04.10: Kaupanger-Selje 5-0

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Okt 2008

Selje måtte ha poeng i denne kampen, men det vart Kaupanger som vann ein klar siger med 5-0. Selje ligg dermed framleis sist i Firdaligaen, og er så godt som klar for nedrykk då Skavöypoll tok eit poeng i Årdal..... Kaupanger vann ein klar 5-0 siger, etter 2-0 ved pause. Kaupanger var effektive og scora, medan Selje heller ikkje denne gongen fekk utteljing på sine sjansar.På stillinga 2-0 til Kaupanger, bomma Selje på ope mål i starten av 2.omgang i ein bra periode. I staden gjekk Kaupanger i angrep og auka til 3-0, og dermed var kampen köyrt. Kaupanger skapte klart mest og vann ein heilt fortent siger. 

Etter at Skavöypoll tok eit sterkt bortepoeng i Årdal, er det no mest teori om Selje skal greie nest siste plassen. I så tilfelle må Selje vinne neste helg og Skavöypoll tape med nok mål. 

Seljes lag: Tom-Öyvind Solheim, Ken Olav Kupen, Alexander Wik, Frode Nöstdal, Joachim Refvik (Martin Hove etter 43 min) , Kennet Honningsvåg, Kristoffer Hove, Runar T. Aarsheim, Werner Kupen, Trond Hamre, Andre Kupen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.