21.10: Selje-Heracles 4-2

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Okt 2008

Selje spelte vennskapskamp mot Heracles (Nederland) mandag kveld. Kampen enda 4-2 til Selje, etter 2-1 ved pause....

Sterk vind og store nedbørsmengder både før og under kampen, la ikkje nokon dempar på humøret på spelarane mandagskvelden, når eit blanda Seljelag (3.div og 6.div) møtte Heracles (4.div. amatørliga) frå Nederland. Dei nederlandske spelarane synest det var "facinerande" og likte den ville naturen på Vestlandet.

Før kampen hadde alle spelarane fått regnjakke med påskrift Selje (Norway) vs Heracles (Holland) 20.10.2008, ei gåve frå Ruud de Jong og laget hans. Etter innmarsj, lagbilder osv. starta kampen i ausande regnver.....men spelebana var fin og vi fekk ein fin vennskapskamp......

Kampfakta:

1-0    13min    Runar T. Aarsheim

1-1     19min    Ties Jaarsma

2-1    21min    Andre Kupen

3-1    46min    Runar T. Aarsheim

4-1    50min    Ole Andreas Solheim

4-2    51min    Gys Dickers

Dommar: Johnny Træet

Seljes tropp til kampen: Runar Nøstdal, Rikard Rekdal, Alexander Hovedevik, Espen Nøstdal, Kjell Omar Åhjem, Joachim Refvik, Martin Hove, Espen Sandviknes, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Werner Kupen, Anders D. Rekdal, Sindre Jørgensen, Andre Kupen, Saron Osmundsvåg.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.