeeper Espen Sandviknes.

Etter 10min i 2.omgang scora Eid, etter godt spel og skot i hjørnet frå 16meteren. Men berre nokre minutt seinare vart Runar T. Aarsheim lagt ned inne i straffefeltet. Kennet Honningsvåg sette straffa sikkert i mål, og dermed 1-1 etter 59min.

Kampen kunne bikka begge vegar, men med eit lite Eid-overtak i periodar. I det 74min var Selje centimeter frå scoring. Ole Andreas Solheim fyrte laust frå 30meter. Det knallharde skotet traff oversida av vinkelen.

Eid pressa på mot slutten av kampen og var nær scoring like før slutt. 4min på overtid trilla ballen like utanfor stanga. Men Selje klarte å halde unna, og sikra seg eit poeng. Ein fin kamp med mange gode juniorspelarar på begge laga.

Seljes lag: Espen Sandviknes, Vidar Hagen, Alexander Wik, Martin Hove, Dan Robert Warberg, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Aleksander Kvernevik, Christian V. Sneide, Joachim Refvik, Susanne Vatnehol, Joachim L. Træet, Alexander Hove, Glenn-Inge Kvernevik.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.